Biblioteket og redningsplankane

Klassekampen og Morgenbladet har nyleg vekt bloggaren i meg. Det handlar om KKs reportasje 23. oktober om Deichman som møteplass for unge, men som blir rasert når meirope blir kutta i budsjettet. Og i MB Bernhard Ellefsens kulturpolitiske «manifest» ei veke seinare.

Biblioteket som møteplass, studiestad osv. er sjølvsagt relevant og viktig, men er det nok til å redde biblioteket – som bibliotek? 

Universitets- og høgskolebiblioteka har ei klar hovudoppgåve å sortere og levere kunnskap. For førti-femti år sidan, i den før-digitale tida, var det slik også for dei kommunale folkebiblioteka. Men for dei har det seinare handla om å kompensere på forskjellig vis for det sviktande utlånet av papirbøker. 

Biblioteket som møteplass har berre vore éin av dei forsøksvise “redningsplankane”. Biblioteket som studiestad ein annan. Universiteta i Oslo har “mista” hundrevis av studentar til stolar og bord i det nye, kule Deichman i Bjørvika, eit døme på kor viktig det er med arkitektur og sentral lokalisering. 

Og vidare: Biblioteka trudde dei kunne halde tritt med utviklinga av digitale medium, men forlagsbransjen, med hjelp av staten, har sett grenser for biblioteka når det gjeld tilgangen til e-bøkene og dei stadig meir populære digitale lydbøkene. 

For tjue år sidan satsa biblioteka sterkt på kvalitetssikra, handplukka kunnskapsportalar på nett, for å konkurrere med Google, men som kjent er kunnskapen i dag heilt overtatt av dei nettbaserte internasjonale konserna, no også av KI-ane deira. Snøgg levering er blitt mykje viktigare enn kvalitet. 

For ti år sidan skulle biblioteka bli offensive debattforum, men forsking viste at berre i nokre store kommunar har dei ressursar til dette. Enklare arrangement som foredrag og opplesing har auka bibliotekbesøket ein del, men på tjue år har likevel talet på dei i landet som bruker biblioteket gått ned frå 54 til 48 prosent. 

Det same med talet på bibliotek. Lova krev berre eitt bibliotek i kvar kommune, og det blir spanande å sjå kor mange av dei nye samanslåtte  kommunane som no kvittar seg med bibliotekavdelingar utanom det eine sentrale.

Korleis kan det ende? I Storbritannia, eit nesten-granneland med sterke kulturelle tradisjonar, har dei femten siste åra, med eit bastant høgrestyre, men ikkje ultrapopulistisk, redusert biblioteka sine driftsbudsjett med 18% og bokutlånet med 40. Kvart femte bibliotek er nedlagt. Frivillige lånarar har “redda” eit halvt tusen, men få av desse amatørdrivne boksamlingane har pengar til nytt innhald. Og andre bibliotek er reduserte til community hubs, det vil seie “kreative” samanslåingar av bibliotek med alt frå skattefuten til politiet (og då går biblioteket som uavhengig aktør fløyten, jf Merete Lie i kronikken i Klassekampen, også 23. oktober).

Det er ikkje tal på kor mange bibliotekfaglege og -politiske konferansar dei siste åra som har hatt biblioteket som demokratisk aktør som hovudtema. Men kva kjem det ut av det? I dei nasjonale bibliotekstrategiane som Nasjonalbiblioteket og departementet har stått bak, har demokrati vore sentralt, men forskarar har oppsummert at dei inneheld “ingen konkrete eksempler på hvordan bibliotekene skal gjennomføre dette, utenom generelle målbeskrivelser”. Kan vi håpe på ein forløysande augneblink under  “demokratiworkshopen” i regi av Norsk bibliotekforening på Litteraturhuset i Oslo 7. november?

I Morgenbladet denne veka vågar Bernhard Ellefsen å vere visjonær om kulturpolitikken over ni sider. Han skriv at “kulturpolitikkens reelle subjekt igjen [må] være folket. Det er effekten som må styre bruken av disse dyrebare kulturkronene”. Ikkje institusjonane. 

Ei ekstra utfordring er at det bibliotekfaglege miljøet er så lite at det ikkje når fram med krav og synspunkt. Det blir ofte “gløymt” i viktige samanhengar, til dømes i det nye dokumentet “Ytringsberedskap : Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte”, lagt fram 23. september av ingen annan enn bibliotekas eigen minister Lubna Jaffery. I den grundige gjennomgangen av 9 slag infrastruktur for ytringsfridom er biblioteket berre nevnt, nærmast i forbifarta, under “Kunst og kulturliv”. Ikkje eitt ord under “Språk, leseferdigheiter og leselyst”. Og ingen andre stader.

Men kan andre, utanforståande, forsøke å gjere noko med det? 

Konkret forslag: I kommunane før budsjettdebattane kan fagrørsla, minoritetsgrupper, interesseorganisasjonar osv ta Ellefsen på alvor og gå saman om å stoppe kutt på biblioteket. Og i neste omgang vere med på å utvikle det til ein verkeleg demokratisk ressurs.

Kor finst dei bibliotekpolitiske debattane?

Skjermdump frå Veggen på Bibliotekutvikling.no. I raudt, dato påført for dei nyaste innlegga.

Denne bloggen har sidan starten i 2006 vore eit forsøk på å starte debattar om bibliotekpolitikk. Eg auka aktiviteten særleg etter at Nasjonalbiblioteket i 2020 på arrogant vis presterte å ikkje berre leggje ned postlista biblioteknorge, der omlag 3000 bibliotektilsette var med, men i tillegg slette heile arkivet for all fremtid.

NB baud i staden inn til ulike tematiske forum på Bibliotekutvikling.no (krev passord), noko som skulle vere mykje betre og sjølvsagt moderne. Men når eg i dag, 23.11.2024, går inn på «Veggen» deira, finn eg to innlegg frå oktober som dei nyaste, elles to frå september og eitt frå juli og eit frå mai. Det nyaste innlegget i til dømes delforumet Litteraturformidling i folkebibliotek, som ein skulle tru var viktig og populært, er frå september 2023.

Tidsskriftet Bibliotekforum (NBF) blei nedlagt i 2014 og Bibliotekaren (BF) er redusert til «tre-fire» nummer i året.

Det finst FB-grupper, men i den største (?), Bibliotekarer i folkebibliotek (berre bibliotekarer kan bli medlem) er slett ikkje bibliotekpolitikk det som dominerer.

Men så er det vel spenstige debattar på fysiske samlingar; konferansar og seminar?

Men ein leiarartikkel i tidsskriftet Bok & bibliotek 29. oktober heiter Mangelen på meiningars mot blant tilsette i norske bibliotek. Her skriv redaktør Arne Olav Hageberg frå Biblioteklederkonferansen 2024: «Temaet var «Demokratiet – en tapt sak?», og frå scenen blei det presentert den eine utsegna etter den andre om bibliotek som demokratiske institusjonar avgjerande for ytringsfridomen. Alt dette snakket blir fort hult om dei tilsette ikkje sjølv har mot til å ytra seg».

Akkurat dette har vore eit hovudtema her på bloggen (bak taggen Demokrati finn du fleire ti-tals innlegg). Til dømes har eg referert …

Les mer «Kor finst dei bibliotekpolitiske debattane?»

Arendalsveka og kulturfokus nummer ørten B

Kommandosoldatar eller vindaugspussarar på Deichman i Bjørvika i dag?

Plutselig ble «beredskap» kulturlivets favorittord er overskrifta til Sigurd Lamark i Morgenbladet fredag (i papirutgåva er tittelen «Kunst og et eller annet med krise»). Og jamnt over like ironiske er dei to fulle avissidene frå den kulturpolitiske delen av Arendalsveka. Med god grunn.

Det kulturpolitiske temaet i år var beredskap. Eg skal gjere pina kort ved å sitere ein ikkje ironisk, men faktisk ærleg, tidlegare statssekretær i kulturdepartementet, Emma Lind (V): «Hun har over tid sett hvordan kulturpolitiske debatter skifter fokus, forteller hun på gaten utenfor debattlokalet. – Man opplever vel at man må gjøre seg selv relevant, på godt og vondt. Hvis man kaller kultur næring, får man næringspolitikere til å komme. Det samme gjelder for inkludering, eller klima. Så at man nå kaller kultur beredskap er vel kanskje en måte å få oppmerksomhet på?»

For to år sidan kom eg med ein lovnad her på bloggen, men som eg enno ikkje har innfridd. Under tittelen Bibliotekpolitikkens uuthaldege lettheit skreiv eg: » … i mange år har eg ergra meg over, men også late meg fascinere av, kor vilkårleg utviklinga har vore av den nasjonale bibliotekpolitikken. Så ein vakker dag skal eg lese på ny alle dei gamle NOU-ane og stortingsproposisjonane osv. og lage ein statistikk over kor mange forslag og fromme ønske som ikkje blei noko av. Og kor mange idear ulike regjeringar ikkje eingong gad å kommentere». 

PS 1: Kan arrangørane i Arendal ha hatt eit auge til svenskane, som for fem år sidan innlemma biblioteket i «totalförsvaret»?! Der ei riksavis tok steget vidare og introduserte «kulturkrigen». Les også Mikael Böök sine kommentarar der. Har vi høyrt noko meir om dette fokuset seinare? Ja, faktisk. Ei Facebookgruppe har dei, der det skjer ein del. Og apropos denne forma for beredskap, les på Nrk.no i dag og tenk attende på våren 2020.

PS 2: Og så kjem Morgenbladet sin eigen Bernhard Ellefsen i kveld med nærmast ein replikk til kollega Lamark. Så var det ikkje så enkelt likevel.

Bibliotekpolitikkens uuthaldege lettheit

Dette er berre eit hjartesukk ein uggen søndagskveld i desember, men kanskje starten på noko meir. For i mange år har eg ergra meg, men også late meg fascinere av, kor vilkårleg utviklinga har vore av den nasjonale bibliotekpolitikken. Så ein vakker dag skal eg lese på ny alle dei gamle NOU-ane og stortingsproposisjonane osv. og lage ein statistikk over kor mange forslag og fromme ønske som ikkje blei noko av. Og kor mange idear ulike regjeringar ikkje eingong gad å kommentere (Øivind Frisvold gjorde grunnarbeidet i boka «Kunnskap er makt» i fjor).

Til dømes «Skredeutvalet» sin NOU frå 1991, med slett ikkje uambisiøse idear om folkebiblioteka som kunnskaps- og informasjonssentralar (då var informasjonsdatabasar det heilt store, og mange ante at noko ville skje, sjølv om WWW blei ei overrasking to-tre år seinare). Men ballademinister Åse Kleveland torpederte heile utgreiinga i kulturmeldinga året etter, for folkebiblioteket skulle vere litteratur og kultur, basta! (det positive var at også Skrede-forslaget om å lette på gratisprinsippet stranda).

Og ta det store prosjektet på starten av tusenåret, utgreiingane rundt «Bibliotekreform 2014». Landets ypparste bibliotekhovud m.fl. sa der at konsolidering, samanslåing, var løysinga. Men fagmiljøa blei både forvirra og tvilande, og då det etter kvart kom ei bibliotekmelding, var ideen og utgreiinga knapt nok nemnd.

Kvifor blei dette ei sak på bloggen akkurat i dag? Jo, det kom eit nytt nummer av Museumsforum med artikkelen «Museumsreformen. Kultivering, konsolidering og konflikt» (men først seksten år etter at ei museumsevaluering blei etterlyst i bibliotekmiljøet). Artikkelen inneheld mangfaldig kritikk av dei mange museumsfusjonane som faktisk blei gjennomførte over heile landet.

Neste bibliotekutgreiing blir vel ved hjelp av AI. Kanskje like greitt; det kan vanskeleg bli verre enn til no.

Kva kanoniserer vi og kvifor?

Mindre skjærgårdsidyll, takk!

Utan den aller minste fare for å krenke nokon her i landet 😜, lenker vi til ein pågåande kulturdebatt i eit visst granneland, der det førebels siste innlegget er av forleggjaren Pelle Andersson.

P.t. kan debatten oppsummerast med dette: «Varför firas en romanmidsommar alltid i ett pittoreskt sekelskifteshus vid en brygga i Stockholms skärgård, på Gotland eller Lysekil? Jo, för det är medelklassens vardag och dess drömmar som ska målas upp. Det är då det säger ”katsching” på Bokus eller Storytel. Och ja, det är med största sannolikhet för att det är medelklassens kvinnor, kulturtanterna, som köper böckerna i det här landet». 

Bibliotekarane går heller ikkje fri. Og det er slett ikkje berre kulturgubbar som Andersson som meiner slikt i denne debatten.

PS 1: Pelle Andersson var forresten «i bla’» ved juletider også, i Dagens Nyheter, med innlegget «Åtta problem för kulturministern att lösa i bokbranschen». Dette er bak betalingsmuren, men vi har registrert at tiltak nummer 4 heiter «En rejäl satsning på biblioteken» (vil vi oppleve at bibliotek blir eit tema i utgreiinga av ei ny, norsk boklov?).

PS 2: Bloggaren hugsar også Pelle Andersson frå boka «Den nya kulturrevolutionen», der han og Jesper Lindau tillot seg å verkeleg filleriste den nye, marknadsorienterte kulturpolitikken i heimlandet. Med avslørande døme på kommersialisme, stormannsgalskap og elitisme då Stockholm var Europas kulturhovudstad i 1998.

Ny bibliotekpolitikk?

Anette Trettebergstuen. Foto: Arbeiderpartiet (CC BY-ND 2.0)

Tidsskriftet Bibliotekaren nr. 4 (blir etter kvart å sjå her) har eit større intervju med kulturminister Anette Trettebergstuen. I tillegg til boklova, som dei alt er i gang med, lovar AP-ministeren ein snarleg avløysar for den borgarlege bibliotekstrategien frå 2020, ein leselyststrategi og nytenking om innkjøpsordninga med tanke på sakprosaen.

Men øyremerkte statstilskott til bibliotek avviser ho, som alle før henne. Og meir beintfram enn forgjengarane prioriterer ho kulturen lågare enn skolen og helsestellet: «Derfor må kommunene settes i stand til å prioritere kultur».

Dette kan bli meir spanande enn vi har godt av.

Nokre vil hugse lovnaden til AP og SV rett etter stortingsvalet: «Den kulturelle grunnmuren skal styrkes over hele landet, i tråd med anbefalingene fra det såkalte Enger-utvalget i 2013». Men den klart mest forvitra biten av grunnmuren var ingenting anna enn biblioteket, og Enger & co. kravde tøffe tiltak og meinte styresmaktene måtte vurdere øyremerking.

Bladet intervuar også Erling Bergan, avtroppa redaktør for bladet og mangfaldig aktivist. Han har sett mange spor etter seg, og du kan framleis donere til det medisinske biblioteket «hans» i Gaza!

«- Dermed kan både kunstnere og biblioteker forvente et solid løft»

Slik heiter det i ei etter-stortingsvalet-sak på kultursidene i Klassekampen i dag. Denne sjølvsikre lovnaden blir konkret knytt til to kulturpolitiske storhendingar, får vi inntrykk av, frå den førre raud-grøne perioden:

«Etter åtte år med blå kulturpolitikk lover SV, Sp og Ap å følge opp løftene fra Kulturløftet 3: Den kulturelle grunnmuren skal styrkes over hele landet, i tråd med anbefalingene fra det såkalte Enger-utvalget i 2013».

Ein skal helst ikkje jakte på negative poeng når noko så positivt har skjedd som dette regjeringsskiftet, og når folk som Freddy André Øvstegård (SV) og Anette Trettebergstuen (Ap) uttaler seg om kultur- og bibliotekpolitikk. Men i samanheng med Kulturløftet 3 og Enger-utvalet skjedde det faktisk ikkje noko særleg i raud-grøn regi. I alle fall ikkje for folkebiblioteka:

Den omtalte kulturelle grunnmuren til Enger-utvalet var ingen annan enn folkebiblioteket. Men i «Kulturutredningen 2014», som namnet var, var biblioteket også den store taparen på kulturfeltet under dei to første «kulturløfta» til dei raud-grøne mellom 2005 og 2013. I kontrast til gode løft på dei fleste andre kulturområda. Enger & co. kravde tøffe tiltak for biblioteka og meinte styresmaktene måtte vurdere øyremerking.

Men då underteikna (som dåverande journalist for NBF) intervjua APs kulturminister Hadia Tajik under lanseringa av rapporten, avviste ho bryskt at øyremerkt statstilskott var aktuelt (dessverre forsvann dette intervjuet frå NBF-sidene, saman med det meste anna «eldre» innhald, i samband med ei minimalisering av nettstaden for nokre år sidan).

Det heiter vidare i Klassekampen at «Etter den rødgrønne valgseieren er kulturlivets forventninger skrudd i taket». Men det stemmer ikkje særleg godt med valprogramma frå i år. I alle fall ikkje for folkebiblioteka sin del.

Kulturvalkampen! – i 2004-5 …

Frå debattmøtet 1. september 2005

Mange… i alle fall nokre lesarar av denne bloggen hugsar godt stortingsvalkampen i 2005 då noko av det mest drivande som skjedde, og klart det første (over eitt år før valet!), var det raud-grøne kulturløftet! AP, SV og SP samla seg om minst 1 prosent til kultur, pluss femten punkt med skriftlege lovnader, jamfør Ny Tid (på partinettstadene slettar dei historikken ved at dei lar det nye og gjeldande avløyse alt det tidlegare. Fleire slettar det også i Internet Archive, sjå til dømes AP. Historielaust og flautt, men kanskje valkamptaktisk lurt …).

I dei femten punkta deira var ikkje biblioteket å sjå, men på Nasjonalbiblioteket var det 1. september 2005 eit ope konfontasjonsmøte med kulturminister Svarstad Haugland og regjeringspartia, der også biblioteket blei tatt opp.

Underteikna var då journalist for NBFs nettstad og skreiv om dette. NBF har også sletta det meste «gamle», etter ei full minimalisering av nettstaden, men med litt strev finn vi det i alle fall på Internet Archive: 1.9.: «Valgjerd utset ABM-lovnadane til 2014» og «Kulturkameratane” reagerer på Svarstad Haugland».

I valkampen i år oppsummerer samfunnsforskarar til avisa Vårt Land 9. september blant anna at: «– Kultur er et lite politikkfelt, det er små penger. I en valgkamp der alle spisser temaene veldig, er det ikke så overraskende at kulturpolitikk ikke er med. Andre små områder er også lite framme, … . Han [Ola K. Berge ved Telemarksforskning] tror det vurderes som dårlig valgtaktikk å gi seg inn i en kulturdebatt. Den passer heller ikke inn i det han kaller medienes strømlinjeformede valgkampnarrativ. Grovt tegnet mener han det kulturpolitiske skillet går mellom Fremskrittspartiet og de andre. – Områder med så stor enighet er vanskelig å spisse». 

Biblioteket i valprogramma – om du lurte

På bloggen har vi gått gjennom valprogramma, men med atterhald om at noko kan mangle, for ikkje alle partia har presentert tydelege stortingsvalprogram i form av eitt dokument.

Som for fire år sidan er det mykje innslåing av opne dører. Folkebibliotek er no blitt ei så eksklusivt kommunal oppgåve her i landet (til skilnad frå bl.a. Sverige), at rikspolitikarane har mista interessa (éitt av fleire prov på dette er at i denne valperioden har Kulturkomiteen på Stortinget hatt berre éi – 1 – biblioteksak på kartet).

Dårleg motiverte som vi altså er til å kommentere desse dokumenta, avgrensar vi oss til å nemne at vi ikkje fann eitt ord om bibliotek i Høgre sitt program og at AP har eit punkt om at meiropne bibliotek skal utviklast til aktive møteplassar. Altså ei reversering av alle «meirope» til bemanna bibliotek?!

Men her kjem dei i alfabetisk rekkjefølgje:

Les mer «Biblioteket i valprogramma – om du lurte»