Utan den aller minste fare for å krenke nokon her i landet 😜, lenker vi til ein pågåande kulturdebatt i eit visst granneland, der det førebels siste innlegget er av forleggjaren Pelle Andersson.
P.t. kan debatten oppsummerast med dette: «Varför firas en romanmidsommar alltid i ett pittoreskt sekelskifteshus vid en brygga i Stockholms skärgård, på Gotland eller Lysekil? Jo, för det är medelklassens vardag och dess drömmar som ska målas upp. Det är då det säger ”katsching” på Bokus eller Storytel. Och ja, det är med största sannolikhet för att det är medelklassens kvinnor, kulturtanterna, som köper böckerna i det här landet».
Bibliotekarane går heller ikkje fri. Og det er slett ikkje berre kulturgubbar som Andersson som meiner slikt i denne debatten.
PS 1: Pelle Andersson var forresten «i bla’» ved juletider også, i Dagens Nyheter, med innlegget «Åtta problem för kulturministern att lösa i bokbranschen». Dette er bak betalingsmuren, men vi har registrert at tiltak nummer 4 heiter «En rejäl satsning på biblioteken» (vil vi oppleve at bibliotek blir eit tema i utgreiinga av ei ny, norsk boklov?).
PS 2: Bloggaren hugsar også Pelle Andersson frå boka «Den nya kulturrevolutionen», der han og Jesper Lindau tillot seg å verkeleg filleriste den nye, marknadsorienterte kulturpolitikken i heimlandet. Med avslørande døme på kommersialisme, stormannsgalskap og elitisme då Stockholm var Europas kulturhovudstad i 1998.
Leave a Reply