Let’s roll!

Dette berre for å minne om den såkalla blogroll-en nede til høgre på bloggen. Altså lenker til nettstader vi har samla på i nokre år, med innhald som lesarane av denne bloggen truleg kan ha nytte og glede av. Vi ser no at nokre har mest berre historisk interesse.

Slik ser starten på lista ut >>

Det uavhengige biblioteket

Tenk over denne tittelen. Er folkebiblioteket faktisk avhengig av noko eller nokon? Kva i all verda skal biblioteket trenge å lausrive seg frå?

Så kan du lese eitt eller fleire av dei 89 blogginnlegga vi har knytt denne kategorien til. For dette innlegget tilhøyrer den faste spalta kvar tysdag der vi forsøker å presentere bloggen som eit oppslagsverk! Vi pleier også å la vekas kategori bli representert ved eit utvalt innlegg. Det blir eit innlegg frå 2016 der vi, saman med blant anna Mariann Schjeide, R. David Lankes, Joseph Good og Mikael Böök, stilte det (leiande) spørsmålet (og svarte): «Det nøytrale biblioteket? Ja – og nei!».

Bloggen som «oppslagsverk»

Elles utan samanlikning: Arbeidernes leksikon. Utg. 1932-36.

Frå og med i dag skal vi kvar tysdag presentere éin av kategoriane eller stikkorda som er knytte til innlegg her på bloggen (ei tid tok vi lett på dette, derfor er mange berre blitt «Uncategorized», men det er eit par år sidan no). Denne tysdagen er temaet Litteraturformidling! (i bloggens ånd ikkje så mange detalj-tips, men viktig nok). Og som reprise-innlegg i denne kategorien vel vi «Nyklassisisme frå Jotunheimen», frå februar i fjor.

De finn ein sky med eit utval (truleg dei mest brukte) av dei 144 kategoriane her nede til høgre. På toppen av høgre kolonne har bloggen også ein intern søkemotor som omfattar heile innhaldet, men hugs då at berre dei siste to åra har språket vore nynorsk.