Archive for ‘Dødsfall’

januar 26, 2021

Geir Vestheim er død

Tidligare professor Geir Vestheim ved Bibliotekshögskolan i Borås og Universitet i Sørøst-Norge fall om og døde under ein skitur 4. januar, 74 år gamal. I ein nekrolog i avisa Varden heiter det korrekt at «Han regnes som sentral i oppbyggingen av et norsk – og nordisk bibliotekforskningsmiljø på 1990-tallet». Boka hans frå 1997, «Fornuft, kultur og velferd : ein historisk-sosiologisk studie av norsk folkebibliotekpolitikk» var den første og til no grundigaste kritiske analysen av dette emnet, og ho er noko av det vi har sitert mest frå på denne bloggen.

Lokalhistoriewiki kan vi lese at han tok «cand.philol.-graden ved Universitetet i Oslo og seinere fil.dr.-graden ved Göteborgs universitet. Han var ansatt ved Elverum videregående skole, Østlandsforskning, Høgskolen i Hedmark på Rena, Högskolan i Borås og Göteborgs universitet før han ble ansatt ved Høgskolen i Telemark på Bø. Her jobbet han i omlag ti år; samme periode som institusjonen ble en del av Høgskolen i Sørøst-Norge. Hovedfeltet til Vestheim var forskning på kulturpolitikk».

Underteikna hadde gleda av å samarbeide med han blant anna om jubileumsboka om Statens bibliotektilsyn i 1999. Geir Vestheim var fødd på Eidskog og var ein stor kjennar av litteraturen i Hedmark frå 1900-talet, blant anna Hans Børli og Alf Prøysen. Dei fleste bøkene og artiklane skreiv han på eit velformulert og levande austlandsk nynorsk som har inspirert blant anna denne nynorskkonvertitten.

mars 15, 2019

Live Slang er død

11. mars var det slutt for bibliotekaren, journalisten, forlagsredaktøren og pådrivaren Live Slang, etter kort tids sjukdom. Etter fleire års samarbeid i ulike samanhengar kan vi seie at ho var eit av få menneske vi har hatt berre positive erfaringar med. Men ikkje fordi ho var av den «runde» typen, Live var klok og handlekraftig.

I biblioteksamanheng var den viktigaste innsatsen hennar redaktørjobben i Bok og bibliotek i nesten seks år, frå nummer 6, 1986, til nummer 2, 1992, med permisjon det året ho redigerte den viktige bokserien «Århundrets bibliotek». Bok og bibliotek hadde fram til då vore statleg «korrekt», typisk for den tida, med Statens bibliotektilsyn (SB) som utgjevar, direktøren som ansvarleg redaktør og konsulentar i SB som utøvande. Men Live var det som starta rørsla i retning av redaksjonell oppfrisking, ubunde redigering og tilslutting til Redaktørplakaten.

Denne redaktørgjerninga er ikkje nemnt i nekrologen i Klassekampen i dag. Der kan vi i staden lese at ho jobba i «Bibliotekforeningen», noko som må vere feil. I Norsk Bibliotekforening står likevel ein stol ledig etter henne i utvalet deira for litteraturpolitikk.