Det US-amerikanske tidsskriftet Library Journal har ein artikkel nyleg om at «Libraries Fight Misinformation on Coronavirus». Og det er sjølvsagt interessant, men denne gongen skal det på bloggen handle mest om ein metode og ein type arrangement : Civic Lab. Dette er i slekt med «debattbiblioteket» og litt med BTS, det opprinnelege temaet for denne bloggen.
I Skokie, Illinois, ein by med 60 tusen innbyggjarar, har biblioteket i nokre år hatt denne typen arrangement dei kallar Civic Lab. Ei arbeidsgruppe på ti tilsette frå alle avdelingane i biblioteket overvaker jamleg nyheitene og spør folk kva dei er opptatte av, og så arrangerer dei labs om desse tema. Dette er ikkje berre møte med samtalar, men her kan folk kome med …… spørsmål til temaet på førehand. Dette kan dei gjere til bibliotekarar på ein stand i bibliotek eller skrive spørsmål på eit whiteboard. Og det høyrer alltid med handouts, brosjyrar, der civic lab-gruppa orienterer kort om temaet og kva for spørsmål som vil bli handsama, og ikkje minst eit handpukka utval annoterte lenker til aktuelle artiklar og bøker.
Til dømes: 26. februar, før stenginga av biblioteket, rakk dei å ha ein lab om koronaen. Då var det to handouts: What You Should Do During Disease Outbreaks og Coronavirus.
Men 2. april blei det digitalt; nemleg ein «Civic Lab Chat» på Twitter med taggen #CivicLabChat: COVID-19 Information and Misinformation.
Leave a Reply