februar 28, 2021
I Fredriksstad Blad har biblioteket fast tips-spalte. For ei veke sidan var tipset noko vi har venta på (men kanskje finst dette fleire stader allereide?): Under overskrifta «Når du er lei av de største strømmetjenestene» heiter det: «Fjernlånstjenesten www.bibsok.no er en helt fantastisk side å bruke for å finne diverse filmer som ikke er å få tak i via de største strømmetjenestene». Til dømes har bibliotekar Stig Kaino søkt, tinga og fått sjå alt han har ønska seg av gamle samuraifilmar.
Det var noko sånt vi etterlyste for snart tre år sidan: «Kan biblioteket redde kvalitetsfilmen i Norge?». Rett nok vil DVD-ane og BD-ane bli utslitne etter kvart og vanskelege å erstatte. Og det same med spelarane til folk. Men med så mykje film som framleis finst rundt på norske bibliotek, har vi ikkje råd til å ikkje tilby dette.
Og vi gjentar oss sjølve: Det einaste vi treng no er ein litt attraktiv plakat og tilsvarande delebilde. Kven fiksar dét?
Posted in Filmformidling, Fjernlån |
Leave a Comment »
april 17, 2020
I slutten av mars siterte vi Rushprint på at biblioteket ville bli «den nye kinoen» når bibliotektenesta Filmoteket kom på plass i april. No er det april, og blant anna på biblioteket Sølvberget i Stavanger er dei i gang. Det er no rundt to hundre filmar i basen, men «Innen utgangen av 2020 er det minimum 1000 filmer tilgjengelig», skriv dei på heimesida til Filmoteket.
Først då bør vi nok avseie dommen om utvalet av filmar. Men per i dag er det så ymse. Sjølvsagt må det vere ein del klassikarar i eit bibliotektilbod, og sånt som er blitt heitande «drama». Både for vaksne og barn. Men ein del USA-produsert «moderne B-film» finn vi også her, slike ein aldri ser på norsk kino, slike som for tjue-tretti år sidan berre kom i videosjappene og som i dag berre kjem på strøymetenestene (dei kommersielle). Men her trengst det betre analysar når det har gått ei tid. Samanlikningar med Netflix, Apple osv. hadde vore interessant, ikkje av volum, men sjanger og kvalitet.
PS 17.4. kl 14.56: Vi fekk ein kommentar privat om at vi ovanfor var for negative til utvalet. Etter å klikka på lenker i Filmoteket til basen IMDb står vi att med ein god del for oss ukjende filmar med 7 «stjerner», som er bra, men også fleire med 6, 5 og heilt ned i 4.
Men til ein viss grad er dette endå ei …
read more »
Posted in Det digitale biblioteket, Filmformidling, Uncategorized |
4 Comments »
mars 27, 2020
«Gi bibliotekene enda større ansvar for norsk film». Dette er overskrifta til ei sak på Rushprint i går. Utgangspunktet er at kinoane er stengde og at «på de kommersielle strømmetjenestene og VOD-plattformene er norske filmer stort sett gjemt bort, bortsett fra en og annen blockbuster eller barnefilm». Mens biblioteka jo har Filmbib og digitale lånekort.
>> Sjå innlegg etter lanseringa, 17. april.
Og snart Filmoteket, «en ny strømmetjeneste [som] lanseres i april, med mål om å kunne tilby 1000 filmer innen utgangen av året. Det er et samarbeid mellom bibliotekene og Norgesfilm som vil utfylle den allerede eksisterende distribusjonsportalen for innkjøpsordningen for kort- og dokumentarfilm, Filmbib, som ble startet opp for over fire år siden». Sjå ein kort presentasjon av Filmoteket i VG/Peil for ei veke sidan.
Dette er tydelegvis ein idé heilt i startfasen, men Lismoen avsluttar: «La oss håpe at ordningen vedvarer når bibliotekene åpner igjen. Den kan bidra til å gjøre porten videre for de der ute som ennå ikke vet at de trenger norsk film».
Noko vi liker her, etter å blogga frustrert om bibliotek og film i fleire år.
Posted in Filmformidling, Korona og biblioteka |
3 Comments »
november 28, 2019
Det er fredag, og sidan måndag har det vel ikkje kome noko nytt om e-boka og biblioteket? Så kan vi heller gå seksti år attende i tida og sjå på kva avislesarar i Chicago blei fortalde om framtidas teknologi. Ein av «comic strip»-ane (comic = teikneserie, og slett ikkje at det var komisk meint) viser ein families «Electronic Home Library». Vi les i kolonna til venstre (i det fullstendige biletet) at den første video-opptakaren faktisk var lansert (det var alt i 1954), men vi trur ikkje widescreen-projisering av mikrofilma bøker i taket kom lenger enn til fabuleringsstadiet.
Posted in Det er fredag, e-bøker, Filmformidling |
Leave a Comment »
november 27, 2019
I alle fall meir berekraftige enn Spotify, Apple Music og dei, skal vi tru Dagbladet i dag. Vi snakkar då om samlingane av CD-ar med musikk, som nokre bibliotek har skrota, andre ikkje.
Det same vil då gjelde filmar på DVD, samanlikna med Netflix og dei. Filmtilbodet her i landet etter Netflix, HBO osv. har vi skrive mykje om på bloggen. Kvifor ikkje eit nasjonalt fjernlånssamarbeid for film?
>> PS. 27.11. kl 21.01: Så kjem dette i tillegg.
Posted in Filmformidling |
Leave a Comment »
september 25, 2019
Biblioteket i Fredrikstad har den faste spalta Bibliotektipset i lokalavisa. I dag er dei inspirerte av boka «Filmklubben» av David Gilmour om ein far som starta ein filmklubb for sonen og seg sjølv då sonen på femten nekta å gå på skolen.
Bibliotektipset er sjølvsagt å bruke tilbodet Filmbib på den måten.
PS Faste lesarar av bloggen har fått med seg at vi no og då illustrerer innlegg med klipp frå filmar.
Posted in Filmformidling |
Leave a Comment »
september 7, 2019
… likevel kjem denne nye svenske dokumentaren om noko av det mest ikoniske av svensk humor – og alvor! – først til å dukke opp på norske skjermar om ??? år. Og aldri på ein norsk kino. Dette er ein filmatisk og kulturhistorisk tankekross av tredje grad, som gjeld mange andre nordiske kulturuttrykk:
read more »
Posted in Andre greier, Filmformidling |
Leave a Comment »
mars 5, 2019
I Morgenbladet 4. mars skriv Olaf Haagensen under tittelen «Jeg vil ha muligheten til å se Vibeke Løkkebergs filmer» (bak betalingsmuren). Han har gjennom ei tilfeldig vising av filmen «Åpenbaringen» oppdaga ein av landets klart beste filmregissørar, heidra blant anna med Filmkritikerprisen i 1982 og Amandakomiteens Ærespris i 2015. Men samtidig har han oppdaga at filmane hennar er praktisk talt umulege å få sett: «Den eneste av langfilmene Løkkeberg har regissert som er tilgjengelig for hjemlån i biblioteksystemet, er Løperjenten fra 1981.» (Eit par dokumentarfilmar og ein kortfilm finst i tillegg).
Her på bloggen har vi vore inne på det same og stilt spørsmålet: «Kan biblioteket redde kvalitetsfilmen i Norge?» Der vi skisserer ei enkel løysing basert på fjernlån av DVD-samlingane i dei biblioteka som enno ikkje har skrota sine. Men dette ville vere ei tidsavgrensa naudløysing då DVD-ane no blir utfasa som medium. Det einaste «berekraftige» vil altså vere å utvide biblioteka si strøymeteneste Filmbib.no til å omfatte spelefilm, ikkje berre dokumentar og kortfilm.
Haagensen avsluttar med eit hint, som biblioteksektoren bør ta til seg:
read more »
Posted in Det digitale biblioteket, Filmformidling, Fjernlån, Samfunnsoppdraget |
Leave a Comment »
august 24, 2018

Filmen «1984» fins i dag i 40 eks. ved 37 bibliotek, fra Ulvik til NTNU. Klikk og se traileren.
Musikktilbudet er gått fra CD via nettsalg til strømming i løpet av få år. Det samme med filmtilbudet. Men fortsatt, etter flere år, tilbyr de norske utgavene av Netflix osv. hovedsakelig serier og US-amerikansk action og «romantiske komedier» på et B- og C-nivå, ikke ulikt det som dominerte i videosjappene for få år siden.
Spotify & co har i dag alle musikksjangrene i bortimot full bredde, men Netflix & co i Norge mangler det aller meste av kvalitetsfilm og klassikere, gamle og nye. Kunnskapen om film og filmhistorie kan gå tapt i Norge i løpet av en generasjon.
Men det kan det ikke-kommersielle biblioteket gjøre noe med:
read more »
Posted in Filmformidling, Nasjonalbiblioteket, Samfunnsoppdraget |
6 Comments »