UNISON, det britiske fagforbundet for 1,3 millionar tilsette i offentlege tenester, seier no, når den tredje nedstenginga i landet er i gang i samband med den nye, meir smittsame korona-varianten, at folkebiblioteka bør stengje heilt. Omsynet til biblioteksarbeidarar og familiane deira må prioriterast. Men dette er i strid med retningslinene frå regjeringa som seier at bibliotek framleis kan tilby i alle fall tilgang til IT og tinging og henting av bøker. UNISON meiner at også desse avgrensa tenestene utset biblioteksarbeidarar og brukarar for ikkje naudsynt risiko.
Kategori: Korona og biblioteka
«Det er synd at Tinnesand og Nasjonalbiblioteket tilsynelatende mangler oversikt over den utfordrende virkeligheten mange norske folkebibliotek opplever»
Dei siste vekene har vi her på bloggen brukt mykje spalteplass på Nasjonalbiblioteket og den svært optimistiske analysen deira av folkebibliotekas vilkår og mulegheiter. Blant anna om «gullalder»-foredraget til Sira Myhre og Tinnesands oppfølging i Bok og bibliotek. Og avvisinga av andre syn på saka bidrog vel også til protestane frå viktige stemmar i bibliotek- og kulturlivet. Og no kjem leiaren av Bibliotekarforbundet, Veronicha Angell Bergli, i leiarartikkelen i nyaste nummer av Bibliotekaren (4/2020), og her på nettet, med oppsummeringa i tittelen ovanfor. Med meir.
Vi må håpe at 2021 blir året då NB stig ned til bibliotekfolket og sluttar med ein-vegs-kommunikasjonen sin.
Bibliotek versus velodromar og tennishallar

Vi spådde i går, då vi tok for oss Nasjonalbiblioteket sine bastante signal om at «nu går alt så meget bedre» for norske folkebibliotek, at Svein Arne Tinnesand sin optimistiske artikkel i Bok og Bibliotek ville resultere i fleire motinnlegg. Og i dag er NBF-leiar Vidar Lund på banen med konklusjonen at «Jo, folkebiblioteka får mindre pengar».
Og han supplerer Georg Arnestad på eitt viktig punkt: «Utfordringa er at SSB og kommunane framleis held seg til det utvida – eller utvatna – kulturomgrepet frå 70-talet. Det er liten tvil om at idretten har styrkt seg, mykje på grunn av den enorme stimuleringa som skjer gjennom spelemidlane til idrettsanlegg. Av di fordelinga av spelemidlane er så utruleg skeiv som ho er, blir det økonomisk lettare for kommunane å investere i velodromar og tennishallar med 1/3 dekning frå spelemidlane. Medan kommunen i røynda må ta heile investeringskostnaden om det trengst eit nytt bibliotek eller anna kulturlokale. Dette påverkar òg sjølvsagt driftskostnaden, ved at kommunen må betale mykje meir i renter og avdrag ved å byggje eit bibliotek til 50 millionar kr enn eit idrettsbygg til 50 millionar kr».
Les også slutten på innlegget, om kommune- og bibliotekøkonomien i 2021. Og gå heim og sprett ei flaske raudt eller to.
Er dette gullalderen for norske bibliotek?
Uavhengig av kor sterkt koronakrisa råkar biblioteka skal det sjølvsagt leggjast offensive planar for framtida. Då trengst det analysar om stoda i dag, basert på bibliotekstatistikken for 2019. Nasjonalbiblioteket tar no dette på alvor og har nyleg i tre kanalar (om ikkje fleire? Vi går jo ikkje på møte og konferansar med dei) kome med optimistiske og ganske skråsikre meiningar om stoda, men som nok vil overraske fleire. Vi vågar oss på denne kortversjonen, utan å karrikere altfor mykje:
Norske folkebibliotek har aldri hatt det betre; når vi ser heile landet under eitt har utlånsnedgangen stagnert og besøk og arrangement aukar i omfang, så no skal vi berre sjå opp og fram, både lokalt og sentralt. Dei framleis 49 prosentane ikkje-brukarar kan vi få med på laget om berre fagfolket sluttar å sutre og bruke krefter på uforståelege (for politikarane) detaljar som metadata, katalogar, fjernlån osv. Og om det likevel finst lokale negative avvik frå dagens gullalder-nivå (sjå nedanfor), er dei «så små at makrotallene ikke påvirkes».
>> Seinare innlegg om dette: 9.12.: Veronicha Angell Bergli, leiar av Bibliotekarforbundet. 11.12.: Vidar Lund: leiar av Norsk Bibliotekforening.
Men i ein påfølgjande, og truleg framleis pågåande, debatt i Bok og bibliotek på nett har (per 10.12.) to tunge aktørar protestert kraftig på både bruken av fleire av tala og på analysane.
Første NB-utspel av denne kaliberen var 2. oktober i det svenske Biblioteksbladet i eit større intervju med NB-direktør Aslak Sira Myhre. Redaktør (og intervjuar) Thord Eriksson skriv i ein leiarartikkel nokre dagar seinare:
«När jag intervjuade Norges nationalbibliotekarie Aslak Sira Myhre i Oslo i somras raljerade han om att norsk bibliotekspersonal har en omotiverat mörk syn på sina förutsättningar att vara relevanta i framtiden. ”De som jämt säger att det går åt skogen, är bibliotekarierna”» (det var fleire ting som overraska svensken, sjå nedanfor, og les intervjuet).
21. oktober heldt same direktør eit foredrag for NBs strategiske råd. Dette er i forma ein glimrande pep-talk til bibliotekarane om både strategiperioden og tida etter koronaen, men då må også skildringa av situasjonen vi står i stemme sånn omtrent. Men det er her han underbygger påstanden at vi no er midt i gullalderen til norske bibliotek, særleg karakterisert ved at …
Les mer «Er dette gullalderen for norske bibliotek?»Bibliotek og kjeldekritikk i Tegnell- og Nakstad-land
På ei svensk Facebook-gruppe, «Bibliotek i coronakris» (lukka, men ikkje vanskeleg å bli med i), kom det måndag eit innlegg av ein bibliotekar som etter grundig sjølvstudium, fortel ho, er blitt kritisk til den heimlege koronastratgien. Men kan ho på nokon måte gje uttrykk for dette i høve til publikum på biblioteket?
Ho spør seg blant anna: «Vi ska vara en fena på källkritik, är vi det, sätter vi om det i vårt arbete? Ska jag bära rollen som samhällsbärare genom att kopiera papper, … I utredningen om nationella biblioteksstrategin, … ställdes frågan om bibliotekarier skulle vara förberedda och vilja att bära detta ansvar som femte statsmakt. Vad tycker vi, ni, jag?»
Per måndag 1.12. kl 18.33 er dette blitt ein til dels god debatt (med ei avsporing til ja eller nei til munnbind) med heile 79 innlegg (vi har ikkje lese alt). Fleire meiner debatten er svært interessant og viktig, nokre må få tid til å tenkje, mens andre igjen er skråsikre på at:
Les mer «Bibliotek og kjeldekritikk i Tegnell- og Nakstad-land»Student- og anna einsemd
Dette er sikkert ikkje noko nytt for norske UH-bibliotek, men vi vil berre nemne at Khrono.no no tar for seg ein rapport frå ei ekspertgruppe som blant anna meiner at bibliotek kan vere viktig for studentar under koronaen. Artikkelforfattaren nemner verken namnet på rapporten eller lenker til han, men vi fann han: «Tiltak for oppfølging av studenter ved fagskoler, høyskoler og universiteter under pandemien».
Punkt 5.2. heiter «Studentene trenger faglige og sosiale møteplasser hvor de kan overholde smittevernregler», og her kan vi lese: «Institusjonene bør så langt det er mulig også stille lokaler til disposisjon slik at studentene kan bruke lesesaler, bibliotek, kantiner og andre rom til faglige og sosiale aktiviteter innenfor de gjeldende smittevernrammene» (vår utheving).
Men dét er også alt.
Vidare har vi no for første gong lånt ei e-bok på Allbok: «Ensomhetens århundre« av britiske Noreena Hertz. Boka er så fersk at ho har med koronaen, men så har ho også preg av hastverk. Vi kjem ikkje til å lese heile. Det er ein flaum av …
Les mer «Student- og anna einsemd»Virtuelle arrangement: Ny lov med ny opning?
Ikkje har vi særleg kompetanse på opphavsrett og ikkje orkar vi lese heile den nye «Prop. 53 L (2020–2021) Lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett mv.». Men derfor legg vi dette ut med etterlysing av kommentarar og eventulle dementiar frå folk med betre kunnskap, blant anna også forfattarar og Forfattersentrum med fleire:
Vi hadde i koronabølgje nr. 1 diskusjonar om bibliotek sin rett og mulegheit til å gjennomføre virtuelle arrangement, til dømes eventyrstunder, med eller utan løyve frå opphavspersonar. No kjem det ei ny lov, basert på eit nytt EU-direktiv, der vi tolkar denne paragrafen som ei muleg opning for blant anna bibliotek (og vi kan lese her at blant anna Nasjonalbiblioteket har støtta dette):
§ 6 Rettighetshaverens rett til selv å gi tillatelse til bruk: «Selv om det er inngått forvaltningsavtale etter § 5, har rettighetshaveren rett til å gi tillatelse til ikke-ervervsmessig bruk av rettigheter, kategorier av rettigheter eller typer verk og andre vernede arbeider».
Og så følgjer det: «Kollektive forvaltningsorganisasjoner kan i forvaltningsavtalen stille krav om at rettighetshaveren må informere organisasjonen om ikke-ervervsmessige tillatelser etter første ledd».
Så kor viktig kan dette bli? Kommentarfeltet er til for å brukast. Velkomne.
Meir marmor og messing i biblioteka! (det er fredag)

REALM-prosjektet, som vi løpande har publisert resultat frå her på bloggen, har no sloppe den sjette målinga av kor lenge koronavirus held seg i live i bibliotekmiljø. No har dei testa overflater på bibliotekinteriør: På glass, laminat og pulverlakkerte flater (som reolar osv.) var viruset vekk etter seks dagar. Men på marmor og messing etter to!
Men igjen minnar vi om at viruset smittar mykje meir i nærkontakt mellom menneske, typisk ved kjøssing i biblioteket. Go hælj!
Korona-sprik i bibliotekmiljøet
Signala frå bibliotek-eigarar, tilsette og organisasjonar går i ulike retningar for tida. Bibliotekarforbundet «oppfordrer til å holde åpent så langt dette er forsvarlig», blant anna også i det viktige Kommunal Rapport. Her saman med Norsk Bibliotekforening. Og dei nordiske bibliotekforeiningane har åtvara svenske bibliotek og bibliotekarar mot å stengje.
I Oslo har kommuneleiinga stengt ned nestan alt, unntatt biblioteka. Det er lett å sjå at biblioteka slik kan få eit langsiktig løft på denne måten, dei får ein sjanse til å vise seg fram for endå fleire. Men i dag protesterer tilsette, her ved Fagforbundets lokallag, og verneombod i eit stort oppslag i Klassekampen: «Det rekker ikke å lage en plan for smittevern, man må også sjekke hvordan planen faktisk fungerer i virkeligheten. Og nå fungerer den ikke godt nok», seier verneombodet.
Og det andre store fagforbundet har altså landsmøte mens vi skriv dette.
Skilnadene er store i landet no, men i tillegg til Oslo og andre storbyar kjem det no mange spreidde utbrot. Og tysdag viste det seg at også tilsette og publikum ved bibliotek kan vere smittespreiiarar.
PS: Dilemmaet blei sett verkeleg på spissen i Sverige i juli.
Virtuell, smittefri lesesal!
Biblioteket på NTNU har no opna ein ny lesesal: «Sitter du hjemme og trenger hjelp til oppgaveskriving, referering, litteratursøk eller lån av bøker? Besøk Det virtuelle biblioteket i Zoom alle hverdager mellom kl. 10-14».
Dette er delvis det same som den tidlegare, men sidan 2012 nedlagde tenesta Biblioteksvar. Nasjonalbiblioteket kutta då den økonomiske støtta til administrasjon, men i fleire år deltok til kvar tid 250 norske bibliotekarar i dette. Dei blei fristilte til nokre timars innsats i månaden av arbeidsgjevarane sine, dei rundt 60 biblioteka som deltok. Mange sakna denne tenesta, men ikkje mange nok for NB-leiinga. Argumentet for kutt i støtta var at bruken gjekk ned. Men det var før det hadde vore økonomi til noka skikkeleg marknadsføring. Pandemien, som vi no veit blir langvarig, gjer dette enå meir aktuelt enn før. Noko liknande må på plass igjen for forkebibliotekbrukarane!
Vi (underteikna var med heile vegen, som konsulent) starta opp omtrent samtidig i alle dei nordiske landa. Og hos dei andre finst tenestene framleis: Den danske Biblioteksvagten.dk, den svenske Bibblan svarar og den finske Fråga bibliotekarien.
Jamfør også punkt 12 i samlinga vår med tiltak for biblioteket under og etter korona.
Restriksjonar igjen?
Om biblioteket igjen må «gå sakte», eller uansett: Kvifor ikkje gjenbruke denne tenesta til biblioteket i Bergen: Frie e-bøker! For vi har vel ikkje høyrt noko frå Abid Raja og NB om fleire ekstraordinære e-bokmidlar?
Og vidare: Vi såg nyleg at biblioteka på Kongsvinger og Åsnes deler på e-ressurar og bidrar til å spreie arrangement frå Litteraturhuset i Oslo til folk i Glåmdalen. Ein slik avtale kostar sikkert ein del, men det finst mykje anna som det vil vere fritt å lenke til på den lokale heimesida, som arrangementa til Nasjonalbiblioteket. Dei har både podcastar og videoar.
Elles merka vi oss at på Viken fylkesbibliotek sitt nettseminar «Bibliotek i krisetider» blei det etterlyst «et digitalt veiledningstilbud ala Biblioteksvar som kan ivareta en god dialog med folk». Jamfør punkt nummer 12 på samlinga vår med tiltak for biblioteket etter korona.
Den bloggposten har vi dei siste dagane hatt mange nedlastingar av frå Sverige. Når no mange av biblioteka deira må stengje eller innføre restriksjonar, er det for første gong, og dei kan trenge gode råd frå oss.
Regjeringa i dag: Lokal biblioteknedstenging aktuelt i Noreg
Styresmaktene har lært sidan sist, nemleg å ha betre kontroll med lokale koronatiltak. For ein halvtime sidan refererte statsminister Solberg frå Stortingets talarstol (kl. 10.26.30) eit nytt rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet. Her heiter det under overskrifta «Nye tiltak i regioner med mye smitte»:
«Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet skal vurdere nøyaktig hvilke tiltak som er aktuelle i ulike regioner i landet, slik at det kommer tydelig frem hvilke tiltak som er nødvendige å vurdere når smittesituasjonen utvikler seg. Kommuner i en bo- og arbeidsregion som innfører tiltak bør gjøre det mest mulig likt og samordnet. Rundskrivet med forslag til lokale tiltak vil oppdateres i henhold til endringene: … Stenge eller begrense virksomheter og aktiviteter som har stort potensial for smittespredning, som for eksempel svømmehaller, treningssentre, idrettshaller, bingohaller, museer, biblioteker, arrangementssteder uten fastmonterte seter og andre offentlige steder der mange møtes innendørs (våre uthevingar)».
Dette er nye tonar: I den første bølgja denne våren fekk vi vite frå Kulturdepartementet og NB at «Regjeringen har ikke pålagt bibliotekene å stenge. Folkebibliotekene er kommunale, og regjeringen kan ikke overstyre kommunalt selvstyre med mindre Stortinget vedtar nye forskrifter til gjeldende lovverk (lenka er til ein kopi på Wayback Machine. For NB må slette slike gamle og frå og med i dag fake news). Men heldigvis tok organisasjonane ansvar.
Så blir det mindre press på eventuelle stengjeglade biblioteksjefar.
Er du stengjeglad?
For tjue minutt sidan publiserte det svenske Biblioteksbladet dette debattinnlegget av biblioteksjefen i Mora: «Superspridare av demokrati – så varför stänger bibliotek?». Ho reagerer på det ho kallar «stängningsglädje» og har ein teori om at dei stengjeglade eigentleg er leie av alle dei håplause lånarane: «Kan det vara möjligheten att slippa konfronteras med de där helvetiskt dryga biblioteksbesökarna som orsakar euforin?»
Nytt 7.11.: Ikkje alle svenskar ser det slik.
Eg har akkurat sett ferdig Thomas Seltzers NRK-serie «UXA» der den siste episoden handla om kor uforsonleg to-delt USA er blitt, ikkje etter rase, religion eller klasse, men etter partipolitikk. Noko liknande er på gang i det svenske bibliotekmiljøet også. Veldig sterke meiningar og formuleringar på begge sider; eg minna om det for to dagar sidan også, slik det framgikk på nettstaden til BiS.
Men vi får det vel her i landet også, no som kommunar og regionar er ulikt råka av viruset. Og no som vi veit at avgjerdene skal gjerast lokalt. For i mars trudde dei aller fleste at Nakstad og Høie og co. hadde bukta og begge endane.
Biblioteket, krisa og demokratiet: BF tar ansvar der NB sviktar
«Bibliotekarens kompetanse er samfunnskritisk», heiter det i ei politisk fråsegn forbundsstyret i Bibliotekarforbundet legg fram for landsmøtet om eit par veker. Ordet samfunnskritisk fekk brått denne våren, ifølgje blant anna Språkrådet, den nye meininga «samfunnsnødvendig og … samfunnsviktig, som i samfunnsviktig infrastruktur». Men når Bibliotekarforbundet no bruker uttrykket, er det også i den «gamle» meininga at «biblioteket skal bidra til utvikling av kritisk tenkning og digital dømmekraft i befolkningen». Slik det står i den nasjonale bibliotekstrategien.
Men, held BF-styret fram, med fokus på koronaen (våre uthevingar): «Utover dette er det lite som peker mot at biblioteket har noen spesiell rolle om en krise skulle inntreffe. I forbindelse med vårens gjenåpningsproblematikk ble det tydelig at biblioteksektoren mangler en nasjonal aktør som kan være broen mellom departement, bibliotekeiere (både kommunale, fylkeskommunale og staten) og de bibliotekansatte. Flere etterlyste at Nasjonalbiblioteket skulle ta en tydeligere rolle som bindeledd mellom bibliotek og departement. Nasjonalbiblioteket gjorde det klart at de ikke ser på det som en del av sitt mandat å være bibliotekets stemme nasjonalt».
Jf her på bloggen 8. mai: «Koronarettleiar for norske bibliotek: Organisasjonane tok saka!»
BF-styret konkluderer: «Bibliotekarforbundet ønsker å være en samarbeidspartner og en premissleverandør i det videre arbeidet med å definere bibliotekets rolle i krisetider».
PS: Relevante stikkord på bloggen er «Samfunnsoppdraget», «Det uavhengige biblioteket» og sjølvsagt «Korona og biblioteket».
Svenske bibliotek over i fase 2. Eller fase 1?
For dei har i liten grad vore gjennom korona-nedstenging, som alle norske bibliotek frå mars til juni. Men no er det snakk om heilt eller delvis kroken på døra fleire stader.
Derimot har dei hatt diskusjonar som vi (enno) ikkje har hatt i særleg grad (?), som denne som fann stad på BiS, Bibliotek i samhälle: Ein bibliotektilsett uroa seg her for eigen og andres helse ved å halde ope nesten som vanleg, men blei av andre tillagt haldninga at biblioteket ikkje er «en samhällsviktig verksamhet».












