Bibliotek og kjeldekritikk i Tegnell- og Nakstad-land

På ei svensk Facebook-gruppe, «Bibliotek i coronakris» (lukka, men ikkje vanskeleg å bli med i), kom det måndag eit innlegg av ein bibliotekar som etter grundig sjølvstudium, fortel ho, er blitt kritisk til den heimlege koronastratgien. Men kan ho på nokon måte gje uttrykk for dette i høve til publikum på biblioteket?

Ho spør seg blant anna: «Vi ska vara en fena på källkritik, är vi det, sätter vi om det i vårt arbete? Ska jag bära rollen som samhällsbärare genom att kopiera papper, … I utredningen om nationella biblioteksstrategin, … ställdes frågan om bibliotekarier skulle vara förberedda och vilja att bära detta ansvar som femte statsmakt. Vad tycker vi, ni, jag?»

Per måndag 1.12. kl 18.33 er dette blitt ein til dels god debatt (med ei avsporing til ja eller nei til munnbind) med heile 79 innlegg (vi har ikkje lese alt). Fleire meiner debatten er svært interessant og viktig, nokre må få tid til å tenkje, mens andre igjen er skråsikre på at:

«Aktivism kan vi ägna oss åt på fritiden. Under vår arbetstid befinner vi oss i en verksamhet som styrs av politiska beslut».

Nokre ser ut til å ha gløymt at både den norske og den svenske biblioteklova blei utvida i 2014 med at (våre uthevingar) biblioteket skal vere (NO:) «en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt», respektive (SE:) «verka för det demokratiska samhällets utveckling genom att bidra till kunskapsförmedling och fri åsiktsbildning» (men på eitt punkt meiner med-bloggar Mikael Böök at biblioteket likevel skal vere aktivist, nemleg på det overordna eksistensielle spørsmålet for menneskeslekta, kampen mot atomvåpen).

Norske biblioteksjefar har i lovførebuingane fått rolla som redaktørar for debattane anten dei er fysiske, virtuelle eller kjem til uttrykk i bok- og medievalet. Oppgåva er å sikre at dei viktige syna på ei sak kjem fram og at debatten kjem eit steg vidare (sånt som at 5G-nettet har skulda, kan ein vel tillate seg å halde utanom).

Noko (vanleg) som også kom opp i den svenske bibliotekdebatten var spørsmålet, for ikkje å seie myten, om bibliotekarens og bibliotekets nøytralitet. Vi repliserte då med lenka til ein – svensk – master i bibliotekfag av Rebecca Andersson, jamfør eit blogginnlegg vi hadde i juni: «Gløym det nøytrale biblioteket».

R. David Lankes seier det slik: «For too long have librarians hidden behind the stacks and a false flag of neutrality. For too long have communities been passive “consumers” of libraries, all but totally unaware of the effort it takes to make a community better». Sjå også Mikael Böök om Lankes.

Skilnadene mellom SE og NO når det gjeld koronastrategi og -haldningar er blitt ei stor mediesak, men også stats- og sosialvitskapeleg og -antropologisk svært spanande. Men er vi så mykje betre i Noreg når det gjeld open debatt om regjeringa og FHI si linje? For ein månad sidan påviste vi ei korona-blindsone; lenge var Morgenbladet aleine om å dekkje henne, og vi skreiv om han («Biblioteka og dei norske ikkje-debattane») over ei veke før NRK og Fredrik Solvang tok saka.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

<span>%d</span> bloggere like this: