Er dette gullalderen for norske bibliotek?

Frå videoen med foredraget for det strategiske rådet

Uavhengig av kor sterkt koronakrisa råkar biblioteka skal det sjølvsagt leggjast offensive planar for framtida. Då trengst det analysar om stoda i dag, basert på bibliotekstatistikken for 2019. Nasjonalbiblioteket tar no dette på alvor og har nyleg i tre kanalar (om ikkje fleire? Vi går jo ikkje på møte og konferansar med dei) kome med optimistiske og ganske skråsikre meiningar om stoda, men som nok vil overraske fleire. Vi vågar oss på denne kortversjonen, utan å karrikere altfor mykje:

Norske folkebibliotek har aldri hatt det betre; når vi ser heile landet under eitt har utlånsnedgangen stagnert og besøk og arrangement aukar i omfang, så no skal vi berre sjå opp og fram, både lokalt og sentralt. Dei framleis 49 prosentane ikkje-brukarar kan vi få med på laget om berre fagfolket sluttar å sutre og bruke krefter på uforståelege (for politikarane) detaljar som metadata, katalogar, fjernlån osv. Og om det likevel finst lokale negative avvik frå dagens gullalder-nivå (sjå nedanfor), er dei «så små at makrotallene ikke påvirkes».

>> Seinare innlegg om dette: 9.12.: Veronicha Angell Bergli, leiar av Bibliotekarforbundet. 11.12.: Vidar Lund: leiar av Norsk Bibliotekforening.

Men i ein påfølgjande, og truleg framleis pågåande, debatt i Bok og bibliotek på nett har (per 10.12.) to tunge aktørar protestert kraftig på både bruken av fleire av tala og på analysane.

Første NB-utspel av denne kaliberen var 2. oktober i det svenske Biblioteksbladet i eit større intervju med NB-direktør Aslak Sira Myhre. Redaktør (og intervjuar) Thord Eriksson skriv i ein leiarartikkel nokre dagar seinare:

«När jag intervjuade Norges nationalbibliotekarie Aslak Sira Myhre i Oslo i somras raljerade han om att norsk bibliotekspersonal har en omotiverat mörk syn på sina förutsättningar att vara relevanta i framtiden. ”De som jämt säger att det går åt skogen, är bibliotekarierna”» (det var fleire ting som overraska svensken, sjå nedanfor, og les intervjuet).

21. oktober heldt same direktør eit foredrag for NBs strategiske råd. Dette er i forma ein glimrande pep-talk til bibliotekarane om både strategiperioden og tida etter koronaen, men då må også skildringa av situasjonen vi står i stemme sånn omtrent. Men det er her han underbygger påstanden at vi no er midt i gullalderen til norske bibliotek, særleg karakterisert ved at …

… biblioteka no når 51 prosent av folket (mot 24 på 1970-talet) og at utlånet til vaksne auka med null-komma-noko prosent i fjor. Meir om dette nedanfor.

Det tredje NB-utspelet i denne sjangeren var i Bok og bibliotek i midten av november, med ein artikkel av bibliotekutviklingsdirektør Svein Arne Tinnesand (også i papirutgåva nr. 5/2020), noko vi også kjem tilbake til.

Mykje av dette kvalifiserer til eigne debattar, men her eit par ting på sparket:

Alt digitalt gratis?

Sira Myhre klagar i Biblioteksbladet over at «I biblioteksvärlden finns ett digitalt ideal om att det allra bästa är om alla e-böcker och all musik är gratis tillgängligt». Jau, nokre få held denne viktige, men utopiske ideen varm, blant anna med-bloggar Mikael Böök (publisert 15.12.20: «Herding the Wind : A journey to the strange world of the e-library in the autumn of the year 2020»). Men er verkeleg Sira Myhres påstand representativ for norske bibliotekarar i dag?

Tenkjer han kanskje på at nokre er irriterte over at (det elles globalt unike) Nettbiblioteket manglar bøkene frå dei tjue – 20 – siste åra? Der dei fleste for lengst er ute av handelen. Og når det gjeld sakprosaen blir denne tenesta meir og meir ei samling falske fakta og mest eit verktøy for historieinteresserte. Men likevel betaler staten 27 millionar i året til forlaga og forfattarane. Pluss «én million kroner per påbegynte måned» for den ekstra «korona-bruken». I tillegg til det ordinære bibliotekvederlaget og innkjøpsordninga.

Eller tenkjer han på striden om e-lydbøkene? NBF med fleire har i årevis vore opprørte over at desse enno ikkje har kome i nærleiken av dei digitale bibliotekhyllene, trass i fleire lovnadar frå kulturministrar og nasjonalbibliotekaren. Ørjan Persen, leiar av Norsk Bibliotekforening sitt utval for digital tilgang, måtte i Aftenposten for eit år sidan konkludere med kor lite som har skjedd. Berre Cappelen Damm vil selgje lydbøker til biblioteka. På bloggen sin går Persen grundigare til verks mot NB sin modell: «E-lydbøkene blir omtrent fem ganger så dyre som lydbøker på CD». For biblioteka, altså. Og der står vi vel framleis i dag.

Biblioteksuksess i tretti års tid

No skal det seiast at Sira Myhre i foredraget sitt fortel at han nyleg i eit møte har gitt bokbransjen ein frist, «og eg tror det blir løyst før det blir ein politisk sak». Vi følgjer med, men kjenner ikkje fristen.

Balansen

I landet vårt har vi tradisjon for ein relativt god balanse mellom behova til åndsverkprodusentar og -brukarar, her med biblioteket som brukarens verktøy. Men korleis er eigentleg balansen i dag? Digitaliseringa av kulturen og mediebransjen har i alle fall ikkje gjort han betre. Utlån av musikk, video og fysiske lydbøker er over og ut (nokre bibliotek har enno ikkje skrota dei gamle samlingane, men brukarane har snart ikkje spelarar igjen). Og det har vore andre trugsmål som biblioteka og brukarane deira berre såvidt har gått klar av, til dømes i striden rundt Åndsverklova i 2005, då sjølve gratisprinsippet var truga, og rundt EUs opphavsrettsdirektiv for to år sidan.

I intervjuet seier Sira Myhre ting som at «många bibliotek visar väldigt lite förståelse för förlagens situtation. Det framställs ibland som att de inte gör ett jobb och att författare som oroar sig över sin upphovsrätt är giriga».

Biblioteksbladredaktøren skriv om alt dette: « … det är första gången jag hör någon som inte representerar förlagsvärlden uttrycka sig så».

I foredraget seier ASM at han og NB kjemper for at biblioteka skal få tilgang, men dei må rekne med å måtte betale og prioritere strengare mellom papir og digitalt i framtida. Men det skjønner jo alle. Dei er alt i god gang på blant anna avisområdet.

Og om ein ser på biblioteket som ein institusjon som undergrev produksjonen av åndsverk og litteratur, så er norske bibliotek ikkje ein versting på nokon måte. Dei låner ut omlag berre ein firedel samanlikna med til dømes Finland: 12,72 band per innbyggjar mot Noreg: 3,21.

Arendals stoltheit og valfartsmål for norske og internasjonale bibliotekarar for tjue år sidan

Vidare seier ASM ting som at det er «en viktig uppgift att mot­arbeta den … utbredda bristen på systemförståelse i biblioteksvärlden och kulturlivet». Ein slik mangel på tillit er alvorleg, men kanskje ikkje heilt grunnlaus, men dét er eit lengre lerret å bleike.

Gullalder eller elende?

Men alvorlegare, synst vi, er det som han, og Tinnesand i Bok og Bibliotek, seier om status for biblioteka i dag. Som vi skreiv ovanfor er bodskapen deira at 2000-talet er ein gullalder, blant anna fordi gjennomsnittstala ikkje lenger går ned, og noko går ørlite grann opp.

Dei nemner faktisk ikkje dette på plussida, men sjølvsagt er det flott med fleire nye, gode bibliotekbygg i ein del byar og større tettstader, til dømes Bodø og Oslo (sjølv om Nye Deichman altså må leige ut 40 prosent av arealet).

Eitt bibliotek som var eit flott og nytt «flaggskip» for tjue år sidan var hovudbiblioteket i Arendal, og dei fekk stor respons frå innbyggjarane den gongen. Men likevel slit dei i dag og har gjort det lenge før koronaen. Biblioteksjef Ola Eiksund har svart Tinnesand i Bok og Bibliotek: «I mine øyne framstår det han skriver som en «rapp over fingrene» til de som forsøker å formidle et budskap om store økonomiske utfordringer for folkebibliotekene». Før han skildrar konkrete utfordringar i biblioteket hans, blant anna at auken i lønnsbudsjettet (som sjølvsagt burde vore endå høgare) går sterkt ut over innkjøpet av bøker og media: «I 1998 kjøpte vi inn over 19.000 eksemplarer, i 2020 er tallet under 5.000 nye eksemplarer. Det er dette som er den virkeligheten Tinnesand ikke finner i tallene han presenterer».

Ein annan reaksjon på Tinnesand kjem frå kulturforskar Georg Arnestad: «Ufullstendig om løyvingar til bibliotek». Éin ting er at han tar Tinnesand i å «pynte på» Enger-utvalet i 2014 ved å fråta dei opphavet til formuleringa at biblioteka er «systematisk underfinansiert og nedprioritert». Éin annan at analysen hans er «heilt ufullstendig. Han ser BERRE på bibliotekutgiftene, ikkje på korleis bibliotekutgiftene utgjer ein STADIG synkande prosentdel av dei kommunale driftsutgiftene til kultur. … Det er framleis idretten og idrettsbygga og kulturbygg/andre kulturaktivitetar som stikk av med veksten i kulturmidlane. Slik har det vore på heile 2000-talet. På tide, snart, å gjere noko med dette, kanskje?» Tinnesand svarte på dette for to dagar sidan. Truleg kjem det meir (flott at B&B er blitt meir aktiv på nett!).

>> Det kom meir, frå Vidar Lund: Jo, folkebiblioteka får mindre pengar.

Sira Myhre har kanskje eit poeng når han seier vi blant anna ikkje skal bruke mykje energi på metadata og samarbeid og katalogane. Dei sistnemnde kunne ha vore mykje betre, og kor mange bruker dei eigentleg? Truleg mest dei ressurssterke, som alt er blant dei 51 prosentane. Men andre ting må vi ta alvorleg, skal vi få med dei 49 prosentane ikkje-brukarar. Til dømes opningstidene. Statistikken for 2019 (som NB har verkeleg har forbetra sidan i fjor! I fleire år har vi måtta laste ned enorme rekneark) fortel ikkje akkurat om gullalder (dette gjeld altså året før kommunesamanslåingane):

  • Hovudbiblioteka i byar over 50 000 innbyggjarar hadde gjennomsnittleg 57 timar betent opningstid i veka, mens det berre var 37 timar i gruppa frå 10-19 999 innbyggjarar.
  • Og kva med dei under 10 000? Der er det faktisk ikkje tal i statistikken til NB (problem med rapporteringa frå dei? Men denne mangelen må vi få innblikk i på andre måtar). Men dette gjaldt heile 314 av 426 kommunar (eller 7 av 10!) og omfatta 21 prosent av folketalet.
  • Og i 11 av 19 fylke hadde dei kommunale hovudbiblioteka i gjennomsnitt under 30 timar. Sogn og Fjordane hadde berre 22 og Finnmark 23 timar.
  • Og når det gjeld meirope: I dei sju beste fylka er det i snitt 23 timar eller meir, mens i Sogn og Fjordane og nordover varierer det frå 2,7 til 7,7 timar i veka.
  • Mange mindre bibliotek veit vi har berre éin kveld med betent opningstid, men her har vi ingen statistikk. Nokon bør sjå på om meirope har blitt ein sovepute her.
  • Laurdagsope hovudbibliotek ser ikkje ut til vere i like stor geografisk ubalanse.
Opningstidene til eit hovudbibliotek i Finnmark

Og statistikken fortel ikkje alt heller. Underteikna er ofte innom bibliotek utanom byane, om dei er opne, og minner igjen om den avslørande fotoboka av Jo Straube: «Det norske biblioteket».

Skilnadene er der altså, mellom store og små, mellom byar og bygder, alt før vi går nærmare inn i talmaterialet. PS: Regjeringa ser no på distriktspolitikk og demografi, og kjenner vi Slagsvold Vedum og fleire parti rett, blir dette ei heit sak i valkampen.

Sira Myhre seier i foredraget at bibliotekarane «skaper ei krise vi ikkje finn på papiret», men vi må ikkje slå oss til ro med at det kan vere «gullalder» på avgrensa område.

Og det kunne ha vore endå mykje betre. Vi nemnde utlånet i Finland. Og når det gjeld noko så grunnleggjande og gjennomgripande som økonomi, altså dei kommunale bibliotekbudsjetta, er nivået klart dårlegast i Norden, med unntak av Grønland og Åland.

Og det er fort gjort å byggje tilbodet endå meir ned. ASM seier i foredraget noko sånt som at politikarane ikkje bryr seg om klager og sære problem framført på bibliotekarvis, og det stemmer jo, men er det først lokal økonomisk krise bryr dei seg heller ikkje om at eit godt bibliotek som i Arendal (sjå ovanfor) utviklar seg til ein skugge av seg sjølv.

Og på dei britiske øyene, med gode bibliotektradisjonar, viser dei nyaste tala at rundt 1000 bibliotek og 10 000 tilsette er blitt vekke etter rett nok ti år med ekstraordinært høg kommunal sparing på 26 prosent. Omtrent som den vi må rekne med om eitt år eller to.

7 Trackbacks to “Er dette gullalderen for norske bibliotek?”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: