Dette er berre eit hjartesukk ein uggen søndagskveld i desember, men kanskje starten på noko meir. For i mange år har eg ergra meg, men også late meg fascinere av, kor vilkårleg utviklinga har vore av den nasjonale bibliotekpolitikken. Så ein vakker dag skal eg lese på ny alle dei gamle NOU-ane og stortingsproposisjonane osv. og lage ein statistikk over kor mange forslag og fromme ønske som ikkje blei noko av. Og kor mange idear ulike regjeringar ikkje eingong gad å kommentere (Øivind Frisvold gjorde grunnarbeidet i boka «Kunnskap er makt» i fjor).
Til dømes «Skredeutvalet» sin NOU frå 1991, med slett ikkje uambisiøse idear om folkebiblioteka som kunnskaps- og informasjonssentralar (då var informasjonsdatabasar det heilt store, og mange ante at noko ville skje, sjølv om WWW blei ei overrasking to-tre år seinare). Men ballademinister Åse Kleveland torpederte heile utgreiinga i kulturmeldinga året etter, for folkebiblioteket skulle vere litteratur og kultur, basta! (det positive var at også Skrede-forslaget om å lette på gratisprinsippet stranda).
Og ta det store prosjektet på starten av tusenåret, utgreiingane rundt «Bibliotekreform 2014». Landets ypparste bibliotekhovud m.fl. sa der at konsolidering, samanslåing, var løysinga. Men fagmiljøa blei både forvirra og tvilande, og då det etter kvart kom ei bibliotekmelding, var ideen og utgreiinga knapt nok nemnd.
Kvifor blei dette ei sak på bloggen akkurat i dag? Jo, det kom eit nytt nummer av Museumsforum med artikkelen «Museumsreformen. Kultivering, konsolidering og konflikt» (men først seksten år etter at ei museumsevaluering blei etterlyst i bibliotekmiljøet). Artikkelen inneheld mangfaldig kritikk av dei mange museumsfusjonane som faktisk blei gjennomførte over heile landet.
Neste bibliotekutgreiing blir vel ved hjelp av AI. Kanskje like greitt; det kan vanskeleg bli verre enn til no.
Svenskane har fått ny blå-brun (meiner mange) regjering, rett nok utan ministrar frå ytre-høgrepartiet Sverigedemokraterna (SD), men med dei som støtteparti i sterk posisjon etter å ha blitt nest størst i Riksdagen.
Det første kulturutspelet frå regjeringa er sterkt SD-påverka, nemleg forslaget om at offentleg tilsette, slik jo bibliotektilsette er, skal rapportere folk som ikkje har opphaldsløyve. Som så kan bli utviste av landet. Protestane er omfattande.
Men så kom det «snille» forslaget om å etablere ein nasjonal kulturkanon. I regjeringsplattforma heiter det at «Ett uppdrag ges att tillsätta fristående expertkommittéer i syfte att inom skilda kulturformer ta fram förslag på svensk kulturkanon. Tillsättningen av ledamöter i expertkommittéerna ska utgå från konstnärlig kompetens i respektive fält».
Men denne tilsynelatande oppbyggjelege folkeopplysingsideen har møtt sterk motstand frå ulike hald, blant anna frå bibliotekarar. Nokre døme:
Ein biblioteksjef til MagasinK: «Mitt drömscenario är att lärarna (och om vi har tur, eleverna) ska tänka själva och förenklade listor är väl motsatsen?».
Ein bibliotekar til Göteborgs-Posten: «… nationell kanon har blivit signalpolitik på samma vis som språktester för asylsökande har blivit det».
Forfattarforbundet til Expressen: «En litteraturkanon är till för osäkra politiker».
Sosialdemokraterna til Svt.se: «Kulturkanon är en nästintill kostnadsfri reform …».
I Noreg har vi ingen offentleg kanon av denne typen, berre nokre lister og bokseriar på initativ av forlag og festivalar. Men i Danmark utvikla dei ein omfattande kulturkanon rundt 2005, også der på initiativ av ei borgarleg regjering. Då var også kritikken omfattande, men det mest synlege resultatet av debatten var ein del alternative kanonar.
Utan den aller minste fare for å krenke nokon her i landet 😜, lenker vi til ein pågåande kulturdebatt i eit visst granneland, der det førebels siste innlegget er av forleggjaren Pelle Andersson.
P.t. kan debatten oppsummerast med dette: «Varför firas en romanmidsommar alltid i ett pittoreskt sekelskifteshus vid en brygga i Stockholms skärgård, på Gotland eller Lysekil? Jo, för det är medelklassens vardag och dess drömmar som ska målas upp. Det är då det säger ”katsching” på Bokus eller Storytel. Och ja, det är med största sannolikhet för att det är medelklassens kvinnor, kulturtanterna, som köper böckerna i det här landet».
Bibliotekarane går heller ikkje fri. Og det er slett ikkje berre kulturgubbar som Andersson som meiner slikt i denne debatten.
PS 1: Pelle Andersson var forresten «i bla’» ved juletider også, i Dagens Nyheter, med innlegget «Åtta problem för kulturministern att lösa i bokbranschen». Dette er bak betalingsmuren, men vi har registrert at tiltak nummer 4 heiter «En rejäl satsning på biblioteken» (vil vi oppleve at bibliotek blir eit tema i utgreiinga av ei ny, norsk boklov?).
PS 2: Bloggaren hugsar også Pelle Andersson frå boka «Den nya kulturrevolutionen», der han og Jesper Lindau tillot seg å verkeleg filleriste den nye, marknadsorienterte kulturpolitikken i heimlandet. Med avslørande døme på kommersialisme, stormannsgalskap og elitisme då Stockholm var Europas kulturhovudstad i 1998.
Kultur: 4,1% av kommune-budsjetta. Klikk og forstørr. Kjelde: SSB
Vi har i fleire samanhengar referert undersøkingar og spådomar om redusert interesse for kultur etter korona-nedstengingar, medreknabibliotek. Så kom Klassekampen 18. desember med eit større oppslag om faren også for «kulturelle seinskadar»; ein langsiktig nedgåande og sjølvforsterkande spiral, slik vi forstår det:
Kulturforskar Bård Kleppe seier til avisa: «Det kan være at vi nå vil se endrede kulturvaner blant publikum – at flere velger å gå turer i skog og mark enn å benytte kulturtilbudene i de store byene. … dette [kan] ramme mer enn bare publikumsinntektene som mange aktører er avhengig av. Dersom kulturbruken går ned, kan det også føre til at befolkningen blir mindre opptatt av at det offentlige skal bruke mye penger på å støtte kulturlivet».
Saka i Klassekampen har fleire innfallsvinklar. Professor Anne-Britt Gran ved Institutt for kommunikasjon og kultur på BI meiner blant anna at: «Myndighetene burde brukt pengene på å bygge opp helsevesenet, … snarere enn å komme løpende med kompensasjonspenger etter hver stenging».
Mange… i alle fall nokre lesarar av denne bloggen hugsar godt stortingsvalkampen i 2005 då noko av det mest drivande som skjedde, og klart det første (over eitt år før valet!), var det raud-grønekulturløftet! AP, SV og SP samla seg om minst 1 prosent til kultur, pluss femten punkt med skriftlege lovnader, jamfør Ny Tid (på partinettstadene slettar dei historikken ved at dei lar det nye og gjeldande avløyse alt det tidlegare. Fleire slettar det også i Internet Archive, sjå til dømes AP. Historielaust og flautt, men kanskje valkamptaktisk lurt …).
I dei femten punkta deira var ikkje biblioteket å sjå, men på Nasjonalbiblioteket var det 1. september 2005 eit ope konfontasjonsmøte med kulturminister Svarstad Haugland og regjeringspartia, der også biblioteket blei tatt opp.
I valkampen i år oppsummerer samfunnsforskarar til avisa Vårt Land 9. september blant anna at: «– Kultur er et lite politikkfelt, det er små penger. I en valgkamp der alle spisser temaene veldig, er det ikke så overraskende at kulturpolitikk ikke er med. Andre små områder er også lite framme, … . Han [Ola K. Berge ved Telemarksforskning] tror det vurderes som dårlig valgtaktikk å gi seg inn i en kulturdebatt. Den passer heller ikke inn i det han kaller medienes strømlinjeformede valgkampnarrativ. Grovt tegnet mener han det kulturpolitiske skillet går mellom Fremskrittspartiet og de andre. – Områder med så stor enighet er vanskelig å spisse».
NOKU – Norsk Kulturforum – gjekk nyleg i Kommunal Rapport relativt kraftig ut mot KS om graden av satsing på kultur i kommunane. For i ei spørjeundersøking frå KS om «kommunenes egne erfaringer fra koronakrisen i 2020» var ikkje kulturfeltet tatt med. Så svarer KS i dag med ei opplisting av tilsynelatande alt dei gjer på området. For ein bloggar som aldri har vore imponert over KS sin interesse for bibliotekfeltet er det freistande å slå på svadafilteret. Då dominerer formuleringar som «styrket kunnskap … tettere dialog … styrket dialog … ambisjoner fremover belyses … fremtidige innsatsområder» osv. Men vi merker oss likevel at KS «samarbeider blant annet med NOKU om en veileder i tverrsektorielt arbeid, og om å synliggjøre koblingene mellom kultur og bærekraft». Og vidare at KS jobbar med «en egen veileder i utvikling av kulturpolitikk».
På eit tidspunkt var det det vel NBF som prøvde å få KS til å engasjere seg for betre vilkår for e-lydbøker til biblioteka, men responsen var minimal. No kunne KS retta opp inntrykket ved å støtte Aslak Sira Myhre og Nasjonalbiblioteket. I foredraget sitt til NBs strategiske råd sa han at han «har gitt bokbransjen ein frist, “og eg tror det blir løyst før det blir ein politisk sak”». Men det var i oktober, og fristen sa han ingenting om.
PS: NOKU har på si side gått ut med ei spørjeundersøking til «kulturledere i kommunen» (då må jo også biblioteksjefen kunne svare). Men også her er svarfristen i det blå.
Trine Skei Grande har vi «hatt eit forhold til» sidan eit stort bibliotekpolitisk møte i foredragssalen på gamle Deichman på tidleg nittital, må det ha vore. Sjeldan såg vi nokon som «tok salen med storm» som henne. Hugser ikkje kva temaet var (sikkert om nye lokale til hovudbiblioteket, som alt då var «like rundt hjørnet»), men TSG viste seg som bibliotekforsvarar av klasse.
Så kom sjølvbiografien hennar i haust. Det var ikkje venteliste verken i Bookbites eller Allbok. Men ho nemner ikkje noko av dette ovanfor, faktisk nemner ho ikkje bibliotek i det heile tatt. På leit etter interessant nytt om kulturpolitikken frå tida hennar, blir vi også skuffa. Men vi kan like godt gje ordet til Ane Farsethås i Morgenbladet 27. november under tittelen «Selvportrett med fartshumper»: «Grande innleder kapittelet om epoken som kulturminister med en populistisk karikatur av feltet hun har hatt ansvar for som «det mest konservative i norsk politikk». Og vidare: «Mange av dem som jobber med kunst og kultur er imot enhver endring og ser alt som er nytt som en trussel».
Her om dagen blogga vi om ein annan kulturtopp som meiner at «De som jämt säger att det går åt skogen, är bibliotekarierna». Etter arbeidaroppstanden i Berlin i 1953 skreiv Berthold Brecht ironisk om DDR-leiinga at dei burde «oppløyse folket og velje seg eit nytt». Diktet heiter «Løysinga». Så blir det for ille …
Vi måtte låne foto av ein velodrom frå Store norske. Foto: Peter Mettler (CC BY SA 3.0)
Vi spådde i går, då vi tok for oss Nasjonalbiblioteket sine bastante signal om at «nu går alt så meget bedre» for norske folkebibliotek, at Svein Arne Tinnesand sin optimistiske artikkel i Bok og Bibliotek ville resultere i fleire motinnlegg. Og i dag er NBF-leiar Vidar Lund på banen med konklusjonen at «Jo, folkebiblioteka får mindre pengar».
Og han supplerer Georg Arnestad på eitt viktig punkt: «Utfordringa er at SSB og kommunane framleis held seg til det utvida – eller utvatna – kulturomgrepet frå 70-talet. Det er liten tvil om at idretten har styrkt seg, mykje på grunn av den enorme stimuleringa som skjer gjennom spelemidlane til idrettsanlegg. Av di fordelinga av spelemidlane er så utruleg skeiv som ho er, blir det økonomisk lettare for kommunane å investere i velodromar og tennishallar med 1/3 dekning frå spelemidlane. Medan kommunen i røynda må ta heile investeringskostnaden om det trengst eit nytt bibliotek eller anna kulturlokale. Dette påverkar òg sjølvsagt driftskostnaden, ved at kommunen må betale mykje meir i renter og avdrag ved å byggje eit bibliotek til 50 millionar kr enn eit idrettsbygg til 50 millionar kr».
Les også slutten på innlegget, om kommune- og bibliotekøkonomien i 2021. Og gå heim og sprett ei flaske raudt eller to.
Det handlar om ei innbyding til debatt om ein statleg kulturpolitikk i Danmark. Initiativtakar er Danmarks Biblioteksforening ved leiaren Steen Bording Andersen:
«Danmark har en række delstrategier men ikke en overordnet plan for kulturen. Det er omkring 20 år siden vi sidst fik en redegørelse, der satte kulturpolitikken ind i et større perspektiv. Der er sket utroligt meget på kulturområdet siden årtusindeskiftet, og ikke mindst corona-krisen har vist os alle, at kulturen spiller en vigtig rolle i det danske samfund».
I Klassekampen i dag finn vi eit av dei betre innlegga i debatten om statue-riving eller ikkje av i 2020 politisk ukorrekte førfedrar eller -mødrar. Forfattar er Andrea Gaarder, mangeårig aktivist på skolebibliotek i den vidaregåande skolen, tillitsvald i BF osv.
Ho let oss re-printe heile innlegget her på bloggen:
Reis nidstanga!
Flere ønsker å fjerne statuer av Winston Churchill og Ludvig Holberg i Oslo. Om de vil opplyse nye generasjoner om helters mindre heroiske sider, vil det være bedre å rette en nidstang mot statuene. Dette var en effektiv demonstrasjonstradisjon på Island og i Norge mot noen man mente hadde gjort seg skyld i stygge saker. Et dyrehode ble tredd på en stang og langs sidene ble det risset inn en tekst om det gale noen hadde gjort.
Nidstanga ga uttrykk for avsky og vanære. Et kjent eksempel omtales i Egils saga – om da den islandske høvdingen Egil Skallagrimsson reiste en nidstang mot den norske kongen Eirik Blodøks og dronning Gunhild.
Å rive statuene vil være løsrevet fra den historiske sammenhengen. Jo visst hadde Holberg en aksje i slavehandelen og Churchill hadde i ord og gjerning vist sin rasistiske innstilling. Men det gjelder også å se …
«Koronakrisen har avslørt regjeringens feilslåtte kulturpolitikk», meiner vår gamle ven Bernhard Ellefsen i Morgenbladet denne veka. Det er ein verkeleg saftig karakteristikk av regjeringas og særleg to Venstre-statsrådars kulturpolitiske honnørord-flaum og tomme svada. Og han avrundar slik: «De siste månedene har politikken dessuten vist seg å være faglig og sosialt uansvarlig. Til og med folkebibliotekene har holdt stengt, mens Elkjøp og Biltema har hatt butikkene fulle av kunder. Dette skyldes ikke permitteringer, men er like fullt en konsekvens av at kulturpolitikere sitter på hendene i krisetider, mens politikere og byråkrater i andre departement jobber vettet av seg for å redde sine felt. Kulturens kraft? Den må dere lenger ut på landet med».
Steffen Kverneland på bok365.no: Slutt “å mase på kunstnere om at de skal være «entrepenører». Og: “Gaveforsterkingsordningen … er skjult subsidiering av de superrikes smak.”
Eit bryggeri hadde denne løysinga ei tid. Men ikkje lenge
I går var det debatt om kulturmeldinga på Stortinget. Få i bibliotekmiljøet hadde spesielt stor von til meldinga då ho kom i november, men var nøgde med at biblioteklova skal få halde fram som i dag og ikkje bakast inn i kulturlova. Men det blei likevel ei særs interessant oppleving på Stortinget i går, for sjeldan har vi sett ein så bastant retrett av ein tidlegare sjølverklært «bibliotekpolitikar» og sjeldan ei så hyklersk framferd frå opposisjonen. Og dét frå ein vi aldri hadde trudd vi skulle kome til å sitere igjen.
Her tenkjer vi ikkje på Freddy André Øvstegård. For han tok opp att SV sitt krav om kulturløft, medrekna bibliotekløft, med øyremerkt statstilskot. Og han kunne samtidig ikkje unngå å kritisere Venstre for å ha forlate det liknande standpunktet som dei hadde hatt heilt frå 2013 og fram til stortingsvalkampen.
Michel Steen-Hansen, direktøren i Danmarks Biblioteksforening, bloggar i dag om kulturpolitikken versus finanspolitikken i eit par-tre generasjonars tilbakeskuande perspektiv. Utgangspunktet hans er ein artikkel i Information, som vi ikkje har tilgang til, men der det handlar om den offentlege kulturpolitikkens barndom på tidleg 1960-tal (litt seinare her i landet) og ein sosialdemokratisk profeti på den tida om at «undervisningsministeriet og kulturministeriet vil blive mere betydningsfulde ministerier end finans- og økonomiministeriet». Men slik skulle det ikkje gå, for å seie det mildt …
Steen-Hansen (?) konkluderer: «Allerede fra midten af 1960’erne og især i 1970’erne kom velfærdsstaten i økonomisk krise, og man begyndte at bekymre sig om, hvordan man overhovedet skulle føre projektet videre. Dermed mistede kulturpolitikken også tyngde – og i de seneste år er kunsten blevet indlemmet i konkurrencestatslogikken.»
Og då er det berre logisk at Kommunal Rapport nokre minutt seinare fortel oss at «Å ha kultur for justering vil være til det beste for innbyggerne når endringstakten stadig øker i Kommune-Norge.»