Archive for ‘Kunnskapsbiblioteket’

august 23, 2019

Hugs tidsskrifta (2)

tfs_2019_03_2x.jpgPå bloggen er vi opptekne av lagnaden til tidsskrifta, både i og utafor biblioteka, jamfør ei sak i går, der vi kommenterte ein påstand om at biblioteka ikkje har råd til å betale 25 prosent av det femten abonnement på norske kulturtidsskrift kostar.

Straks etter utgjevinga presenterer vi kort ein ny artikkel eller eit nytt nummer av eit tidsskrift blant dei som har open tilgang i Idunn.no, og som vi meiner bør ha interesse for mange lånarar i folkebiblioteka.

Denne veka kom nummer 3, 2019, av Tidsskrift for samfunnsforskning. Fleire av artiklane grip direkte inn i aktuelle debattar, og vi vil sjå den kommunen der ingen av innbyggjarane vil ha interesse for noko av dette stoffet.

august 22, 2019

Har ikkje biblioteka råd til norske tidsskrift?

Skjermbilde 2019-08-22 22.52.51

>> Saka kom på Dagsnytt18 23. aug., med viktig fråsegn av NBF-leiaren.

Både i går og i dag handlar hovudoppslaga på Klassekampen sine kultursider om ulike problem for dei norske kulturtidsskrifta. I dag, torsdag 22. august, ser dei på følgjene for folkebiblioteka, og dei intervjuar NBF-leiar Mariann Schjeide.

Svaret hennar kan vi kort, men litt polemisk, oppsummere slik: Innkjøpsordninga må biblioteka få behalde, for dei har ikkje råd til å bruke meir på tidsskrift, fordi det er så vanskeleg å måle bruken av dei, og ikkje blir dei mykje brukte heller. Følgjeleg: Vi må prioritere det som synest på statistikken.

Det siste er det ikkje ho som seier, men det er vår svært nærliggjande konklusjon.

Men kan kunnskapsinstitusjonen det norske folkebiblioteket sjå seg sjølv i augo om dei lèt framtida bli slik?

I dagens avis får vi vite kva som kjem i staden for innkjøpsordninga, nemleg at «tidsskriftene kan søke om subsidiering av abonnementer til offentlige institusjoner. Kulturrådet tilbyr seg å subsidiere abonnementene med 75 prosent av ordinær pris.»

Dette er sjølvsagt ein nedtur for biblioteka. Og NBF-leiaren seier det er …

read more »

august 16, 2019

Bibliotek-nedsnakking til ettertanke

Skjermbilde 2019-08-16 13.04.15

Biblioteket som tidtrøyte. Sthlm stadsbibliotek, juni 2019

>> På den blodferske sida vår på Facebook er det tilløp til debatt om dette temaet. Bli med!

Timbro er ein svensk nyliberal tenketank/forlag/ kursarrangør/you-name-it som vel må kallast «mora» til norske Civita. Dei har også ei bloggliknade side, «Smedjan», med eit innlegg onsdag denne veka om at «Biblioteken klarar sig själva». Bodskapen er at å sleppe til private, frivillige og amatørar måtte bli like bra, og billegare for skattebetalarane sjølvsagt, og då blir ein i alle fall kvitt den politiske einsrettinga (ein gammal svensk offentleg debatt).

Kor nytt og alvorleg dette eventuelt er blir no drøfta blant bibliotekfolket på Biblist, eit nettforum på linje med vårt Biblioteknorge. Ein kommentator meiner det ikkje er så dramatisk, for denne linja «har nog väldigt lite, om något alls, folkligt stöd». Og desse på høgresida kan jo ikkje einsidig preike økonomisk liberalisme, «man måste ju ha ett litteraturperspektiv i bibliotekssammanhang.»

På denne bloggen ser vi likevel grunn til ettertanke når vi les sånt: 

read more »

august 5, 2019

Atekst og søk i basar: Nedslåande frå Sandefjord

Skjermbilde 2019-08-05 23.41.43

Årleg publikasjon då biblioteka rula innan datasøking. NB: Finst ikkje i bokhylla.no. Kan nokon digitalisere dei??

>> Sjå viktige kommentarar nedanfor

Læringssenteret ved Sandefjord videregående skole har tatt eit godt initiativ, i nært samarbeid med Institutt for Arkiv, bibliotek og informasjonsfag ved OsloMet: Ved to høve dei siste åra har dei undersøkt kor mykje lærarane bruker databasesøk som er tilgjengeleg via læringssenteret (tidl. biblioteket), og meir spesifikt avisartikkelbasen Atekst. Men desse respondentane, altså ei gruppe med både fagspesifikk mastergrad og pedagogisk utdanning, ved landets største vidaregåande skole og med eit høgst oppegåande læringssenter (vi har vore der og sett), avslørte eit farleg lågt nivå:

read more »

juni 15, 2019

Hugs tidsskrifta (1)

På bloggen har vi vore opptekne av lagnaden til tidsskrifta, både i og utafor biblioteka. Frå no av (men kanskje ikkje i juli) vil vi ein gong i veka presentere ein ny artikkel i eitt av dei norske kulturtidsskrifta som til kvar tid har open tilgang gjennom Idunn.no, og som vi meiner bør ha interesse for mange lånarar i folkebiblioteka.

Denne veka tar vi føre oss ein artikkel i Norsk medietidsskrift nr. 2/2019: «Et varslet folkemord? Dekning av Holocaust i norsk og svensk presse» av Rune Ottosen, professor i journalistikk ved Oslomet.

I innleiinga heiter det:

read more »

juni 5, 2019

Referansebibliotekaren i samfunnet

Tidsskriftet Bibliotek i samhälle, med undertittelen Biblioteksdebatt från vänster, har i nr. 1/2019 meldt ei US-amerikansk bok om referansearbeid i bibliotek: Reference Librarianship & Justice frå det interessante forlaget Library Juice (vi har gjennom åra skrive om fleire av bøkene deira).

Vi siterer frå bokmeldinga:

«Frågor som diskuteras rör sig kring referensbibliotekariens identitet i förhållande till det sammanhang hen verkar i: vilken roll har hen i arbetet för ett mer inkluderande och rättvist samhälle, hur kan hen verka?»

mai 22, 2019

Systematiske litteraturoversikter – også for folkebibliotek

Skjermbilde 2019-05-22 20.51.54

Oppslagsverk er ut. Nettressursar er in.

Eit relativt heitt tema for bibliotekarar på universitet, forskingsinstitusjonar og høgskolar i desse dagar er systematiske oversikter og -søk. Retta mot forskarar først og fremst. Ein ganske omfattande artikkel har funnest på norsk Wikipedia alt i fleire år, og i eit prosjekt på UBO deler dei viktig kunnskap, særleg rundt dei medisinske biblioteka, men også samfunnsfaga kjem med.

Men her på bloggen meiner vi ein bør tenkje slik også når det gjeld folkebibliotek og brukarane deira. Kompliserte prosessar av ulike slag er i dag blitt vanlege i store og små kommunar, der både fagfolk, politikarar, lokalpresse og innbyggjarar vil ha nytte av gode tematiske litteraturlister på nett. Og kven andre enn biblioteket, …

read more »

mai 15, 2019

Sven Lindqvist (1932 – 2019)

Forfattaren og bibliotekvenen Sven Lindqvist døydde 14. mai. Underteikna intervjua han for Bok og bibliotek i 1994. Han var ein ubunden radikalar og demokrat med integritet så det heldt. På bibliotekskolen i Oslo på midten av 1970-talet var boka hans «Grav der du står» ein slags uoffisielt pensum.

På ein konferanse i Trondheim i 1988 lanserte han biblioteka som folkets forskingssentralar:

read more »

april 5, 2019

Fakta eller «vidunderlige løgnehistorier»?

Skjermbilde 2019-04-05 14.39.19

Faktalitteraturen var nok viktigare før. Klikk og kikk

Danske bibliotek er på banen med ein stor kampanje der hovudbodkapen er «Fakta uden fake – som ingen andre steder». Indirekte polemiserte vi mot dette nyleg ved å meine at biblioteket, i alle fall norske, har abdisert som den store faktaleverandøren etter at Google overtok det aller meste av «referanseoppgavene».

I går tillot seg ein dansk reklamemann, på nettstaden Dansk Markedsføring å meine noko av det same; at biblioteket er mest skjønnlitteratur og dermed meir «vidunderlige løgnehistorier» enn fakta. Sjølvsagt hadde direktøren for Danmarks biblioteksforening ein replikk til dette, og, som vi sist skreiv, har dei i Danmark nokre fleire motargument enn her i landet.

 

mars 25, 2019

Angsten for faglitteraturen

fakta tromsø

Bibliotekarisk sjølvironi?

Som kvart svensk forsøker vi å overtyde oss sjølv om at påstandane til Knausgård med fleire er overdrivne når dei skriv om den «einøygde» svenske kultureliten, om den svenske angsten for alt som ikkje er «politisk korrekt» og for å krenke ein eller annan.

Men på det svenske forumet Biblist toppa det seg fredag med eit forslag om å starte ein bokvalsdebatt frå ein bibliotekar som personleg er «emot att köpa in böcker som är ovetenskapliga». Utgangspunktet var eit innlegg om at bibliotekarar bør setje seg inn i kritikken mot ei kontroversiell bok som i vitskapelege vendingar hevdar det er nær samanheng mellom matvanar og psykisk helse. Og som er kjøpt inn av såpass mange som 129 bibliotek.

Medbloggaren vår, Mikael Böök, åtvarar sterkt mot denne haldninga i eit svar. Han vedgår at til dømes Daniel Ellsbergs bøker og lekkasjar om USAs atomvåpenprogram osv. ikkje er vitskapelege i streng forstand. Til dømes den nyaste boka, «The Doomsday Machine», er «en bekännelsebok! Är den då ovetenskaplig? Ja, varje bekännelsebok måste i någon mån vara det.»

Men biblioteka må ha desse bøkene. Berre åtte svenske bibliotek har denne, skriv han. I Noreg berre eitt (?).

Les Böök sitt innlegg:

read more »