Biblioteket og vaksineskepsisen

Vaksinemotstand i London i 1802. Klikk og les om bakgrunnen for karrikaturen

I Klassekampen i dag er redaktør Mari Skurdal klar på at det finst «Ingen snarvei» når det gjeld å hindre eller avgrense vaksineskepsisen i folket. Med solide referansar skriv ho at «Det eneste som hjelper, er å ta skepsis på alvor og besvare den så saklig som mulig».

Altså bibliotekarmat! Kunnskap skal vere biblioteka sin styrke, har vi høyrt. Og folk har stor tiltru til biblioteket.

Men kva kan biblioteket by på? På Biblioteksøk gir «Vaksineskepsis» null treff og «vaksinemostand» eitt, men dette er irrelevant. Men «Covid19» gir 64 treff i bøker og «vaksinasjon» 127. Det kan ein kanskje få gjort ei lita bokutstilling av.

Men kva så med heimesida og informasjonsskjermane? Då går vi sjølvsagt til Helsebiblioteket.no, der vi i alle fall finn lenker til to oppdaterte artiklar på FHI. Men med gode lenker vidare pluss referansar til fagleg stoff. Bokmåls-Wikipedia ser også ut til å ha ein god, i alle fall omfattande artikkel. Søk i Helsebiblioteket.no på «vaksine AND covid19» gir 93 treff som ser lesbare ut for dei fleste.

Litt meir prøving og feiling: I Google Scholar får vi 22 ferske treff (nyare enn 2016) på «vaksinemotstand» og 16 treff på «vaksineskepsis». Vi har ikkje søkt på andre språk.

Men så er jo biblioteket blitt eit debattbibliotek og skal også vere skeptisk til vaksineskepsisskeptikarane …

Dei danske biblioteka si teneste Faktalink.dk har sjølvsagt ein balansert artikkel om «Vacciner». Kvifor har ikkje norske bibliotek ei tilsvarande teneste?

Leave a Reply