Mariann Schjeide: – Debattar som det sprutar av

I Aftenposten i dag, 26.11.2013, har biblioteksjefen i Ålesund, Mariann Schjeide, et leserinnlegg med utgangspunkt i den nye formuleringa i biblioteklova om det uavhengige biblioteket og biblioteket som arena for samtale og debatt. Hun skriver blant annet:

“… på denne møteplassen kan vi også ha debattar som det sprutar av, som gjer oss til ein viktig demokratisk premissleverandør. Biblioteka er sentrale i alle lokalsamfunn, ein stad med stort truverde og tillit. Biblioteka har lokalkunnskapen, om det no er ein debatt om vegnamn eller skulenedlegging, eller dei store sakene av nasjonal interesse”.

Innlegget hennes i avisa er forkorta, men vi har fått lov til å publisere den fulle teksten. Denne er identisk med et innlegg hun hadde på lista biblioteknorge 14. november. Men først kommer teksten fra innlegget i Aftenposten. Klikk på Read more:

Debattar det sprutar av
Leserinnlegg av Mariann Schjeide i Aftenposten 26.11. 2013:

Ein ny lovtekst i biblioteklova seier at biblioteka «skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt». Kva ønskjer ein med dette? Berre setje fram kaffi og kaker og sørge for lyd i mikrofonane?

Det er biblioteka som sjølvstendig kjøper inn media som drøftar alle slags emne frå politisk ytterste høgre til ytterste venstre, og då må vi også kunne forsvare at dei same emna blir debatterte i biblioteka utan å spørje rådmannen om lov. Vi må vite kva som rører seg ute i verda for å stette kravet om «kvalitet, allsidigheit og aktualitet». Skal vi greie å vere litteraturhus, det vil seie det folk etterkvart forbinder med eit litteraturhus, da må vi ta samfunnsoppdraget vårt alvorleg. Som kunnskaps- og danningsarena må dei viktige debattane også få plass i bibliotekrommet.

No har biblioteka ein genuin sjanse til å innta det som kanskje blir vår viktigaste rolle framover, ikkje berre vere ein møteplass, for det veit vi at vi kan. Men på denne møteplassen kan vi også ha debattar som det sprutar av, som gjer oss til ein viktig demokratisk premissleverandør. Biblioteka er sentrale i alle lokalsamfunn, ein stad med stort truverde og tillit. Biblioteka har lokalkunnskapen, om det no er ein debatt om vegnamn eller skulenedlegging, eller dei store sakene av nasjonal interesse. Det er biblioteksjefane si oppgåve å hente fram dei politisk betente sakene også. Kven kjem elles til å gjere det? Det er det som er å vere seg bevisst biblioteket si rolle i lokalsamfunnet framover.

BIBLIOTEKA SOM LITTERATURHUS – EIN DEBATT OM DEBATTAR

(Dette er den fulle teksten, som hun også hadde på lista biblioteknorge)

Det har vore ein aktuell debatt om debattar i Drammens Tidende, der biblioteksjefen og fylkesbiblioteksjefen er noko usamde i kva biblioteket som litteraturhus skal innehalde. Biblioteket i Drammen ønskjer å vere eit slikt litteraturhus, og har allereie hatt ein stor debatt i sine lokaler om romfolk og tigging. Sett på bakgrunn av dette har vi også den nye lovteksten i biblioteklova som presiserer at biblioteka skal vere ein stad for formidling, offentleg samtale og debatt. Ein kan spørje seg kva slags føringar som ligg i dette, kva som er grunntanken bak. Her er det rom for å la tusen blomster blomstre, men det som eg er ganske sikker på IKKJE er meint er at vi når det blir krevd av oss å vere ein debattarena, så handlar dette om langt meir enn å halde lokale, setje fram kaffi og kaker og sørge for at det er lyd i mikrofonane.

Når vi kjøper inn media til biblioteket så må vi vite kva som rører seg ute i verda for å stette kravet om “kvalitet, allsidigheit og aktuelitet”. Kva blir debattert, kva er i vinden, kva strides vi om, kva er aktuelle politiske saker, osv. Skal biblioteket vere ein demokratisk aktør så må mediestammen vår gjenspegle dette. Skal vi vere attraktiv som debattarena, så gjeld i høgste grad dei same prinsippa. Vi må vere bevisste og selektive i kven vi inviterer, rundt kva som skal debatterast og vi må vere aktive og “på” for å plukke opp emner det svinger av.  Eg er heilt samd med fylkesbiblioteksjef Trond Minken i Buskerud om at skal ikkje biblioteksjefen setje ein agenda for kva som skal skje i debattane, kven som skal inviterast, kva som skal setjast på dagsorden – ja, kven skal då gjere det? Vi kan ikkje vente på at debattantar og aktørar skal kome til oss, vi må sjølv vere ein aktør. Om vi skal vere eit sentrum for dei “sexy” debattane da må vi følge opp mandatet vi har fått, for det er faktisk ganske vidtrekkjande og ambisiøst, “vere ein stad for offentleg samtale og debatt”. Og då er det strengt tatt ikkje noko tema som er for stort, for betent, for alvorleg. Skal vi greie å ta rollen som litteraturhus og det som forventast av oss, og då meiner eg den rollen som folk etterkvart forbinder med eit litteraturhus, så må vi vere på når det skjer. Det er det som er å vere bevisst vår rolle som biblioteksjefar, snappe opp kva som rører seg, få det innanfor biblioteket sine veggar og få i gang debatten. Da først er det vi tek samfunnsoppdraget vårt på alvor. Då kan vi nemleg ikkje bruke tid på å spørje rådmann og administrasjon om det er greit, vi har det nedfelt i lova, og det er vi som er fagleg ansvarlege for vårt område. Her bør det overhodet ikkje vere rom for sedvanleg servilitet! Det er vi som kjøper inn media som drøftar alle slags emner frå politisk ytterste høgre til ytterste venstre, og då må vi også kunne forsvare med den største sjølvfølge at dei same emna blir debatterte i biblioteka.

No har biblioteka ein genuin sjanse til å innta det som kanskje blir vår største og viktigaste rolle framover, ikkje berre vere ein møteplass, for det veit vi at vi får til, det har vi vore i mange år allereie. Men på denne møteplassen kan vi også få til debattar som det sprutar av, som gjer oss til ein viktig demokratisk premissleverandør og aktør. Då kan ikkje politikarar kome utanom oss, for vi skal sjølvsagt invitere også dei til desse debattane. Derfor er det biblioteksjefane si oppgåve å hente fram dei politisk betente sakene også, kven skal elles gjere det? Kven elles kjem til å gjere det? Det er dette som er å kjenne si besøkelsestid og sitt samfunnsoppdrag i ei ny tid for biblioteka. No er det opp til oss å vere offensive. Tenk berre på dei enkelte biblioteka ute i kommunane og kjennskapen dei har til sitt eige lokalmiljø, om det no er ein debatt om vegnamn, skulenedlegging eller jaktrettar, eller dei store sakene av nasjonal interesse. Det er det som er å vere ein bevisst biblioteksjef, det er det som er å forstå biblioteket si rolle i det lokalsamfunnet vi er ein del av.

Mariann Schjeide

Biblioteksjef, Ålesund bibliotek

4 Trackbacks to “Mariann Schjeide: – Debattar som det sprutar av”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: