Zoom inn, zoom ut?

På Moss bibliotek har dei slett ikkje skrota DVD-samlinga og plussar no på med eigen filmklubb

Jo, dette er namnet på ein flunka ny DIGITAL FILMKLUBB i regi av Mossebibliotekene. Onsdag 6. oktober kl. 18.00 er dei på FB med «… en av Norges mest interessante filmregissører og manusforfattere – Dag Johan Haugerud! Mannen – som til daglig jobber som bibliotekar – skrev sin første bok «Noe med natur» i 1999, og har siden opplevd å vinne Amanda for både regi og manus for så vel «Som du ser meg» i 2013 og «Barn» i 2020! I tillegg skjenket P2-lytterne ham den høythengende romanprisen i 2016 for «Enkle atonale stykker for barn». Vi gleder oss til å snakke med Dag Johan om den oppsiktsvekkende karrieren hans – og kunsten som har oppstått underveis».

Kristoffer Tangård, ansvarleg for dette på Moss bibliotek, fortel oss at dette er ein digital møteplass som baserer seg på lesesirkelprinsippet: Du ser ein gitt film og møtast på Zoom hvor éin eller fleire bibliotektilsette er «vertar» for ein samtale. Filmoteket brukast til å velje ut filmane.

Sjølv om denne klubben er grenselaus, vil vel oppretting av lokale klubbar ha noko å seie for lokal oppslutning. Tenkjer bloggaren. Så her bør filminteresserte bibliotekfolk melde seg på og sjå kva som er muleg å få til utan å måtte gå til innkjøpsstopp i mars.

Sjå blogginnlegga våre under kategorien Filmformidling.

Kjell Askildsen og biblioteket

Bysten i Mandal bibliotek

Ved hjelp av Nrk.no i dag må vi konstatere at forfattaren Kjell Askildsen gjekk ut av tida i går, 91 år gammal.

Vi vel å sitere oss sjølve frå 2018 og «… historia om biblioteket og kampen om innkjøp av mandalitten Kjell Askildsens debutbok fra 1953, novellesamlinga Heretter følger jeg deg helt hjem. I den ene lokalavisa fikk boka god kritikk, men i den andre, eid av Indremisjonen, ble boka omtalt bare fordi «vi har fått sterke anmodninger om å advare folk mot å kjøpe den». Dette var altfor vågalt og «erotisk» for sørlandsbyens borgerskap. Noe som ble en «sak» i hovedstadsavisene, som ga boka god reklame.

I bibliotekstyret gikk kampen i flere runder, der Arbeiderpartiets representant tapte så det sang mot sognepresten, som var formann, og hans likesinna. Askildsen mista jobben som turistsjef og forlot etter hvert byen. Før han i 1999 fikk kommunens kulturpris og nå tar imot folk når de kommer til det nye, flotte biblioteket, i form av en byste ved inngangen».

Vi har også sitert Inge Eidsvåg om Askildsen i fjor: «Kjell Askildsen mot overdreven oppstemthet».

Eit lite bibliotekskandinavisk språkmøte (det er fredag)

Det var «berre» dei sju-åtte hundre åra som Sverige rådde over Finland at Stockholm låg sentralt og eigna seg best som rikets hovudstad. Til dømes Gøteborg er mykje nærmare resten av Europa. Hadde denne «Sveriges framsida», for ikkje å seie Karlstad, vore hovudstad, ville svensk og norsk vore eitt språk, har nokon sagt. Men slik blei det jo ikkje.

Også på bibliotekfeltet har vi nokre interessante språkskilnader mellom dei to landa. Mange kjenner norsk kassere mot svensk gallra, kjøpe inn mot förvärva, avis mot tidning osv. Men i dag oppdaga vi eitt tydelegvis godt innarbeidd svensk ord som slett ikkje blir innlysande på norsk: For kva i all verda er eit kapprumsbibliotek? Og kor finn vi slike? Svaret finn vi med eit enkelt biletsøk på Google.

Det er jo eit fint og ganske lett ord å uttale. Barnehagebibliotek på norsk er tyngre, men det er presist på kor denne «institusjonen» finst.

Også interessant: Eit biletsøk på «barnehagebibliotek» kan tyde på at dei norske ikkje er så strengt lokaliserte til garderobane som dei svenske. Er dette faktisk eit søtt, lite døme på korleis språkbruk og ordval kan påverke realitetar?

Svenskane har elles eit anna, endå meir elegant og eksotisk ord for kapprum: Tambur! Men kan ein viss musikkvideo ha skapt nokre litt for vågale assosiasjonar, ikkje berre hos svenskar flest, men også arkitektar, slik at kapprum er blitt det gjengse ordet? I alle fall i barnehagar (norske eks-kulturminister Åse Kleveland forsøkte seg vel også med denne låta i Ballade-perioden?).

Tamburbibliotek hadde vore noko!

Dordei i hundre!

Tok sjansen på å låne dette frå Knut Olav Åmås sin twitterkonto

>> Nytt 5.1.23: Dordei Raaen gjekk bort 18. desember 2022, 101 år gamal.

Litt forseinka: 17. september 2021 var det eit heilt spesielt bibliotekarjubileum. Dordei Nesheim Raaen blei 100 år. Frå artikkelen om henne i bibliotek-delen i Lokalhistoriewiki (no er det blitt 65 bibliotekar-artiklar der):

«Hun var den første fagutdannede bibliotekaren i en landkommune og en klassisk folkeopplyser. Særlig arbeidet hun for å spre leseglede blant folk flest. … I 1949 ble hun sjefsbibliotekar ved Odda bibliotek, der hun arbeidet til hun gikk av med pensjon i 1984. Da hun kom til Odda, var biblioteket på 100 m2, men etter sterk lobbyvirksomhet fra Raaen, ble biblioteket tildelt 750 m2 i rådhuset. Her var det lesesaler, barneavdeling og studierom, og utlånstallene gikk rett til værs».

Ho flytta til Stavanger i 2020, og, ifølgje Vårt Land: «Hun stortrives i Solvang omsorgsboliger».

Vi kan leggje til at Dordei i alle fall frå 1970-talet og utover var ein framifrå samtalepartnar for den dåverande unge generasjonen av progressive bibliotekarar her i landet. Ein gong trefte vi henne og tok ein kaffi saman på Oslo S, der vi venta på kvart vårt tog. Toget hennar gjekk først, og det var ikkje vår skuld at ho berre såvidt nådde det.

Frå saka i A-magasinet i 2015

Les om henne og biblioteket som ho styrte i fleire tiår i Odda. Og alle dei framifrå Odda-forfattarane som ho inspirerte frå før dei kunne lese:

Gratulere med dagen som var!

PS: Jaggu på tide at ho kjem med i lista vår over Barske bibliotekarar!

Bør biblioteka kutte ut Facebook?

Mark Zuckerberg 1984 Berlin Graffiti av Victorgrigas (CC BY-SA 3.0)

Journalisten, fagbla’ til journalistar og frilansarar som underteikna, skriv i dag om kvifor Datatilsynet vel å ikkje vere på Facebook og at «Teknologirådet, som gir råd til Stortinget og regjeringen om ny teknologi, mener Datatilsynets vurdering vil føre til at flere offentlige aktører kommer til å legge ned sine Facebook-sider». Det siste siterer dei frå NRK.

« – Vi tror at de som hadde ønsket å besøke Datatilsynets side på Facebook, ville hatt en forventning om at vi visste hva som ble lagret dersom de for eksempel klikket liker på vår side, eller hva slags opplysninger som ble registrert bare ved å besøke siden vår. Og det kan vi rett og slett ikke svare på», seier Thon i Datatilsynet.

Kor viktig er FB for folkebiblioteka? Ganske viktig, vil vi tru, etter kor mykje stoff vi finn på bibliotek-Facebooksider til denne bloggen.

Biblioteka og IT-leverandørane deira er tydelege på at personvernet er viktig for dei, trass i avsløringar av feilsteg eller også likesæle. Men denne FB-saka må dei ansvarlege på bibliotekfeltet sjå på. Mange bibliotekbrukarar gir nok frå seg meir sensitive personopplysningar på Facebook enn i utlånsregistera. Og på FB er det ikkje rutinar for sletting heller.

Denne bloggen har også ei FB-side, der vi deler blogginnhaldet. Til no har vi ikkje problematisert dette. Personleg er vi jo på førehand så kompromiterte at vi føler vi har lite å tape, men med tanke på folk som følgjer, deler og kommenterer, bør vi ta eit generaloppgjer på dette. På FB har vi 58 følgjarar, av totalen på 919, dei fleste direkte til bloggen.

Kva vi også bør snakke om når vi snakkar om biblioteket som demokratisk arena 2

Klikk og kikk

For ein dryg månad sidan hadde vi den same overskrifta på eit blogginnlegg, då som no meint som ein førehandsreplikk til bibliotekseminaret i Stavanger 22. september, altså om to dagar. Der blir temaet: «Hva er det politikere og byråkrater snakker om når de snakker om «biblioteket som demokratisk arena?»

Det førre innlegget i denne «serien» handla om ei bok av ein kanadiar, Sam Popowich: «Confronting the Democratic Discourse of Librarianship : A Marxist Approach». Denne gongen tar vi utgangspunkt i ei heilt fersk bok av endå to kanadiarar (men innflytta frå England for nokre år sidan): Joe og John Pateman: «Public Libraries and Marxism».

Men først eit steg tilbake i tid: Underteikna intervjua John Pateman for «Bok og bibliotek» i 2002: «Bibliotek for dei utstøtte». Då etter eit møte med han i London. I bydelen Merton, der han var biblioteksjef, presenterte han forma si for sosial eller oppsøkande bibliotekverksemd slik:

«I praksis skjer det ved at vi aktivt oppsøkjer dei ulike miljøa, både arbeids- og heimlause, etniske minoritetar, asylsøkjarar og flyktningar, funksjonshemma og andre som vi ser kan ha glede og nytte av biblioteket, men som ikkje veit om det eller tør bruke det. Vi tilbyr heilt konkret å ta dei i handa og leie dei inn i biblioteket, der vi tar imot dei med informasjon og tilpassa tilbod. Dette er det vi legg i å vere proaktiv og «å blande seg inn» (intervene). Vi har no oppretta faste avtalar med ulike grupper og miljø og dreg dei direkte inn i planlegginga av tilbodet og av ulike arrangement».

Dette har John P reindyrka etter at han flytta til Kanada og blei biblioteksjef i Thunder Bay, …

Les mer «Kva vi også bør snakke om når vi snakkar om biblioteket som demokratisk arena 2»

«- Hvis du kjeder deg på julaften…»

Siste nytt frå avisa Varden: Når Porsgrunn bibliotek lanserer meiropning vil dei lokke folk til å gøyme seg på biblioteket på julekvelden! (meir får vi ikkje vite, for vi blir stoppa av betalingsmuren).

Å leike gøymsle på biblioteket er ikkje noko nytt, i alle fall ikkje i Denver, Colorado. Men seriøst: Ein kan vel også gå dit denne kvelden for å vere sosial? Til denne lågterskelmøteplassen vår framfor alle!

Ser vi ein ny, alternativ julekveld-trend!? For folk som har fått nok av både svineblót og basusjern.

«- Dermed kan både kunstnere og biblioteker forvente et solid løft»

Slik heiter det i ei etter-stortingsvalet-sak på kultursidene i Klassekampen i dag. Denne sjølvsikre lovnaden blir konkret knytt til to kulturpolitiske storhendingar, får vi inntrykk av, frå den førre raud-grøne perioden:

«Etter åtte år med blå kulturpolitikk lover SV, Sp og Ap å følge opp løftene fra Kulturløftet 3: Den kulturelle grunnmuren skal styrkes over hele landet, i tråd med anbefalingene fra det såkalte Enger-utvalget i 2013».

Ein skal helst ikkje jakte på negative poeng når noko så positivt har skjedd som dette regjeringsskiftet, og når folk som Freddy André Øvstegård (SV) og Anette Trettebergstuen (Ap) uttaler seg om kultur- og bibliotekpolitikk. Men i samanheng med Kulturløftet 3 og Enger-utvalet skjedde det faktisk ikkje noko særleg i raud-grøn regi. I alle fall ikkje for folkebiblioteka:

Den omtalte kulturelle grunnmuren til Enger-utvalet var ingen annan enn folkebiblioteket. Men i «Kulturutredningen 2014», som namnet var, var biblioteket også den store taparen på kulturfeltet under dei to første «kulturløfta» til dei raud-grøne mellom 2005 og 2013. I kontrast til gode løft på dei fleste andre kulturområda. Enger & co. kravde tøffe tiltak for biblioteka og meinte styresmaktene måtte vurdere øyremerking.

Men då underteikna (som dåverande journalist for NBF) intervjua APs kulturminister Hadia Tajik under lanseringa av rapporten, avviste ho bryskt at øyremerkt statstilskott var aktuelt (dessverre forsvann dette intervjuet frå NBF-sidene, saman med det meste anna «eldre» innhald, i samband med ei minimalisering av nettstaden for nokre år sidan).

Det heiter vidare i Klassekampen at «Etter den rødgrønne valgseieren er kulturlivets forventninger skrudd i taket». Men det stemmer ikkje særleg godt med valprogramma frå i år. I alle fall ikkje for folkebiblioteka sin del.

Digitalt på folkebibliotek – bra og slett ikkje bra

Søk på «digitalisering» i bloggarens Google Photo gav bl.a. dette treffet. Sa vi kunstig intelligens?

Det som er bra er at Prosjekt Digin har kome godt i gang, takk vere eit oppgåande nettverk av norske fylkesbibliotek (ein bibliotektype som derimot den nasjonale bibliotekstrategien ikkje har spesielt ambisiøse, nye planar for).

Det mindre bra kan samanfattast i særleg desse to setningane frå Digin si nye undersøking, lansert i dag:

«Omtrent hvert femte bibliotek oppga at de ikke tilbyr digitale innholdstjenester. Over halvparten av disse oppga tid og økonomi som hovedgrunner til dette. 5 prosent av de besvarende bibliotek mente lånernes behov ble dekket med den fysiske samlingen og gjennom BookBites/Allbok».

To-delinga mellom store, sterke versus små, svake folkebibliotek blir stadig tydelegare.

Vi har før skrive mykje om dei nye, flotte biblioteka dei siste åra og i nær framtid. På denne dynamiske lista vår over slike er det ikkje mange i det typiske Distrikts-Noreg.

førestillinga om «gullalder» bør opp til debatt. No skal vel snart nasjonalbibliotekaren førebu årets tale til biblioteksjefane, så får vi sjå.

PS 1: Tilbake til digitalisering: I det svenske Biblioteksbladet er det akkurat no relevant digitaliseringsdebatt på gang: «Digitalisera för minskade klyftor». Sjå fleire debattinnlegg under saka.

PS 2: Når det gjeld fylkesbibliotek, så såg vi i natt teikn på at det kan bli fleire av dei.

Råkøyring etter ikkje-lånarar

På bloggen Librarian.net skriv Jessamyn West om at ho sponsa ein kvinneleg rallysjåfør. Noko som resulterte i ein spesielt synleg bibliotek-reklame på ein spesielt synleg bil! Jessamyn skriv at dette var billegare enn ei avisannonse på ei kvart side, men ho var likevel litt i tvil om investeringa. Men denne reklamen ville nok nå fleire ikkje-brukarar enn ein avisannonse. Det blir jo ein del runder i eit rallyløp.

No fann vi på FB-gruppa til ralleysjåføren ein muleg grunn til tvilen til Jessamyn. Sjå nedanfor.

Dette minnar om ein anekdote, eller sann historie (?), frå dei glade 60-åra. Om den svenske biblioteksjefen som sa ja til ishockeyklubben sitt guttelag då dei trong eit lokale for å bli kursa i spelets teori. Dei måtte sitje mellom reolane i det tronge biblioteket. Men ho fekk påpakk frå bibliotekstyret, for desse lømlane ville kome til å stele bøker! – Ja, svarte biblioteksjefen, men sikrare kan eg sjeldan bli på at bøkene våre blir lesne.

Kulturvalkampen! – i 2004-5 …

Frå debattmøtet 1. september 2005

Mange… i alle fall nokre lesarar av denne bloggen hugsar godt stortingsvalkampen i 2005 då noko av det mest drivande som skjedde, og klart det første (over eitt år før valet!), var det raud-grøne kulturløftet! AP, SV og SP samla seg om minst 1 prosent til kultur, pluss femten punkt med skriftlege lovnader, jamfør Ny Tid (på partinettstadene slettar dei historikken ved at dei lar det nye og gjeldande avløyse alt det tidlegare. Fleire slettar det også i Internet Archive, sjå til dømes AP. Historielaust og flautt, men kanskje valkamptaktisk lurt …).

I dei femten punkta deira var ikkje biblioteket å sjå, men på Nasjonalbiblioteket var det 1. september 2005 eit ope konfontasjonsmøte med kulturminister Svarstad Haugland og regjeringspartia, der også biblioteket blei tatt opp.

Underteikna var då journalist for NBFs nettstad og skreiv om dette. NBF har også sletta det meste «gamle», etter ei full minimalisering av nettstaden, men med litt strev finn vi det i alle fall på Internet Archive: 1.9.: «Valgjerd utset ABM-lovnadane til 2014» og «Kulturkameratane” reagerer på Svarstad Haugland».

I valkampen i år oppsummerer samfunnsforskarar til avisa Vårt Land 9. september blant anna at: «– Kultur er et lite politikkfelt, det er små penger. I en valgkamp der alle spisser temaene veldig, er det ikke så overraskende at kulturpolitikk ikke er med. Andre små områder er også lite framme, … . Han [Ola K. Berge ved Telemarksforskning] tror det vurderes som dårlig valgtaktikk å gi seg inn i en kulturdebatt. Den passer heller ikke inn i det han kaller medienes strømlinjeformede valgkampnarrativ. Grovt tegnet mener han det kulturpolitiske skillet går mellom Fremskrittspartiet og de andre. – Områder med så stor enighet er vanskelig å spisse». 

Biblioteket i krig og andre kriser

«crackberry» av MattHurst (CC BY-SA 2.0) Utsnitt

Ei slik overskrift kunne ha handla om det heitaste temaet på bloggen dei siste vekene: At bibliotekorganisasjonane burde ha slutta seg til protestane mot USA og NATO sine folkerettsbrot mot framande land, noko medbloggar Mikael Böök har nådd langt ut med internasjonalt gjennom to innlegg på engelsk.

Men det handlar i staden om biblioteket og det svenske totalforsvaret (!), der institusjonen faktisk blei tildelt ei sentral rolle i den nasjonale bibliotekstrategien for tre år sidan. Dette blei utdjupa av Joacim Hansson, noko vi oppsummerte slik: «Eit stikkord er kampen mot falske fakta, men her er dette også konkretisert til biblioteka sine bidrag i verklege krisesituasjonar, frå terror til miljøkatastrofar, då desinformasjon og kaos vil spreiiast aktivt frå ulike kjelder».

Mikael B. meinte i ein kommentar at det heile var i overkant ambisiøst: « … tyvärr brukar sanningen vara krigets första offer, dvs i krigstid inför stats- och militärledningens krigscensur för att dess egen krigspropaganda ska vara möjligast effektiv. Då kan biblioteket i bästa fall fortsätta att fungera som ett andningshål för för individerna på hemmafronten, men inte längre som demokratins bålverk».

Men no har Svensk biblioteksförening samla eit stort expertnätverk for å greie ut «vilken roll biblioteken bör ha i kris». Koronapandemien har sett fart på dette arbeidet, men dei skal også sjå på dei andre nemnde typane trugsmål, som blant anna kan føre til internett-kollaps (apropos dette på Gizmodo i går: «When Will There Be a New Solar Superstorm?»). Men kva kan eigentleg biblioteka gjere då?

Noko liknande har vel ingen foreslått i Noreg? Nei, for vi har jo USA i bakhanda. Dei tryggar oss på alle måtar.

PS: Men det har svenskane også. Les til dømes GW Persson: «Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde» 🙂

1+1=3!

Bloggen har følgjarar faktisk i alle verdsdelane, og mange i USA. Men dette tipset fekk vi av ein lesar i bydel Gamle Oslo. Han er samtidig fast lesar av Washington Post og kom over ei sak om ei spesielt vellykka bibliotekets-vennar-kampanje ved eit lokalt bibliotek i føderasjonens hovudstad. Dei hadde laga ei t-skjorte med teksten på fotoet. Dei kalkulerte med å selje 50 til inntekt for biblioteket, men har til no sendt ut 7000!

Leiaren for venneforeininga, Carlos Izurieta, vaks opp med «… punk shows and playing in bands, … saw many links between a genre that prides itself on do-it-yourselfism and a public institution that provides free resources to one and all. Punk in D.C. is centered around the local community, … I feel like the library is like that. It’s a place for people to go who don’t have access».

Få deg ei skjorte du også, eller betre: Finn på noko liknande på biblioteket ditt! Izurieta seier: «The shirt has shown that putting two things people like together makes a third thing people also like».

Bråk blant bokhyllene?

Deichman før interiørarkitektane. Juni 2016.

Hovudsaka på Klassekampen sine kultursider i dag har denne overskrifta, men utan spørsmålsteiknet. Det handlar om Nye Deichman. Ut frå overskrifta har dei vel leigd ut møterom til desse anti-islamistane igjen? Neida, «bråket» er mellom arkitektane og interiørarkitektane: «Først halvannet år etter at arkitektene begynte å tegne nye Deichman bibliotek, kom interiørarkitektene på banen. Sånt blir det bråk av», seier ein representant for arkitekten («eksteriørarkitekten», blir vel det).

Vordande bibliotek-byggherrar kan merke seg at «Prosjektledelsen ønsker ofte ikke at interiørarkitekter og arkitekter snakker sammen og får nye ideer, i et forsøk på å begrense antall diskusjoner». Og «det er ikke sikkert det er økonomisk lurt».

Dramaet i Bjørvika var likevel ikkje så katastrofalt. Om interiørarkitektane kom inn tidlegare «hadde [det] korta ned prosessen og kanskje også gitt et bedre resultat … Nå har de kompromisset – det gikk bedre enn de fryktet. – Vi er veldig fornøyde med interiørarkitektene og resultatet». Seier ein samarbeidande arkitekt (type «eksteriør-»).

Og vordande bibliotek-byggherrar er det mange og stadig fleire av! På sida vår om «Nye bibliotekbygg» fører vi opp nye heile tida. Sist ut er Halden og Lier (OBS: Klar overvekt på Søraustlandet! Er det slik det er blitt? Trass i åtvaringane i boka til Jo Straube).

Men ingen melder om arkitektonisk eller teknisk tilpassing til noverande og komande pandemiar? Det siste frå dette forskingsfeltet er ifølgje bibliotek-korona-prosjektet REALM i går at i lokale med dårleg ventilasjon og utan 1-meteren vil skjermar, handsprit og munnbind ikkje hindre smitteutbrot blant personalet.