Dordei i hundre!

Tok sjansen på å låne dette frå Knut Olav Åmås sin twitterkonto

Litt forseinka: 17. september var det eit heilt spesielt bibliotekarjubileum. Dordei Nesheim Raaen blei 100 år. Frå artikkelen om henne i bibliotek-delen i Lokalhistoriewiki (no er det blitt 65 bibliotekar-artiklar der):

«Hun var den første fagutdannede bibliotekaren i en landkommune og en klassisk folkeopplyser. Særlig arbeidet hun for å spre leseglede blant folk flest. … I 1949 ble hun sjefsbibliotekar ved Odda bibliotek, der hun arbeidet til hun gikk av med pensjon i 1984. Da hun kom til Odda, var biblioteket på 100 m2, men etter sterk lobbyvirksomhet fra Raaen, ble biblioteket tildelt 750 m2 i rådhuset. Her var det lesesaler, barneavdeling og studierom, og utlånstallene gikk rett til værs».

Ho flytta til Stavanger i 2020, og, ifølgje Vårt Land: «Hun stortrives i Solvang omsorgsboliger».

Vi kan leggje til at Dordei i alle fall frå 1970-talet og utover var ein framifrå samtalepartnar for den dåverande unge generasjonen av progressive bibliotekarar her i landet. Ein gong trefte vi henne og tok ein kaffi saman på Oslo S, der vi venta på kvart vårt tog. Toget hennar gjekk først, og det var ikkje vår skuld at ho berre såvidt nådde det.

Frå saka i A-magasinet i 2015

Les om henne og biblioteket som ho styrte i fleire tiår i Odda. Og alle dei framifrå Odda-forfattarane som ho inspirerte frå før dei kunne lese:

Gratulere med dagen som var!

PS: Jaggu på tide at ho kjem med i lista vår over Barske bibliotekarar!

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: