I Klassekampens Bokmagasinet i dag intervjuar dei litteraturmeldar Jon Rognlien om «omgangstonen på Facebook», som han har skrive om. På Facebook. Han seier innlegget hans berre er eit «banalt uttrykk for frustrasjon over noe av dynamikken i diskusjonene på Facebook, der det blir håpløst å følge «trådene» på en meningsfull måte. Det skyldes krakiliteter, krenkeskrekk og faneflukt. Folk ivrer etter å slå i bordet, men stikker av fra oppryddingsarbeidet» (våre uthevingar, og som vi etter dette kjem til å hugse når FB er tema. Noko det ofte har vore, under samle-stikkordet FAMGA – Facebook, Apple, Microsoft, Google og Amazon).
Kampen for velferden i 2021

I går blogga vi om den svenske bibliotekforeininga si åtvaring om at biblioteket kan bli ein alvorleg budsjett-tapar i 2021. Her i landet ser vi førebels berre signal om velferden generelt. Til dømes når Fagforbundet blir sitert i Kommunal Rapport i dag: «Fagforbundet frykter at den svake kommuneøkonomien vil gå utover velferdstjenestene til innbyggerne og smitteverntiltakene i kommunene». Vidare heiter det blant anna at: «Fagforbundet tror at koronakrisen vil prege det norske samfunnet i lang tid framover. Det krever derfor at «regjeringa og Stortinget omgående øker bevilgningene til kommunene for å sikre velferdstjenestene».
Svenske bibliotek: «2021 betydligt svagare än innan pandemin»

Johanna Hansson, leiar av Svensk biblioteksförening, kjem no med ei åtvaring: «Utarma inte folkbiblioteken, kommuner»: «Medan vissa områden som vård, skola, omsorg självklart var i fokus under våren och kommer att vara lång tid framöver, finns det risk att vi tar annan samhällsservice för given».
Under koronaen blei Sverige «annleislandet», noko som også gjaldt folkebiblioteka. Dei var stort sett opne under krisa, berre med nokre restriksjonar, men fekk vist eit stort potensial som «medborgarkontor» med fleire nye funksjonar, blant anna også når det gjeld digitaliseringa av samfunnet. Hansson krev no «tydliga uppdrag, långsiktig finansiering och en strategisk inriktning som möjliggör detta, såväl nationellt som lokalt».
Den strategiske bibliotekkoplinga mellom stat og kommunar er frå før sterkare i Sverige enn her i landet gjennom (nesten-)bibliotekmilliarden som blei innført for tre år sidan.
Meld deg på Biblioteknorge no!

I dag kl 9.00 biblioteknorsk tid gjekk ei gruppe bibliotekfolk på ulike plattformar ut med erklæringa nedanfor om gjenoppliving av det populære (rundt tre tusen brukarar) e-postbaserte debattforumet Biblioteknorge. Det skjer berre to veker etter at Nasjonalbiblioteket på éin dags varsel sletta det frå internettets overflate.
>> Sjå også Bok og bibliotek
Med Thomas Gramstad i spissen har ei liste med same namn gjenoppstått på same programplattform. Folk må melde seg inn på nytt, men det er enkelt. Her følgjer erklæringa og dei viktigaste detaljane:
« … skolebiblioteket vil være skadelidende under denne friheten»

Dette finn vi i eit større oppslag på nettstaden Utdanningsnytt denne veka, og det handlar om forslaget til ny opplæringslov, der tilrådinga er at «skolebibliotek» blir erstatta av «bibliotek». På til dømes Grefsen skole i Oslo ville lovendringa ført til at bibliotekbesøk for ein klasse ville bli ein heil utflukt: « – Da hadde turen dit blitt en utflukt og noe som må planlegges en del i forveien. Da hadde vi brukt det betydelig mindre», seier ein lærar.
Nina Bigum, leiar av Skolebibliotekarforeningen, meiner «det er hårreisende. Det virker lite gjennomtenkt. Det vil overlate enda mer til den enkelte kommune. Når behovet for nedskjæringer melder seg, mener hun skolebiblioteket ofte er skadelidende. Noe av målet med å endre ordlyden i loven, er å gi kommunene større frihet og mer ansvar. Bigum mener nettopp det er noe av problemet. – Det er veldig tilfeldig …
Les mer «« … skolebiblioteket vil være skadelidende under denne friheten»»Deichman med smitte-skjerpings

Kombinasjonen av auka smitte i folket og sterk auke i bibliotekbruken, særleg på det nye hovudbiblioteket i Bjørvika, gjer at Deichmansjef Knut Sklansen frå i dag set grenser for ein del typar bruk og rørsler i biblioteka. Lesesalen i Bjørvika blir stengd, og i alle avdelingane rundt i byen blir det til dømes tidsavgrensa opphald i lokala på tre timar, éin meters avstand for alle, to meter mellom leseplassar, og stengde maskinar for utskrift, kopiering osv.
Seks dagar bok-karantene ikkje nok under trange = normale tilhøve

Nyleg skreiv vi om OCLC si spesifikke forsking på korona-overleving på ulike typar bibliotekmateriale. Grovt sett varierer det mellom éin og fem dagar. No er den neste fasen i forskinga klar, der dei har sett på overlevinga når bøkene, DVD-omslaga osv blir lagra tett, typisk perm mot perm på ei hylle, i stabel o.l.
Konklusjonen er klar, men likevel ikkje: Dei seks døgna dette blei målt var ikkje nok til å avlive all virusen. Anten må altså bøkene osv lagrast over lengre tid, lagrast individuelt (som vil krevje urimeleg mykje plass) eller handsamast med desifeksjonsmiddel, varme, UV-lys osv. Noko som vil kunne skade materialet. Dette får vi vite meir om i ein ny rapport i oktober.
Bibliotekarkitektar etter koronaen: – Dette kan skje igjen

I tidsskriftet American Libraries 1. september kunne vi lese om korleis US-amerikanske arkitektar og bibliotekleiarar tenkjer nytt om innreiing av bibliotek etter koronaen. Blant anna biblioteket i Santa Cruz, som stod klar for renovering av elleve biblioteklokale då koronaen slog til, tar ikkje sjansen på at det aldri vil skje igjen.
Dei og andre bibliotek har fått auga opp for nye behov, til dømes for færre faste veggar for auka fleksibilitet, møblering slik at folk blir minna om fysisk avstand, betre ventilasjonssystem og ikkje-porøse overflatar som er enklare å halde reine. Flyttbare skjermar kan bli ein best-seljar. Og når det gjeld toalett vurderer dei kjønnsnøytralitet eller om nye typar rom for private behov bør få prioritet. Spesialrom og utstyr for tre-fire dagars karantene for utlånsmateriale inngår i dette. I tillegg vil langt meir omfattande digitalisering av samlingane bli eit tema, noko som vil påvirke behovet for reolar.
Blant dei enklare tiltaka er å plassere desinfeksjonsmiddel over alt der folk bruker hendene, men då må det også over alt vere informasjonnsskilt og innkast for eingongsklutar osv.
Tryggleik er viktig, men lokala må samtidig vere innbydande og komfortable. Og kule; unge designarar bør bli engasjerte for slik «bibliotekfornying».
Takk til Peterals.
Årets eufemisme: «Det blir en utmaning»

Ifølgje svenske Biblioteksbladet 25. august har Sölvesborg sør i Sverige fått ny biblioteksjef. Det er vel ikkje vanleg å intervjue ny-sjefen i ein kommune med åtte tusen innbyggjarar, men Sölvesborg blei i fjor herostratisk berømt for at biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk. Saka er at Sverigedemokraterna (SD) er det største partiet og har makta saman med andre borgarlege.
Men den nye biblioteksjefen er optimist: «Det behövs tid och lugn och ro. Med en struktur löser man detta. Man håller ut, det måste få ta tid».
BiS ved Tobias Willstedt har derimot vore tydeleg kritisk «Angående händelserna i Sölvesborg». Der han også viser til ein master frå bibliotekshögskolan i Borås om bibliotekpolitikken til franske Nasjonal front på 1990-talet, men som vi ikkje fekk opna no på grunn av stor datatrafikk.
Så kan ein spørje seg kor sterkt norske biblioteksjefar står når det kjem til jussen? Vi vil i alle fall tru at ministeren si utdjuping av tillegget i §1 i 2013 ikkje har svekka det vi her på bloggen kallar «det uavhengige biblioteket».
PLG om BLM

Det USA-baserte The Progressive Librarians Guild har gjort ein pdf med ulike ressursar for å gjere bibliotektilsette meir medvitne om Black Lives Matter-rørsla, anti-rasisme, raseuroa, politivalden, resolusjonar frå bibliotekhald og så vidare.
Då danske bibliotek blei Korona-digitale: – Den sociale ulighed blev større

Det danske Forbundet Kultur og Information (der det tidlegare Bibliotekarforbundet inngår) skriv at «Corona øgede social ulighed i biblioteksbruge» og viser til ei undersøking ved Københavns Universitet. Ho handlar om kulturbruken til barnefamiliar under Koronaen (Danmarks Statistik har begynt med «individbaseret biblioteksstatistik»), og tendensen for biblioteka då dei måtte stenge og gå over til digitale utlån er klar: «De socialt stærke børnefamilier havde en langt større stigning i digitale lån end socialt udsatte børnefamilier. Med andre ord: Den sociale ulighed blev større». Dei kan også underbyggje det med forsking i UK og Nederland.
Forfattaren seier blant anna: «De højtuddannede låner to til tre gange mere, og det illustrerer, at vi i et samfund som det danske har haft stor succes med at reducere den økonomiske ulighed, men ikke i samme omfang den kulturelle ulighed. Vi vil helst ikke blande os i, hvad der foregår i familierne. Hvordan de strukturer hverdagen, om de læser eller laver andet med deres børn. Men vi ved, at det har stor betydning for deres børns læring og dermed den sociale ulighed».
Rapporten fann vi i fulltekst på ScenceDirect: «Inequality in learning opportunities during Covid-19: Evidence from library takeout».
Forbundet konkluderer med at «hvis man som bibliotek vil bidrage til at skabe mere social lighed, så skal man have en »biblioteks-socialpolitik.».
Det fleirspråklege

No på ein fredag morgon i tidleg september kjem det inn i bloggarens e-postkasse eit nummer av tidsskriftet Edda om «litterær flerspråklighet». Ifølgje leiarartikkelen er heftet «en frukt av symposiet ”Flerspråkig litteratur och läsaren” som anordnades av den internationella Forskargruppen för flerspråkighet i nordisk-baltiska litteraturer vid Östersjöns författar- och översättarcentrum i Visby i mars 2019».
Det handlar om det fleirspråklege og litteraturen, og dermed meir om forfattarars formidling av bodskap enn om til dømes bibliotekarars formidling av forfattarars formidling.
PS: Edda er eitt av dei permanent opne (OA) tidsskrifta på Idunn.no. Men dei som var opna ekstraordinært i samband med koronaen får vi no vite, i svar på e-post-spørsmål til Idunn.no, at «ble stengt 12. juni, etter at bibliotekene åpnet igjen».
No er altså alt normalt igjen. Men også for risikogruppene …? (veit nokon om dette er ein offisiell dato, og erklært av kven?)
Heller ikkje no eit langsiktig statleg koronatilbod til biblioteka, men …

Abid Raja, tidenes mest fotograferte og filma norske kulturminister i uvanlege positurar, er no ute med nye dansesteg og «Fem millioner til inkludering av barn og unge i kulturlivet».
Søkarane skal vere frivillige organisasjonar, men tiltak dei viser til er kopla til blant anna kommunale fritidsklubbar, så bibliotek må vel også kunne gjere seg lekre for søkarar?
Vi minnar om at i den gjeldande bibliotekstrategien heiter det blant anna:
«I Meld. St. 10 (2018–2019) Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig (frivillighetsmeldingen) blir samarbeid med bibliotek og tilgang til bibliotekenes åpne og uavhengige lokaler fremhevet som en del av grunnlaget for en aktiv frivillig sektor i lokalsamfunnet».
Ingen pris for prissettingforslag

I førre veke skreiv Khrono.no om at «professor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo tildeles Akademikerprisen 2020». Denne kom i tillegg til UiO sin Formidlingspris i juni, etter at han under koronakrisa «kom med prinsipielle innvendinger mot det første forslaget til kriselov». Og det var bra.
Men han bør aldri bli kandidat til nokon bibliotekpris.
Dei som har vore med nokre år og/eller som har vore meir enn gjennomsnittleg interesserte i historia om folkebiblioteka sitt gratisprinsipp, vil hugse eit dokument frå same Graver frå 1994: «Juridisk tolkning av bibliotekloven». Då skreiv og signerte han som …
Les mer «Ingen pris for prissettingforslag»Muleg vidareføring av Biblioteknorge-lista

På Bibliotekarforbundet i dag kan vi lese at «flere aktører med tilknytning til biblioteksektoren [diskuterer] en mulig videreføring av Bibliotek-Norge-lista». Samtidig som Svein Arne Tinnesand på NB «ikke har noen motforestillinger mot en videreføring av BibliotekNorge-lista. – De som ønsker det står selvsagt fritt til å videreføre lista. Men Nasjonalbiblioteket kommer ikke til å tilby å drifte en postliste på den eksisterende teknologiske plattformen».