Gratulere med solid utført sletting, Nasjonalbiblioteket!

Hej, for en skinnede port! 
Stå! Vil du stå! Det rygger 
længer og længer bort! 

No er fagforumet Biblioteknorge grundig fjerna frå Verdsveven (les meir om dette). Om du søker etter arkivet kjem du berre til nyheitssida på Bibliotekutvikling.no. Det same gjeld for lenker til innlegg på lista som vi har brukt i artiklar her på bloggen. Til dømes til talen underteikna skulle ha halde under Bibliotekmøtet i Haugesund i mars som takk for NBF sin pris (han fanst berre på Biblioteknorge, men nokre av dei som har lese han vil meine det ikkje er noko tap …). Men mange myyykje viktigare innlegg er blitt søkk vekk for ettertida.

Dei skriv at dei skal «bevare» innhaldet, men blir det tilgjengeleg, spør blant anna Thomas Gramstad? Etter prinsippa deira for arkivering av .no-domenet vil det berre bli tilgjengeleg for «forskning og dokumentasjon på særskilte vilkår». Men dei skriv også at «Deler av samlingen kan bli gjort tilgjengelig for allmennheten». Så får vi håpe på det. Men godt søkbart som inntil fredag morgon denne veka, blir det neppe.

Eit vagt minne om forumet/lista finn vi på Wayback Machine, men der er det nyaste frå 2017. Og klikking på den enkelte månaden gjev (førebels) informasjon om at «This page is available on the web!». Men dét vil vel snart bli retta.

Om det Norske Kongelige Nasjonalbibliotek her har brukt metoden med Robot Text File for å stenge seg ute, er komedien/tragedien fullendt. Men dette er ord som berre slike som underteikna, som for lengst er stempla som konspirasjonsteoretikar, bør ta i sin munn.

Thomas Gramstad om den laust funderte nedlegginga av Biblioteknorge, og kva legg NB i å «bevare»?

Thomas Gramstad
Foto: Thomas Gramstad CC-BY

På fagforumet Biblioteknorge torsdag denne veka var det heitaste temaet forståeleg nok at Nasjonalbiblioteket på ėin dags varsel meldte at dei skal leggje ned lista, eit fagforum for bibliotektilsette og andre gjennom tjue år, der også politikarar og journalistar har heldt seg orienterte.

Kritikken var krass og mangfaldig. Den mest konkrete kritikaren var Thomas Gramstad, blant anna styreleiar i EFN, styremedlem i ISOC Norge og sekretær for NUUG, etter å ha vore nestleiar der i 2019-2020. Vi har her bedt han utdjupe nokre av ankepunkta.

NB er jo ikkje på nokon måte konkrete på korleis og når dei vil bevare innhaldet på lista og eventuelt om dei vil gjere det allment tilgjengeleg, og du etterlyste i går løysingar både for bevaring/arkivering og for alternativ drift. Men no har du også sett nærmare på heile grunnlaget for nedlegginga. Og dėt meiner du ikkje er spesielt godt fundert?

– NB hevdar at Listserv er forelda teknologi. Det er nok rett at dei konkurrerande frie programvarene Sympa og Mailman blir oppdaterte oftare, har fleire funksjonar, er meir moderne, brukast av mange fleire i dag, og at det ville vore betre å gå over til ein av dei. Likevel kan eg ikkje la vere å påpeike at det framgår av NB sine websider at dei køyrer ein gamal versjon av Listserv (15.5), mens produsenten Lsoft.com oppgir at versjon 17.0 blei sluppe 10. juni 2019. Det er ganske mange versjoner mellom dei to, så kanskje versjon 17 er litt mindre forelda.

Og eg merker meg spesielt …

Les mer «Thomas Gramstad om den laust funderte nedlegginga av Biblioteknorge, og kva legg NB i å «bevare»?»

Det er fredag 2

Feilstavinga av «bibliotek» – med berre éin i – på eit skilt av stein ved Frosta bibliotek har vel snart gått verda rundt, etter at blant anna TV2 klinte til. Feilen vil bli retta, men så billeg som råd, med ei pålimt metallplate.

Men dei er ikkje aleine. På Atekst finn vi 246 «biblotek», med 2012 som «topp-året» og då med Østlandets Blad som den klare «vinnaren».

Men apropos: I Kristiansand er feilstava sykkelvegskilt kunst og ikkje fake news. Ei sak for biblioteket!

Og apropos: Her i Moss har denne medvitne fotomanipulasjonen på skiltet om byens tusenårsstad, oppdaga av bloggarens svenske tremenning, aldri blitt retta.

Mest sette i veke 35, 2020

– Frykter at humor og satire blir krenkelses-ofret

Daumier måtte i fengsel i 1831 for denne teikninga av kong Louis-Philippe

Dette er overskrifta på ei sak på Khrono i dag. Det framgår blant anna at avisteiknar Marvin Halleraker «tror ikke at yrket hans finnes om ti år». Og så var det intervjuet i juli med Frode Øverli i Aftenposten. På tide med ein mot-aksjon!

Herverande bloggar har ikkje spesielt behov for å krenke, men å levere humor og spydige stikk når det er eit visst grunnlag for det, vil mange ha registrert at vi har ein trong til. Særleg stikk til dei oppover i ulike system, også biblioteksystemet.

Samtidig som årets klart mest spydige og ironiske turbok (!) sidan «Guide til det danske høyfjellet», kjem frå denne mac-en. Spydig mot konstruktørane av Viken fylke, mot ignorante byfolk i samanslåtte kommunar og litt mot Kartverket.

Plan S(topp)?

Utgangspunktet for snøballmetaforen

Vi har hatt Plan S på blokka eit par veker, etter at bomba sprang om at det europeiske forskingsrådet ERC i juli trekte seg frå heile planen. «Uforståeleg», sa direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. Før han annonserte overgang til Utanriksdepartementet som «global helseambassadør». Så kom det nokre lesarinnlegg på Khrono.no der norske Plan S-skeptikarar gav – høfleg – inntrykk av ei viss letting. Men i dag har nettstaden eit innlegg av tre tilsette ved UiT, blant anna bibliotekdirektør Johanne Raade, med tittelen «Plan S: Snøballen som må rulle». Dei avsluttar likevel med eit atterhald i den siste setninga: «Det er på høy tid at forskerfellesskapene og institusjonene sørger for at flere seriøse tidsskrift går over fra kommersielle forlag til åpne plattformer. Fordi det er den veien snøballen ruller, og må rulle videre, med eller uten hjelp av Plan S».

I ein artikkel i Nature frå midten av juni kan vi lese om auka vilje til å publisere og dele forsking om koronapandemien og at særleg fagfellevurdering og dermed publisering har tatt mykje kortare tid enn før. Men samtidig er nokre i tvil om dette vil halde fram og bety …

Les mer «Plan S(topp)?»

Så seier emneordsoga?

På Biblioteksentralen sin kanal Bibbi-nytt klinte dei nyleg til med tankevekkjande sommarunderhaldning i form av ein tekst om «Emner i skjønnlitterære sjangre». Det handlar om statistikk i tabellform over bruken av emneord til bøker i sjangrane «kriminal, spenning, science fiction, fantastisk, grøsser, kjærlighet eller chick lit». Til dømes: Når emneorda i kriminallitteratur er namn på fiktive personar kjem Hercule Poirot klart på topp føre Sherlock Holmes og med Varg Veum hakk i hæl. Mens «Vampyrer» er like suverene når det gjeld fantastisk litteratur, med «Trolldom» på andreplassen.

Men så skriv dei at statistikken omfattar «de siste seksti årene». Men nokre av oss som har vore med ei stund, om enn ikkje seksti år i yrket, vil hugse debattar på midten av 1980-talet om emneord i det heile tatt burde brukast på skjønnlitteratur. Underteikna var på eit møte der representantar for særleg barnebokforfattarane var verkeleg opprørte over dette. Argumenta imot var at skjønnlitteraturen ikkje måtte setjast i båsar og at katalogbrukarane då berre ville bli informerte om eit subjektivt utval av kva bøkene handla om.

Tenkjer nokon slik i dag? Mange som er interesserte i bibliotekhistorie vil i alle fall finne dette skiftet interessant. Men har nokon der ute meir å melde om debatten? Til dét formålet har vi eit kommentarfelt nedanfor.

Når det gjeld omtrentleg tidspunkt …

Les mer «Så seier emneordsoga?»

Ureglementert beordring

Bibliotekaroppgåve, i eller utan bil?

Etter relativt systematisk å ha spurt bibliotekfolk, når vi har snakka med dei sidan mars om dei har blitt beordra til «koronaoppgåver» utanom biblioteket, har positivt svar vore ganske vanleg. Sjølv i kommunar som ikkje lenger er særleg «raude». Og på heimesida til Bibliotekarforbundet i går fekk vi dette stadfesta. Og det har vore problem i samband med det. BF har hatt fleire saker av ulik karakter, men dei har også vunne fram fleire gongar når dei har konfrontert arbeidsgjevarane. Dei skildrar tre døme i oppslaget, frå at ordningar blir forlenga sjølv om smittetala er låge, til permitteringar det ikkje var grunnlag for. Éitt problem er også at tillitsvalde ikkje blir informerte.

Éin regel er at «omplassering betinger en helt ekstraordinær og akutt situasjon som begrenses til en midlertidig periode». Og ein føresetnad er sjølvsagt at folk melder frå. Anten til eigen tillitsvald eller til BF. Mykje av det same gjeld sikkert andre forbund.

Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek

Wilse notatbok

I omtalen av boka «Bokhistorie. Bibliotekhistorie» 27. juli presenterte vi Øivind Bergs artikkel om presten og folkeopplysaren Jacob Nicolai Wilse og framtidsfabelen hans frå 1779, «Philoneus, eller Eftertiden i Norge», om eit underjordisk bibliotek og museum som skulle vise samfunnet i år 2000. Her nemner Berg også eit ikkje utgitt handskrift av Wilse, «Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek», som delvis føregreip «Philoneus» alt i 1765. Sjå faksimilen av første side av teksten (takk til Eirik Juel, bibliotekar og lokalhistorikar i Spydeberg).

No har faktisk Øivind Berg transkribert den gotiske handskrifta frå notisboka og gitt oss løyve til å publisere dette, sjå nedanfor.

Kva kan vi seie om Wilses bibliotekdraum anno 1765? Tore Stubberud skriv i Wilse-biografien sin, «En opplysningsmann»:

Les mer «Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek»

OCLC: Koronavirus overlever 1-5 dagar på bibliotekmateriale

Skjermbilde 2020-08-19 kl. 11.27.10

>> Omarbeidd 19.8. klokka 19.25.

Vi har tidlegare varsla om det USA-baserte bibliotekkonsortiet OCLC si forsking på koronaviruset si overleving på ulike typar materiale som er i bruk i bibliotek. No har resultata kome i form av tre delrapportar:

På papir og ulike typar papir- og tekstilbaserte bokomslag kan viruset halde seg levande i tre dagar. Alle typane kjem faktisk under «faregrensa» LOQ (kom gjerne med ei god forklaring på norsk i kommentarfeltet) på under eitt døgn, men etter tre døgn skal det vere heilt trygt.

Sjå også kommentar nedanfor (27.8.)

Her inngår også «DVD case», men vi vel å tolke det som DVD-omslag av papir, for testen av ulike plastbaserte omslag og konvoluttar viser levande virus i fire dagar og litt meir for enkelte typar. F-skapen «held ut» lengst, nemleg fire dagar, på DVD-omslag i plast.

For meir «glossy» omslag på magasin og liknande er fire døgn ein regel å halde seg til.

PS:

Dette betyr ikkje at all omgang med denne typen materiale som kan ha fått virus på seg vil føre til sjukdom og/eller fare for vidare smitte. I NBF/BF sin «Smittevernveileder for bibliotek» heiter det rett nok at ….

Les mer «OCLC: Koronavirus overlever 1-5 dagar på bibliotekmateriale»

– Bibliotekerne platform for kulturdebatten

Skjermbilde 2020-08-18 kl. 13.43.19
Frå «den sorte diamant»

Det handlar om ei innbyding til debatt om ein statleg kulturpolitikk i Danmark. Initiativtakar er Danmarks Biblioteksforening ved leiaren Steen Bording Andersen:

«Danmark har en række delstrategier men ikke en overordnet plan for kulturen. Det er omkring 20 år siden vi sidst fik en redegørelse, der satte kulturpolitikken ind i et større perspektiv. Der er sket utroligt meget på kulturområdet siden årtusindeskiftet, og ikke mindst corona-krisen har vist os alle, at kulturen spiller en vigtig rolle i det danske samfund».

Debatten skal finne stad på kulturdebat.nu.

Støtt biblioteka i Beirut!

Skjermbilde 2020-08-17 kl. 17.18.56
Frå ein video på 86 sekund om øydeleggingane og gjenoppbygginga av biblioteka i Beirut. Lenke i biletet

Frå eit innlegg på ei IFLA-liste i dag: «The explosion that took place at the Port of Beirut on 4 August 2020 also hit the 3 public libraries of the municipality of Beirut managed by ASSABIL. Two out of the three libraries were severely damaged and are out of service. Their rehabilitation needs to start immediately before the beginning of winter.

These libraries are public facilities that provide free services to more than 30,000 beneficiaries annually, and with the current economic crisis and all the challenging events that are happening in the country, the need for these libraries will inevitably increase. Please contribute: https://www.givingloop.org/assabilassociation».

Sagt om biblioteket (eit lite)

Skjermbilde 2020-08-17 kl. 14.18.20
Tidl. soppherja bibliotek. Villaen i Tønsberg blei restaurert etter utflyttinga i 1992. Foto: Krg /Wikimedia (CC BY-SA 4.0)

Aslak Borgersrud skriv, på sitt vis, om «Navn i nyhetene» for Dagsavisen, og fredag kom turen til soppekspert Nina Berge. Eit fast spørsmål går på lesevanar, og vi får vite at ho «selvfølgelig [har] lest mye science fiction. Det er jo underholdningslitteratur, men får deg til å tenke.

Nedvurdering av scifi, har vi ikke vokst av oss det ennå?

– Jo. Jeg oppdaget det da jeg begynte å lese skolebiblioteket, fra A. Jeg kom til Bing og Bringsværd og fant science fiction.

Hvor langt kom du i biblioteket?

– Jeg kom i hvert fall til D, for jeg husker jeg leste Dumont. Men det var et lite bibliotek, altså».