
Ifølgje svenske Biblioteksbladet 25. august har Sölvesborg sør i Sverige fått ny biblioteksjef. Det er vel ikkje vanleg å intervjue ny-sjefen i ein kommune med åtte tusen innbyggjarar, men Sölvesborg blei i fjor herostratisk berømt for at biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk. Saka er at Sverigedemokraterna (SD) er det største partiet og har makta saman med andre borgarlege.
Men den nye biblioteksjefen er optimist: «Det behövs tid och lugn och ro. Med en struktur löser man detta. Man håller ut, det måste få ta tid».
BiS ved Tobias Willstedt har derimot vore tydeleg kritisk «Angående händelserna i Sölvesborg». Der han også viser til ein master frå bibliotekshögskolan i Borås om bibliotekpolitikken til franske Nasjonal front på 1990-talet, men som vi ikkje fekk opna no på grunn av stor datatrafikk.
Så kan ein spørje seg kor sterkt norske biblioteksjefar står når det kjem til jussen? Vi vil i alle fall tru at ministeren si utdjuping av tillegget i §1 i 2013 ikkje har svekka det vi her på bloggen kallar «det uavhengige biblioteket».
Leave a Reply