
Eit steinkast eller sju nord for Moss ligg landsbyen Hølen i Vestby kommune. I 2004 var bibliotekfilialen der truga med nedlegging. Då skreiv dagens 80-årsjubilant, hørningen og forfattaren Tor Åge Bringsværd, eit lesarinnlegg i Moss Avis. På ein nettstad underteikna hadde på den tida, fekk eg lov av forfattaren å gjenbruke det. Han har sikkert ikkje noko imot at eg gjenbruker det endå ein gong, her og no.
Filialen gjekk likevel ut av soga, men heldt på eit vis fram på trass og basert på lokal dugnad med frivillige amatørar. Dei fekk behalde bøkene og fekk bruke lokalet. Det blei ein fin, liten kafé kombinert med boksamlinga. Men eigentelege bibliotek blir ikkje slike særleg lenge, sjå berre døma på dette i Storbritannia og andre stader. Men her kjem Bringsværd sin tekst, og gratulere med dagen: Les mer «Med tankane på springmarsj»
Sidan i går har bloggen passert 800 følgjarar og er faktisk på veg mot dei 900. Gratulere, seier også bloggaren.


Om Klassekampen og skribent Jesús Alcalá sin kritikk av Faktisk.no har vi to gongar,
Den danske bloggen Biblioteksdebat hadde tysdag overskrifta 

«Katter og bikkjer forsvinner som bibliotekfilaler under en borgerlig regjering». Knut Nærum, Busemannen, 2013.
I dag trykker Klassekampen første del av eit kraftig oppgjer med tenesta Faktisk.no, skrive av juristen Jesús Alcalá, tidlegare styreleiar av Amnesty International Sverige og tidlegare representant for Den internasjonale juristkommisjonen i Sverige. Faktisk.no er eit AS med store mediehus og NRK som aksjeeigarar og som blei oppretta, først i løynd, men offisielt lansert i juni 2017. Ikkje fleire detaljar no, for folk her på bloggen kjenner sikkert til tenesta, og mange har kanskje brukt henne i jobbsamanheng.