Frå Le Pen til Sverigedemokraterna

mannen som ikke nattens köldIfølgje SVT har no ein lokalpolitikar i den svenske kommunen Täby, ein såkalla «sverigedemokrat» (SD), forsøkt å stoppe eit forfattararrangement der hbtq var eit tema, med argumentet at «evenemanget betonar normkritik och att Täby kommun inte bör upplåta lokaler och använda skattepengar till sådana evenemang.»

Han får motstand frå andre politikarar og sjølvsagt biblioteksjefen. Men SD er snart landets største. Kor skal det ende?

Nytt 9.11. >> Fråsegn med støtte til biblioteket frå leiinga ved Stockholms konstnärliga högskola, der forfattaren er student.

Kanskje som i ein annan kommune, Sölvesborg, der SD faktisk har makta. Der har ein liknande kontrovers ført til at …

biblioteksjefen ikkje orka meir. Her skal biblioteket, ifølge eit lesarinnlegg frå bibliotekforeininga og forfattarforeininga, «inte längre … stimulera till kreativa möten mellan ”kulturer och idéer”. … Biblioteken ska inte längre driva uppsökande verksamhet. För läsfrämjande verksamhet på skolan föreslås att folkbiblioteket inte längre ska erbjuda böcker på andra språk än svenska …»

I ei sak på Bis, Bibliotek i samhälle. samanliknar dei dette med situasjonen i nokre kommunar i Sør-Frankrike for tjue år sidan, då Nasjonal Front (Le Pen) tok over heile styringa, også med biblioteka.

Underteikna var i Paris i 1997 og intervjua Claudine Belayche, leiaren av bibliotekforeininga, om dette for Bok og bibliotek nr 4. Ho skreiv sjølv ei oppsummering for IFLA/FAIFE i 1999. Vi må dessverre ta fram sånt igjen.

One Trackback to “Frå Le Pen til Sverigedemokraterna”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: