Sjå opp for falske universitet. Og bibliotek?

ag3nt 58
Skarp situasjon i bibliotek. Sjå opp for slike. Kjelde: Wikimedia Commons.

Dei US-amerikanske immigrasjonsovervåkarane i ICE har oppretta eit falsk universitet eine og aleine for å tiltrekke seg og fakke utlendingar med studievisum, men som ikkje har returnert til heimlandet etter at det har utløpt.

Den dagen ICE har lese Andreas Vårheim sin artikkel om korleis «illegale» innvandrarar i USA kjenner seg tryggare på folkebibliotek enn dei fleste andre stader, dukker det vel opp falske bibliotek også? Eller dei bruker ekte bibliotek. Så vér på vakt.

 

Berekraftige bibliotek

I alle fall meir berekraftige enn Spotify, Apple Music og dei, skal vi tru Dagbladet i dag. Vi snakkar då om samlingane av CD-ar med musikk, som nokre bibliotek har skrota, andre ikkje.

Det same vil då gjelde filmar på DVD, samanlikna med Netflix og dei. Filmtilbodet her i landet etter Netflix, HBO osv. har vi skrive mykje om på bloggen. Kvifor ikkje eit nasjonalt fjernlånssamarbeid for film?

>> PS. 27.11. kl 21.01: Så kjem dette i tillegg.

Fest på Hammersborg med overraskande deltaking

Skjermbilde 2019-11-26 12.56.09
Kva blir vitamintilbodet i Bjørvika? NB: Bloggen har ikkje opna for annonsar

Deichman har all grunn til å feire seg sjølv fredag 29. november med «den siste litterære festen på Deichman Hovedbiblioteket». Ikkje minst også fordi dei har fått med seg Jan Erik Vold og Tove Nilsen, to forfattarar og Oslo-patriotar som våren og sommaren 1992 brukte ganske mange riksavisspaltemeter til saman for å stoppe planane om eit nytt hovudbibliotek!

Apropos nytt-hovudbibliotek-debatten i 1992: I Bok og bibliotek nr. 3 det året opna redaktør Jan Olav Gatland dei ganske statlegbyråkratiske spaltane (slik det var den gongen) for den til då mest fargerike dekninga av ein bibliotekkontrovers i dette tidsskriftet. Med dåverande …
Les mer «Fest på Hammersborg med overraskande deltaking»

Språket, folkens!

Det er mange måtar å ikkje nå fram med ein bodskap på. Når biblioteksektoren slit med å få gjennomslag med e-bøker med og utan lyd, og når vi blir misforståtte, i beste fall, i forskarkretsar, kan det nok også ha med språket å gjere. Vi må lære oss å kommunisere med Marknaden, som no snart er altomfattande. Når briljerte vi til dømes med slikt som «for å ha fullt fokus på våre vekstinitiativer jobber vi aktivt med forvaltning av vår eksisterende portefølje»?

Larvik: Bibliotek-rekonstruksjon før og no

IMG_6659

>>Nytt 24.11. kl 19: Høg temperatur på FB-gruppa «Ikke flytt biblioteket i Larvik», bl.a. etter at red. i Østlands-Posten frontar flytting ut av sentrum. Gruppa har p.t. 2846 medlemmar!

Bibliotekbrannen i Larvik denne veka er trist som f for alle bibliotekvennar og eit reellt tap i lang tid framover for larvikingane og for dei tilsette. Omfattande bibliotekbrannar skjer heldigvis ikkje ofte, og her i landet skjedde det vel (?) sist i Kongsberg i 1988, i alle fall når vi snakkar om hovudbibliotek og i ein by. Hovudbiblioteket i Oslo var nær granne til den høgreekstreme terrorbomba 22. juli for åtte år sidan og måtte halde stengt i to månader, men samlingane blei ikkje spesielt sterkt råka.

>> Hugs at Larvik bibliotek eigentleg skulle vore ein «firkløver», men den fjerde bygningskroppen, med to etasjar, blei ikkje bygd. Sjå tidsskriftet Byggekunst, nr. 3, 1986.

Éin ting er dei fysiske samlingane. I dag har vi Depotbiblioteket til sånt, men kor mange antikvariat er ikkje nedlagde dei siste åra. Politikarar og andre spare-kåte kan tenkje at digitaliseringa gjer det enklare og billegare, men er det sant? Korleis er det eigentleg å rekonstruere eit skikkeleg bibliotek på 2020-talet?

Og korleis vil politikarane takle debatten som alt har oppstått i Larvik om det bør bli attreising eller nybygg på tomta, eller flytting og eventuellt nybygg ein annan stad? Forslag om ei billegare tomt i utkanten, vil sikkert kome opp (såg dette no: «Kommunen har flere behov å dekke enn å holde et bibliotek»).

Når det gjeld kampen for ei skikkeleg gjenreising er det kan hende mest å hente av røynsler frå ein annan skandinavisk by på L, nemlig svenske Linköping. Sjå nedanfor. Les mer «Larvik: Bibliotek-rekonstruksjon før og no»

Idyllen raknar i Bok-Noreg

Skjermbilde 2019-11-22 17.34.26
Akademibokhandeln er Sveriges leiande bokhandelkjede …

I Kommunal Rapport i dag har Birgithe Schumann- Olsen, biblioteksjefen i Øvre Eiker, eit frå bibliotekhald uvanleg krasst, men naudsynt oppgjer med alvorleg kunnskapsløyse og fordommar om bibliotek. Ho svarer på ein kronikk i same seriøse organ for ei veke sidan, skriven ikkje av kven som helst, men av Nina Kristiansen, ansvarleg redaktør i det antatt minst like seriøse Forskning.no.

Schumann-Olsen opnar slik: «Nina Kristiansen har funnet sin gamle kjærlighet, biblioteket i Hokksund. Men sorry, Nina, jeg vil ikke være gamlekjæresten din! Vil du ha kjangs, må du være interessert og følge med i timen. For det bildet du lager av norske bibliotek fra godstolen i Hokksund, er virkelig uvitenskapelig».

Og vidare: « … én ting er harselering med et landsens bibliotek. Verre er inntrykket av at redaktøren i forskning.no ikke vet hvilken kamp bibliotekene kjemper for å få lov til å låne ut e-litteratur. Å hevde at manglende tilgang til e-bøker skyldes bibliotekarenes forelskelse i papir, er skikkelig gårsdagens».

Men dette er dessverre ikkje eineståande. I sommar omtalte vi her på bloggen boka … Les mer «Idyllen raknar i Bok-Noreg»

Gjesp

Skjermbilde 2019-11-21 12.46.20Så er vi kome til haustens mest sjølvoppfyllande eventyr, Difi si Innbyggarundersøking. Og her er biblioteket, igjen, den mest populære offentlege tenesta, saman med brannvesenet. Og like sjølvsagt plan- og bygningskontoret, NAV og barnevernet på botnen.

Vi siterte Anders Kirkhus ved SINTEF sin kritikk av dette tidlegare i år og tilbyr her ein reprise på dette, som vi utan å ta kjeften for full kan kalle falske fakta frå statsapparatet.

I alle fall når, som Kommunal Rapport i dag, igjen slår det opp ganske ukritisk og den øvrige pressa i dagane som kjem vil gjere det same (men KR siterer faktisk Difi på følgjande (ikkje på ope Nett): «- Det knytter seg derfor en viss usikkerhet til skårene, … Svarene som omhandler omsorgsfeltet knytter det seg også en viss usikkerhet til. Mange av dem som har svart har latt være å gi sine vurderinger av de ulike tjenestene eller svarer «vet ikke»).

I reknearket med detaljar frå spørjeundersøkinga er det på ny litt meir fornuftig kunnskap å hente, om ein då ser bort frå den store veit-ikkje-prosenten, sjå ovanfor. Blant anna har talet på svararar som har «personlig erfaring» fra bruk av biblioteket … Les mer «Gjesp»

Kommunikasjon og kunnskap i Midt-Austen

Skjermbilde 2019-11-20 22.07.23
Diagrammet i Klassekampen 20.11. viser den internasjonale auken i Nett-stengingar

I dag skriv Gizmodo om korleis styresmaktene i Iran har stengt Internett for folk flest i samband med opprøret der. På fjerde dagen er trafikken på nettet berre 5% av normalen, som truleg er det styresmaktene sjølv treng for å halde undertrykkinga gåande.

I oktober delte vi ei anna sak frå Gizmodo som vi kalte «Om Nettet tok kvelden». No skreiv mange i kommentarfeltet deira at total stenging ikkje er sannsynleg, fordi Nettet er slik konstruert at trafikken finn nye vegar. Men i land som Iran, Kina med fleire er det altså muleg å stenge. Iranske bibliotek er ikkje unntatte frå stenginga, kan vi konstatere.

Vi finn samtidig fram gårsdagens Klassekampen (19. november) og ein av mine favoritt-skribentar, Hussein Maxos, med spalta «Dagbok fra Damaskus». I går skreiv han om «Kunnskap eller mysterier», som går på korleis styresmakter, religiøse autoritetar og dessverre store delar av folk flest ser på kunnskap. Her ein smakebit: Les mer «Kommunikasjon og kunnskap i Midt-Austen»

Østfold på bånn og på topp

Skjermbilde 2019-11-19 12.30.07
Turboktilbodet hausten 2019. Meir er i vente i 2020.

Denne bloggen sine geografiske ståstader er to lokalsamfunn, begge omlag seksti kilometer frå hovudstadene i Noreg og Finland. Denne avstanden frå dei kulturelle og økonomiske tyngdepunkta i eit land kan vere stigmatiserande. I alle fall er østfoldingar takknemlege å mobbe, der NRK Østfold sjølv av ein eller annan grunn ligg i teten med ei stor nettsak for eit par veker sidan. Då gjorde det godt med eit tilsvar frå Sten Inge Jørgensen i Morgenbladet på nett: Østfold er trolig landets kuleste fylke.

Men dette er mest for å signalisere at tidenes mest spesielle norske, eller i alle fall østfoldske, toppturbok, som underteikna i nokre kanalar har skrytt av skulle bli årets julegåve, likevel ikkje kjem ut før på nyåret.

Fakta ved fleirtal

Skjermbilde 2019-11-16 21.12.49
EU-parlamentet. Utsnitt. Foto: Diliff / Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)

«Hva blir det neste historiske spørsmålet politikere skal avgjøre ved avstemning?»

Spørsmålet blei stilt i Morgenbladet for eit par veker sidan av historieprofessor Terje Tvedt. Det handlar om Europaparlamentet sitt vedtak 19. september av ein resolusjon om «betydning av europeiske minner for Europas fremtid». Dei bestemte, ifølgje Tvedt, «med simpelt og overveldende flertall at Stalin og Hitler i fellesskap hadde skylden. Poenget her er ikke politikernes konklusjon i og for seg, eller at de brøt tvert med hva som har vært den absolutt dominerende tolkningen i fagmiljøene, eller at Russland blir fortørnet. Det urovekkende er at Europas fremste politiske forsamling oppfører seg som om det er et historikernes sannhetsministerium.»

Skal dette vere metoden i tida som kjem når vi skal utrydde falske fakta og nyheiter?

Morgenbladet sitt intervju med Terje Tvedt var i samband med at Nasjonalbiblioteket no køyrer ei foredragsrekke med med han «mot samtidens historieløshet» (bra, NB!).

Apropos Tvedt, så har han også meiningar om bibliotek. Punch-linja hans under bibliotekleiarkonferansen i 2007 var: «– Når «alle er enige» må biblioteka presentere det kontrære.» Tygg litt på den.

Bildebøker og kjensler

krigenI ein periode med mykje anna å gjere enn blogging, har serien «Hugs tidsskrifta» blitt skadelidande. Men skjerpings er på gang, og i dag har vi, via Idunn.no, fått det nyaste nummeret av Edda, «det ledende internasjonale tidsskriftet for litteraturforskning i Norden.» Med opne artiklar, blant anna «Bildebøker og emosjonelle leserreaksjoner» om Krigen av Gro Dahle og Kaia Dahle Nyhus og Det første barnet på månen av Bjørn Arild Ersland og Lars M. Aurtande, og «Når nasjonens likevekt rystes». En komparativ analyse av kanonlitteraturens rolle etter terrorangrep»,  som er en «komparativ analyse av «Til ungdommen» (1936) og Traité sur la tolérance (1763) sin plass og funksjon i den kollektive responsen etter terrorangrepene i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 og i Paris i januar 2015.»

Med tankane på springmarsj

Skjermbilde 2019-11-16 13.09.55
Bringsværd 80. Foto: Chris Nyborg/ Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)

Eit steinkast eller sju nord for Moss ligg landsbyen Hølen i Vestby kommune. I 2004 var bibliotekfilialen der truga med nedlegging. Då skreiv dagens 80-årsjubilant, hørningen og forfattaren Tor Åge Bringsværd, eit lesarinnlegg i Moss Avis. På ein nettstad underteikna hadde på den tida, fekk eg lov av forfattaren å gjenbruke det. Han har sikkert ikkje noko imot at eg gjenbruker det endå ein gong, her og no.

Filialen gjekk likevel ut av soga, men heldt på eit vis fram på trass og basert på lokal dugnad med frivillige amatørar. Dei fekk behalde bøkene og fekk bruke lokalet. Det blei ein fin, liten kafé kombinert med boksamlinga. Men eigentelege bibliotek blir ikkje slike særleg lenge, sjå berre døma på dette i Storbritannia og andre stader. Men her kjem Bringsværd sin tekst, og gratulere med dagen: Les mer «Med tankane på springmarsj»

Når bibliotekutdanninga møter universitetet?

Spørsmålsteiknet fortel at dette veit bloggaren lite om, men ein stad må kunnskapstileigninga starte. Kan hende i kommentarfeltet nedanfor?

No er altså den viktigaste bibliotekarutdanninga i landet blitt del av eit universitet. Kva kan det bety for utdanninga, faget og profesjonen (om vi kan kalle bibliotekfaget dét)?

Utgangspunktet er ein kronikk i Klassekampen 7. november av fysikar og universitetslektor Ronny Kjelsberg ved NTNU, som igjen bygger på eit foredrag han heldt på Nesna i oktober og som han no har publisert på heimesida si: To kulturer: Når profesjonsutdanningene møter Universitetet.

Bakgrunnen for seminaret på Nesna var sjølvsagt nedlegginga av høgskolen der og desimeringa av denne institusjonen. Der er det ikkje bibliotekutdanning (det var rett nok eit grunnfag i samlingsutvikling nokre år på 1990-talet, i samarbeid med NB Rana), men mykje av det han skriv bør ha generell interesse. Til dømes diskusjonen, eller påstanden hans, at profesjonsfaga kjem i fare når høgskolar blir slått saman med universitet. Kjelsberg skriv: «Vi hører i Trøndelag at lokale næringsforeninger og aktører savner Høgskolen i Sør-Trøndelag. NTNU er ikke lokalt til stede på samme måte som høgskolen var – hodet er et annet sted. Kanskje i skyene, der det drømmer om neste nobelpris?»

No kan ikkje leiinga og forskarane ved bibliotekutdanninga ved OsloMet drøyme om slike prisar, men nuiallafall (er i svensk modus, etter å ha vore hos bibliotekprofessor Joacim Hansson ved universitetet i Växjö og prata om bibliotekarrolla).

Frå Illuminati til tørrfesk

Skjermbilde 2019-11-10 21.31.09
Sikringsbibliotek. Her frå Chetham-biblioteket i Manchester

Detaljane frå Dan Brown sin røvarroman «Engler og demoner» har gått i gløymeboka (sic!), men det var vel noko med eit besøk i Vatikanet sitt ekstremt hemmelege bibliotek som gjorde det muleg å redde Verda frå ein større eller mindre undergang.

Men vi hugser godt korleis Morgenbladets sjølvutnemnde «kvasi-forsker» Espen Grønlie hadde fått tilgang til biblioteket, «det som ikke bare for konspirasjonsteoretikere, men også for enkelte av oss mer moderate paranoikere, er det mest fascinerende stedet i verden». Og han skriv at «P.A. Munch, [var] i 1859 … en av de første ikke-katolikkene som fikk tilgang».

Då blir det ikkje fullt så oppsiktsvekkjande som NRK vil ha det til at ein italiensk fotograf og forfattar har fått sleppe inn («Du må være forsker, ambassadør eller en annen «viktig» person»). Men det ho var ute etter, og fekk sjå, var … Les mer «Frå Illuminati til tørrfesk»