>> I botnen av artikkelen samlar vi i ettertid tal for bruk, økonomi osv. som gjeld bokhylla.no og som vi får tips om eller kjem over.
Dette har vi lenge lurt på og prata litt her og der med bibliotekfolk om. Men ingen har visst noko særleg og heller ikkje tenkt så mykje på det, for det har vel knapt vore tema i faglege samanhengar. Det kjem ein del info om kor mange hundretusen bøker, aviser, filmar og foto som blir digitaliserte ved Nasjonalbiblioteket, men burde ikkje bruken vere endå meir interessant?
For folk og politikarar må år etter år lese om stagnasjon i utlånet. Til barn og unge går det opp, men til vaksne ned. Men her har vi «gløymt» suksessen til Bokhylla.no, og den er det vel akkurat vaksne som bruker mest.
I går kunne vi lese at NB har starta ei grundig, uavhengig evaluering av heile den nasjonale bibliotekstrategien (2014-18), og kan vi då håpe at også bruken av Bokhylla.no kjem under lupa og blir offentleg kunnskap? Vi er ikkje trygge på dét, sjå nedanfor:
Intervjuet Bibliotekaren nyleg hadde med NBs Svein Arne Tinnesand viser kor viktig del av heilskapen NB sjølv meiner Bokylla.no er. Temaet for intervjuet var nedlegging av filialar, og Tinnesand gav eit klart inntrykk av at digitaliseringa gjer biblioteknedlegging meir forsvarleg enn før:
« … du har tilgang til alt, både digitalt og fysisk. Det gjør at du ikke trenger å ha bibliotekfilialen i nærheten av deg. Det andre er at mye av det som før ble gjort fysisk, er unødvendig å gjøre fysisk i dag. Å sjekke på side 23 hva Solstad virkelig skrev, det trenger man ikke gjøre fysisk. Å foretrekke å lese Solstad fysisk, det er greit. Men for å gjøre oppslag trenger man ikke den fysiske boka.»
Statistikk om bruken?
Men verken NB sine pressemeldingar om bibliotekstatistikk, reknearka deira eller SSB sine årvisse publikasjonar om kulturstatistikk har så mykje som eitt ord om Bokhylla.no. I den mindre tilgjengelege årsrapporten til NB for 2017 får vi nokre få innsyn:
- «Ein aukande del av folket kjenner til Nasjonalbiblioteket og tenestene våre.
- Fleire kjenner til bokhylla.no, og talet på dei som brukar tenesta har dobla seg frå 2013 og er no oppe i 7 %.
- Ein aukande del brukar det digitale biblioteket til private føremål, og ein aukande del tykkjer der er enklare å finne fram til tenesta og bruke ho.
- Blant forskarane er bruken av det digitale biblioteket tredobla sidan 2013, og 71 % er godt nøgde med tenestene til Nasjonalbiblioteket.»
Dette skriv dei at byggjer på ei brukarundersøking, men vi finn inga slik på NBs nettstad eller andre stader, verken no eller tidlegare.
Fire rapportar?
I august 2016 korresponderte vi med NB om fire slike undersøkingar, som i alle fall Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) hadde lese og delt nokre spreidde tal frå (som i dag er gamle og mest historisk interessante).
I NB blei vi sendt rundt mellom fleire avdelingar, og til slutt fekk vi lese rapporten frå 2015, utarbeidd av Ipsos, men fekk samtidig vite at rapportane var meint for intern bruk. Då vi gjorde merksam på NBU-teksten, fekk vi vite at NB i september same år skulle diskutere med KOPINOR om dei kunne offentleggjere den nyaste rapporten (for 2015 den gongen). Men så høyrde vi ikkje meir, trass i purring.
Så fekk vi brått eit håp om konkret brukarstatistikk då nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre heldt eit foredrag 1. februar for snart eit år sidan, under markeringa deira av at alle bøkene (t.o.m. 2000) var ferdig digitaliserte. Vi såg dette på ein video, men lenka som vi fann her er no fjerna. Sira Myhre sa mykje om innhaldet i basane, men gav denne gongen også informasjon om bruken, rett nok berre eitt tal: 8000 bøker blir opna per døgn. På e-post har vi spurt om å få stadfesta dette og fleire tal om bruken, men trass i purring står vi utan svar.
2,9 millionar
8000 per døgn blir 2,9 millionar på eit år, og tar vi sjansen på å sidestille ei bok-opning med eit utlån, så blir det heile 17 % av det fysiske utlånet i folkebiblioteka. Eller omtrent tilsvarande utlånet på Deichman på eit år. Sjølv om noko også må knytast til brukarane av UH-biblioteka, så må dette høge talet innebere at bruken av Bokhylla.no har ein påverknad på folkebiblioteka si verksemd, både på utlånet (som går ned då mange blir meir sjølvhjelpne på nett), på fjernlånsbehovet og på samlingsutvikling og kassering. Kassering kan bli farleg freistande når «alt» det gamle og ikkje fullt så gamle finst i Bokhylla.no.
Og det finst eit endå større potensial, for desse tenestene blir jo ikkje marknadsført i nokon særleg grad.
Det er ingen tvil om at NB med Bokhylla.no har gjort Noreg til Den Internasjonale Pioneren på digitalisering og gratis formidling av åndsverk. Ingen føre, ingen ved sida. Uhilda forsking på dette burde ha enorm interesse for heile bibliotek- og kunnskapsverda. Men dette er altså farleg informasjon, for nokon.
Og at totalbiletet av Bibliotek-Noreg blir ufullstendig, ser ut til å vere uinteressant.
Tal om bokhylla.no som vi i ettertid har fått tips om eller kjem over:
3.2.2019: Ifølgje Kopinors årsmelding for 2017 blei dei i 2017 betalt NOK 3 554 800 til «individuelle rettighetshavere» for bruken av bokhylla.no. Side 9.
11.2.2019: Vi blei tipsa om eit brev frå Kopinor til KD av 18.12.2018 (om noko anna; om «Tilgjengeliggjøring av pliktavlevert materiale»), men her heiter det om brukarane av Bokhylla.no:
«En stor del av brukerne kommer fra universiteter og høgskoler, mens mange av de øvrige brukerne faller innenfor de grupper som spesielt er nevnt i forbindelse med den aktuelle forskriftsendringen (slektsforskere og lokalhistorikere).»
Kopinor kjenner altså desse tala, men er dei siste som vil dele denne kunnskapen.