No har det skjedd, ikkje overraskande: Nokre av dei viktige avisene har reforhandla og Atekst har måtta innføre 48 timar forseinking. Som ein ser, er treffa i til dømes Aftenposten, Bergens Tidende og Dag og Tid blitt “bleike” og uopnelege.
For ein bibliotekbloggar med ambisjonar er dette krise. Til dømes: Kva står i Aftenposten i dag om sal av Deichman?? Det er likevel ein ting å gjere: Bloggen må få seg ei støttegruppe av folk og bibliotek som har slike viktige aviser, på papir eller nett, og som no og då kan ta imot e-postar eller SMS herfrå og sende oss artiklar eller foto av artiklar. Vi oppretter ei enkel nettside, kan hende i Google Keep, der vi legg inn konkrete behov i ei liste og der bloggvenane kan huke av når artikkelen er ekspedert.
Meld dykk på til frilanders @ gmail.com og skriv om de har særleg Aftenposten, Bergens Tidende, Adressa, Nordlys og Dagens Næringsliv. Og Kommunal Rapport!
På førehand stor takk!
Leave a Reply