Folkebiblioteket sine domenetap

Skjermbilde 2019-02-05 16.02.08

Musikkstrøyming på snø, ved Slottsparken i Oslo

Her om dagen fekk vi vår første oppleving av det ambisiøse prosjektet «Digitization and Diversity» gjennom rapporten om iPad eller papirbøker. I dag strøymer det på (sic!) frå same kjelde ein rapport om Digitaliseringens innvirkning på norsk musikkbransje.

Ordet «bibliotek» førekjem ikkje på dei 162 sidene. Kanskje ikkje overraskande, for det er no åtte år sidan innkjøpsordninga for norsk musikk på CD brått tok kvelden, og etter dét avslutta dei fleste (?) biblioteka heile musikktilbodet (mykje eige innkjøp var det aldri, berre i nokre større bibliotek). Men det heng sjølvsagt saman med Spotify, YouTube og liknande trådlause tilbud.

Men dette er berre eitt av bibliotekas domenetap på eit par ti-år:

  • Forvitringa av kunnskapsbiblioteket. I alle fall folkebiblioteka. Biblioteka var tidleg offensive på Nettet, men med imponerande snøggleik, lange trefflister og gradvis betre treff/algoritmar (men for kven?) sigra Googles søkemotor over bibliotekas høg-kvalitets, handplukka emneportalar med meir:
  • Digitaliseringa av akademisk litteratur. Elsevier, Springer m.fl. vann teknisk og økonomisk (og med stor profitt). Mange brukarar ved UH-ane veit knapt at artikkelsøka deira er bibliotektenester og at kvart bibliotek må ut med millionar til dette årleg. Men ting skjer.
  • E-boka og e-lydboka. Klar dominans i dag: Nettsal. Strøyming med abonnement. Avgrensa breidde på norsk. Bibliotek får ein flik av dette.
  • Musikk. Strøyming med abonnement dominerer fullstendig, her med ganske god breidde. Biblioteka er historie.
  • Film. Strøyming med abonnement har overtatt for DVD, men med lita breidde og kvalitet. Nokre bibliotek har framleis gamle DVD-ar.

5 Trackbacks to “Folkebiblioteket sine domenetap”

Leave a Reply