Internet Archive: Bibliotek taper – igjen

2. februar var kulturhovudsaka i Klassekampen halvannan side negativ omtale av Internet Archive (IA), det private, ikkje-kommersielle biblioteket som låner ut skanna bøker på nett. Dei er saksøkte av fire digre forlag i USA, og no vurderer norske forlag å hengje seg på, får vi vite, godt hjelpt av venstresidas dagsavis.

Men kor lurt er dette i ei tid då den internasjonale underhaldningsbransjen digitaliserer og kommersialiserer stadig fleire medieformar? Og då politikarar overser eller ofte tynar bibliotektilbodet? Kvifor ikkje opne for drøfting av andre modellar enn den 300 år gamle copyrighten?

Avisa har vald å ikkje intervjue folk med andre synspunkt, i til dømes copyleft-miljø. Og heller ikkje bibliotekaktivistar. Vi får vite at nasjonalbibliotekar Sira Myhre «synes ikke noe om» det IA står for. Mens Kim Tallerås ved ABI/Oslo Met får forklare litt om rettssaka (endå eit problem her er at det ikkje blir forklart at «fair use» er USA-juss og irrelevant i Noreg).

Oppslaget har i ettertid verken fått oppfølging eller skapt debatt, noko som er sjeldan for prioriterte saker om kultur i denne avisa. Heller ikkje ein kortversjon av denne teksten fekk plass på debattsidene. Derfor ei utdjuping her:

Men først: Eit påskot for forlaga var at i mars 2020, då pandemien starta og dei fleste av verdas fysiske bibliotek blei stengde (unntatt i Sverige), lanserte IA National Emergecy Library, der dei fjerna ventelistene på dei digitale bøkene. Då kunne alle på kloden låne så mykje dei ville, men berre i knappe tre månader, før IA ikkje våga meir.

Altså ikkje i Noreg, men i USA, har det kome negative reaksjonar på søksmålet. I tidsskriftet “Inside Higher Ed” skreiv åtte amerikanske bibliotekarar (mi omsetting):

“Argumentet om at Internet Archive ikkje er eit bibliotek er feil. Om dette argumentet blir akseptert, vil det setje den framtidige utviklinga av digitale bibliotek over heile landet i fare. Internet Archive er det viktigaste spesialbiblioteket som har dukka opp på fleire tiår. Det er ein av dei einaste store minneinstitusjonane som har oppstått under framveksten av Internett. Det er, og held fram med å vere, ein moderne kulturinstitusjon som medvite er bygd som svar på den teknologiske revolusjonen vi har gjennomlevd”.

Dette blir berre endå eit steg i feil retning for bibliotekideen.

I 2019 hadde eg fem kulepunkt om «Folkebiblioteket sine domenetap» i den digitale tida. Det handlar litt om UH-bibliotek også. Eg repeterer og byggjer litt ut her:

Virtuell svarteneste, med chat, e-post og telefon (2002 – 2012), då Nasjonalbiblioteket fjerna den økonomiske støtta til ei halv stilling for administrasjon. Blei utført av 250 bibliotekarar på dugnadsbasis.
  • Forvitringa av kunnskapsbiblioteket. Dette gjeld særleg folkebiblioteka. Biblioteka var tidleg offensive på nettet, men Googles søkemotor overtok med imponerande snøggleik, lange trefflister og (gradvis) betre (men langtfrå perfekte) algoritmar (og for kven?). Bibliotekas høg-kvalitets, handplukka lenker i emneportalar tapte i konkurransen:
    •  Nedlagd 2011: «BIBSYS Emneportal» 2011 (arkivkopi 2006)
      •  Nedlagd 2012: «Biblioteksvar» (arkivkopi) (men tenesta finst framleis i SE og FI)
        •  Nedlagd 2015: «Detektor emneportal» v/Deichman (arkivkopi 2010)
  • Digitaliseringa av akademisk litteratur. Tidleg etablerte Elsevier, Springer m.fl. seg teknisk og økonomisk (og med ekstremt høg profitt, jf kronikk i Legeforeningas «Tidsskriftet»). Open Access er ei kompenserande rørsle i offentleg regi, men det går ikkje heilt etter planen. Mange brukarar ved UH-ane veit knapt at artikkelsøka deira blir betalte av biblioteka med millionar i årleg abonnement. Særleg i sør og aust opplever forskarar, legar osv. å ikkje få tilgang til eigne artiklar fordi dei er innlåste i databasar som insitusjonane deira ikkje har råd til å tinge på.
  • E-boka og e-lydboka. Klar dominans i dag for kommersiell strøyming. Men med avgrensa breidde på tilbodet, i alle fall her i landet. Og folkebiblioteka får berre ein flik av dette. Bokbransjen har sikra seg bra, sjå berre korleis dåverande kulturminister Trettebergstuen i samband med revisjonen av boklova i august 2022 var skråsikker på å innføre leveringsplikt av lydbøker til folkebiblioteka, men snudde tvert om i løpet av eit halvår, etter press frå lobbyistane til bokbransjen, sjølvsagt.
  • Musikk. Strøyming med abonnement dominerer men, her med ganske god breidde også i Noreg. Biblioteka er nærmast blitt historie her, sjølv om nokre ikkje har skrota dei fysiske samlingane.
  • Film. Strøyming med abonnement har overtatt for DVD osv., men med avgrensa utval og kvalitet, i alle fall her i landet. Det kommersielle rår. Det monnar berre litt med biblioteka sitt Filmoteket.no og at nokre bibliotek som framleis har skivesamlingar har tenkt nytt om formidlinga av desse.
Queen Anne Statutes. Den første opphavsrettslova frå 1710, knipsa av bloggaren i Chetham’s Library i Manchester i 2016.

Copyright, eller i Noreg: opphavsrett og statlege vederlag for bruk i bibliotek, skolar osv., har vært avgjerande viktig for deling av kunnskap, produksjonen og framgang for samfunnet. Men i ei verd som blir stadig meir kapitalistisk nyliberalistisk, er åtaket på Internet Archive og bibliotekideen ikkje det minste overraskande.

Kapitalismen, det økonomiske systemet, set sjølvsagt vilkåra i dag, men ein kunne kanskje eksperimentere med litt anna? Før Amazon eller Google overtar heilt?

Og hugs at bibliotekbruk fører til auka sal av bøker.

PS 1: Internet Archive lagrar p.t. 886 milliardar nettsider i Wayback Machine. Og gjer dei fritt tilgjengelege. I denne bloggposten er tre av lenkene slike arkivkopiar, sjå under det første kulepunktet ovanfor.

PS 2: Ei litt tilsvarande teneste, Sci-Hub, er saksøkt av Elsevier m.fl., men er meir lukka enn IA og klarer å gøyme seg på ulike tenarar.

PS 3: Sjå dei 28 blogginnlegga våre om Internet Archive gjennom 18 år. I 2015 hadde vi den første eigentlege promoteringa vår av fenomenet, basert på ei sak i Dagens Næringsliv, og som forklarer noko av det unike ved lagringa deira av nettstader.

5 Responses to “Internet Archive: Bibliotek taper – igjen”

  1. Jeg går ut fra ar du har protestert overfor KK. Hva har de – eventuelt – svart?

    • Etter svar om å vente og sjå eventuelt i løpet av veka (standardmeldinga deira), og etter å ha sett kva som faktisk kom på, gav eg opp. Kven kan konkurrere mot krig i aust og vest. Det alvorlege fra avisas side var at dei ikkje intervjua nokon frå copyleft, men eg måtte der prioritere kva IA faktisk står for.

  2. Ja, det virker som at Klassekampen framstiller saken svært ensidig.

    Å slippe til andre synspunkt er for øvrig nedfelt i Vær Varsom plakaten, samt at de som blir angrepet skal få mulighet til å forsvare seg.

Trackbacks

Leave a Reply