Dette med kunstens og kulturens positive innverknad på den psykiske helsa har ført til fleire overskrifter den siste tida. Sjå ikkje minst Helge Torvund i Klassekampen 18. januar (bak muren).
Men denne bloggaren har vore med på mykje, blant anna også studert suksessrikt bibliotekutlån av biletkunst til blinde! Det var då … Organisasjonen Norske Grafikere og salige Statens bibliotektilsyn samarbeidde om tenesta Artoteksentralen frå 1984 til 1996, der vi leigde ut depot med innramma grafiske blad, til utlån i bibliotek og institusjonar. Styret dro på studietur til Karlstad. På ein diger sjukeheim for heile Värmland (dei har alltid vore «gode» på sentralisering) fekk vi helse på blinde bebuarar med grafikk og måleri på rommet. Det var viktig at bileta blei skifta ut med jamne mellomrom, for poenget var at dei blinde slik fekk noko å prate med folk om når dei var innom.
– Vad sägs om min nya tavla? Gudrun tyckte om motivet men tycker färgerna är fula. Jag vettafan. Jag är ju blind.
Ho som sjefa over dette var den fantastiske bibliotekaren og forfattaren Lena Sewall, blant anna kjend for kokebøkene sine. Vi fekk også ein fantastisk lunsj heime hos Lena.
PS: ABM-utvikling prøvde seg faktisk med artotekordning på ny i 2007, men det såg vi vel ikkje noko meir til?
Leave a Reply