Norske lydbøker: Mest børs, lite katedral

Skjermbilde 2019-04-12 15.40.31

Ambrosius av Milano var den første som las «stille». Burde vi stoppa leseutviklinga der? 😉

Ikkje berre biblioteka slit med å få tak i lydbøkene, det gjer også kundane til dei tre ulike lydbok-appane, bundne til like mange grupper av forlag. Titlar på tvers av appane førekjem ikkje. «… det tyder på at aktørene i forhandling ikke ser seg tjent med å komme til enighet», sa medievitar Terje Colbjørnsen, Oslomet, til Klassekampen i går. Og vidare: « … forlagene kan tjene på å holde lydbøkene sine i egne strømmetjenester for å sikre seg eksklusivitet over noen titler.»

I dagens avis (berre for abonnentar) seier stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen (H) at ho vil vurdere boklova på nytt (lovforslaget til Stoltenberg II blei stoppa av Solberg etter valet i 2013): «Intensjonen med skaffe- og leveringsplikta i Bokavtalen er ikke blitt fulgt godt nok opp når det gjelder lydbøker. Dette går ut over tilgjengeligheten, og det er det kundene som taper på.»

Og som vi veit taper «kundane» til biblioteka også. Men her er verken bokavtale eller lov nokon utveg. Berre pliktavleveringa til Nasjonalbiblioteket er lovfesta på dette feltet. Åndsverklova § 19 seier at eit eksemplar av eit verk kan spreiast vidare om det er selt med opp­havsmannens samtykke. Problemet er at strøyming ikkje er sal av eksemplar.

Men, som vi skreiv i går, kan biblioteka starte eige lydbokforlag. Og forslaget vårt har fått støtte i kommentarfeltet. Det er plass til fleire synspunkt. 

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: