
Rjukan bibliotek 2007
Måndag denne veka skreiv vi: Tida inne for «sivil lydbok-ulydnad»! Som over 350 har lese.
Utgangspunktet var at forhandlingane med Forleggerforeningen om e-bøker til bibliotek har gått solid i stå. Men no finst det lett tilgjengeleg utstyr og program så folk relativt enkelt kan lage sine eigne lydbøker, så lenge dei ikkje blir spreidde utafor den private sfæren (famile og nære vener). Eventuelt kan du også, som privatperson, skjere opp den nyleg innkjøpte påskekrimmen, skanne og overføre han til lyd og ta han med på skituren. Dei verkeleg tolmodige kan sjølvsagt også lese inn sjølv …
Men så: Vi avslutta måndag med at bibliotek ikkje har lov til å låne ut slike lydbøker, for det blir langt utafor den private sonen. Før vi kom på andre tankar: Det finst jo mengder av digitale tekster «i det fri», alt frå dei nedlastbare på bokhylla.no til forskingsartiklar i Open Access. Og dette kan vel bibliotek omgjere til lyd og låne ut?
Vi spurde juss-avdelinga på Nasjonalbiblioteket og fekk dette stadfesta i dag: Mia Benedicte Sund Aasli skriv til oss i ein e-post: «Hvis materialet er falt i det fri, eller er lisensiert under en CC-lisens som tillater den ønskede bruken, vil det være mulig å lage egenproduserte lydbøker basert på dette materialet. Hvis materialet ikke har falt i det fri, kan man alltids spørre forfatter/ forlegger om tillatelse.»
Kva om nokre/alle(!) bibliotek gjekk saman om å lage lydbøker og samle dei i ein base? Så blir det i alle fall ein del e-lydbøker til folket. Så får forleggjarane gnu på sine titlar. Eller snart kome etter?
Alt dette med atterhald om teknisk kvalitet. Om ein ikkje skaffer det aller ypperste av talesyntese, men fleire samarbeidande bibliotek kan jo ha råd til dette.
Eller kva om NB gjorde lydbokversjonar av det dei har som er fritt for opphavsrettsleg vern?
Her meir om CC-lisensar og bruken av dei. Og Bergen offentlige bibliotek har ein oversikt over nettstader med frie, lovlege e-bøker. Det tekniske er godt skildra av IT-folk på Høgskolen i Østfold.