Lydbøker med lekkasjar

fullsizeoutput_114fVi skreiv nyleg om Deichman sitt nye tilbod om engelskspråklege elektroniske lydbøker. På mobilen møter lånarane tenesta i form av appen Libby. Alt blir administrert av det US-amerikanske firmaet OverDrive Inc. via nettstaden deira, men visuelt tilpassa oslofolket: https://deichman.overdrive.com. I Stavanger har biblioteket hatt dette sidan 2010, og som tidlegare journalist i Norsk Bibliotekforening fulgte vi denne utviklinga gjennom fleire oppslag. Mange svenske bibliotek har vore kundar i fleire år, og der skal no også svenske e-bøker og e-lydbøker kome med denne appen.

Men i førre veke las vi på den etablerte media- og teknologinettstaden CNET.com om tekniske og menneskelege veikskapar som kan ramme lånarar ved bibliotek som på denne måten set bort strøymetenester fullt og heilt til private firma, ofte på den andre sida av kloden. Igjen er det personvernet det handlar om. CNET bruker OverDrive som eit døme, men det kan gjelde fleire. Vi omset delar av artikkelen:

«Erin Berman, som leiar ein personvernkomité under American Libraries Association, seier at i ein test av produkt som ho overvakar ved San Jose Public Library i 2018, fann ho seks appar med alvorlege feil når det gjeld datatryggleik. I mars fann ein annan ekspert, Justin Paine Kanopy, at ein strøymeapp for video lekte informasjon om kva lånarar såg fordi ei skyteneste ikkje var trygga.

Du kan også utilsikta lekkje din eigen informasjon. Overdrive-appar lar deg overføre bibliotekets e-bøker til Kindle-appen, som så tipsar Amazon om bibliotekbøkene du les. Nokre bibliotekarar har spurt seg om lånarar veit at dette skjer, og at det kan få utilsikta følgjer, seier Berman.

Til dømes er det ikkje sikkert ein ung person er førebudd på at å lese ein ungdomsroman med ein homofil eller trans-person i hovudrolla kan føre til at liknande titlar dukkar opp på Kindle-appen ho eller han deler med resten av familien.

«Nokre av appane, til dømes OverDrive sin Libby, held oversikt over lånehistorikken som er knytta til lånarnummeret, men ikkje til namnet ditt. Steve Potash, direktøren i OverDrive, seier at appen deira samlar minst muleg personleg informasjon:

«Vi må halde ekstraordinært høge standardar,» seier Potash, for å få tillit hos biblioteka.

Likevel er du aldri trygg på at programmørar ikkje vil bruke dataa dine til annonsering, overlate dei til styresmaktene eller lekkje dei til hackarar.»

Les meir på DNET.com.

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 757 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: