Lydbokløft i Danmark

Skjermbilde 2019-09-09 15.19.09

>> OBS: Sjå interessante kommentarar nedanfor om Nasjonalbiblioteket sin e-bokstatistikk for 2018

Det har gått opp og ned med «utlånet» av e-bøker og e-lydbøker i Danmark, men no går det opp. Dette melder i alle fall Netbib sjølv, dei som samlar dei ulike digitale folkebibliotektenestene. I juli lytta danskane til 287 000 e-lydbøker frå biblioteket, noko som er månadsrekord. I same periode leste danskane 161 000 e-bøker. Dette er ein auke på 23 prosent for lydbøker og 32 for e-bøker, og talet på unike brukarar er no over 430 000.

Det går rykte om positiv utvikling også i det herverande tidlegare danske lydriket, men vi får vente og høyre. For vi har høyrt det før, for å seie det med Alf Prøysen.

I mellomtida kan vi sjå korleis danskane har marknadsført eReolen sin den seinare tida. Særleg til danske «teenagers» har det vore viktig «at blive endnu sjovere.»

PS: Dei norske tala for heile 2017 var 22 000 e-lydbøker og 642 000 e-bøker. Statistikken for 2018 har vi enno ikkje sett noko til. Og det er akkurat ein månad sidan i dag at Vidar Lund fekk til svar på Bibliotekutvikling.no at «Den offisielle statistikken frå NB kjem snart.»


Oppdag mer fra Biblioteket tar saka #librarycase

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.

5 kommentarer om “Lydbokløft i Danmark

  1. For hele eBokBib, som har ca 90 % av markedet, var det totale utlånet (utenom e-lydbøker) 579 000 i 2017 og 633 000 i 2018. Totalt utlån av e-bøker i Norge burde da ligge på rundt 680 000 i 2018. Omtrent halvparten av fylkene har vekst, mens den andre halvparten har en nedgang i utlånet i 2018. Jeg skjønner ikke hva som er feil, men noe må det nesten være.

    1. Dette blir meir og meir interessant. For her er fortsetninga av svaret frå NBs Svein Arne Tinnesand til Vidar Lund 9. august, som eg berre delvis gjenga i blogginnlegget ovanfor: «Vi har hatt nokre utfordringar m.a. når det gjeld tal for bruk av e-bøker som måtte kontrollerast i fleire omgangar men vi håper at alt er i orden i nær framtid.»

      Fleire omgangar var visst ein for lite.

      Dette ligg på veggen til gruppa Statistikk i NBs Bibliotekutvikling.no. Dette må ein vel vere medlem og innlogga for å kunne lese, men eg offentleggjer det her, så viktig som det er.

  2. Så litt mer på statistikken og NB kommenterer tallene slik: «Vi gjør også oppmerksom på at det er en systematisk underrapportering av nedlastede e-bøker. Bakgrunnen er endringer i sysemene for bruk/lån av e-bøker. Ved å gå til andre kilder enn bibliotekenes rapportering, har vi estimert et e-bokutlån på om lag 690 000 på landsnivå. Rapporterte tall for nedlasting av e-bøker kan derfor ikke sammenliknes med tall for tidligere år. Med utgangspunkt i estimatet, kan vi anslå en økning i nedlasting av e-bøker på om lag sju prosent på landsnivå fra 2017 til 2018.»

Leave a Reply