Digitalisering under press

Skjermbilde 2019-04-22 17.48.33

Digitalisator frå Sinai

I påska rapporterte Reuters om eit bibliotekarbeid som pågår i eit austleg-ortodoks kloster frå femhundretalet på Sinai-halvøya i Egypt. Over fire tusen gamle bøker blir digitaliserte med særs høg kvalitet, i tillegg til at materialet blir katalogisert for første gong. Blant anna finst det svært tidlege kopiar av ulike kristne evangelium i samlinga.

I det aktuelle tempoet vil prosjektet ta ti år, men Den islamske staten har stått for terroråtak ikkje langt unna, og sjølv om Egypts president al-Sisi har utnemnt ei koptisk kristen kvinne til guvernør for ein liten provins, gjev han flest pro-islamske politiske signal. Så det kan haste å fullføre digitaliseringa.

PS 26.4.19: Uavhengig av kvarandre har to tilsynelatande ekspertar på dette Katarinaklosteret og bokskattane derfrå gjort oss merksame på kor viktig klosteret er, særleg på grunn av eit unikt dokument, Codex Sinaiticus. Men dette blei på ulike måtar fjerna og delt i fleire omgangar og finst i dag ved tre musé og bibliotek i Europa. Berre nokre få sider av det finst i Katarinaklosteret:

Codex Sinaiticus er ein av dei viktigaste meir eller mindre komplette kjende bibelhandskriftene. Ifølgje norsk Wikipedia [lasta ned 26.4.19] er dokumentet fordelt slik: «347 blader finnes i British Library i London; 12 blader og 14 fragmenter er i Katarina-klosteret; 43 blader er Leipzig universitetsbibliotek; og fragmenter fra 3 blader er i nasjonalbiblioteket i St. Petersburg.» Institusjonane gjekk saman om å publisere det digitalt, noko som blei fullført i 2009. Sjå også i engelskspråkleg Wikipedia detaljert om den dramatiske historia om oppdaginga og kjøp og sal av dei ulike delane.

Mange vil også kjenne klosteret og kodexen frå Gert Nygårdshaugs roman «Fortellernes marked».

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: