Yale-studentar for fysiske bøker

Skjermbilde 2019-04-25 22.01.25Vi les i Washington Post at ved eitt av biblioteka på eliteuniversitet Yale i New Haven, Connecticut, ville leiinga fjerne rundt to tredelar av dei fysiske bøkene for å få plass til fleire sitjeplassar. Men både studentar og fleire fakultet reagerte på dette. I ein underskriftaksjon meinte nærmere eitt tusen studentar at dette ville redusere høvet deira til å «browse» og bruke boksamlinga. Fleire bibliotekbrukarar kom med sterke personlege vitnemål om kor viktige dei fysiske samlingane er.

Biblioteket spreidde så eit rekneark med titlar der brukarane fekk meine noko om kva som absolutt ikkje måtte flyttast. I eit kompromiss blir no 60 000 og ikkje 40 000 bøker verande (av i alt 150 000).

2 Comments to “Yale-studentar for fysiske bøker”

  1. Bare 60 bøker blir værende? Litt av et kompromiss! (fnis)

  2. 🙂 Takk. Eg legg til 3×0

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: