Avansert historieskriving ved hjelp av bokhylla.no?

Skjermbilde 2019-04-28 17.45.29

Venice Time Machine. Utsnitt. Foto: Jean-Pierre Dalbéra. CC BY 2.0

I Venezia har dei digitalisert bibliotek og arkiv på i alt 80 000 hyllemeter og brukt dette settet av stordata til å skape eit digitalt museum og kunnskapsbase der forskarar så vel som turistar kan «bla» seg att og fram i historia til den italienske byen, via bystaten frå mellomalderen til renessansen og endå lenger attende.

Sjefen for prosjektet i Venezia var alt i 2013 på TED med eit foredrag om dette, men ein nyare og meir omfattande presentasjon i åtte episodar ligg på den fransk-tyske tv-stasjonen Arte.

Kunstig intelligens brukt på mengdene med tekst, kart, illustrasjonar osv. kan på denne måten fylle hol i historieskrivinga til ein stad, ein person eller eit emne, og ekstrapolering av trendar kan stadfeste eller avkrefte lause teoriar. Med visse atterhald, sjølvsagt; det er viktig at historikarar og andre ekspertar kvalitetssikrar og ev. forkastar tvilsame resultat.

Ein skilnad mellom Venezia og til dømes Vennesla (for å ta ein tilfeldig, men bokstavrimeleg 🙂 stad i Noreg) vil sjølvsagt vere …mengda av data. Venezia var tidleg eit velordna og byråkratisk avansert samfunn der svært mykje blei loggført og framleis finst i arkiva.

Men søker vi i Bokhylla.no på Vennesla finn vi faktisk 7500 bøker der stadnamnet førekjem, og tilsvarande 108 261 avisutgåver, 2718 tidsskriftnummer og 69 foto (per 28.4.19). I Riksarkivet får vi 1130 ulike treff. Pluss 201 treff i artiklar på Lokalhistoriewiki.no. I tillegg finst det sjølvsagt lokale og regionale arkiv og kjelder. Men Vennesla var altså berre eit døme. Storbyane og dei eldste byane, til dømes Tønsberg, vil ha meir å hente.

PS: Bloggen har no 7 artiklar med stikkord Kunstig intelligens, meir eller mindre i samanheng med bibliotek. Og fleire kjem.

Leave a Reply