Vi er ikkje blant dei ivrigaste når det gjeld seriefråtsing, men det var enklare før då det var mykje mindre å velje i. Mens vi jobba med årets påskekrim for bibliotekarar blei vi også minna om politiserien Lov og orden frå byrjinga av totusentalet. Då fekk vi ein viss sympati for Robert Goren, den på mange måtar uortodokse etterforskaren som blant anna erklærte at lånekortet på biblioteket var det viktigaste arbeidsverktøyet hans. Og då var det ikkje snakk om å bruke det til å opne dører eller skrape is av bilruter.
Leave a Reply