Klassekampen har i nokre oppslag sett på effektane av den blåblå regjeringa si gåveforsterkingsordning, ei ordning for å «stimulere til økt privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegaver. Pengegavene utløser en gaveforsterkning til mottakeren på normalt 25 prosent av gavebeløpet.»
Hovudsaka for Klassekampen er at mangemillionærar har fått mest. Fleire av dei har fått «store beløp til kulturformål som de selv har grunnlagt eller tatt initiativ til, og som på grunnlag av disse overføringene fikk utløst millionbeløp fra regjeringens gaveforsterkningsordning.»
Dette er interressant nok, men på ein bibliotekblogg finn vi også andre ting å ta fatt i: Frå og med 2016 blei biblioteka kvalifiserte mottakarar, men av dei 1,9 milliardane i statlege gåver dei tre siste åra gjekk berre 37 500 til bibliotek. Nemleg til Nedre Eiker bibliotek som fekk denne denne summen utløyst etter ei gåve på 150 000 frå Sparebankstiftelsen DNB, så dei fekk seg eit leseamfi i barneavdelinga.
Kva seier dette oss?
- At bibliotekmiljøet ikkje har så stor sans for private almisser. Dei søkjer ikkje slike tilskott og meiner skattepengane (men helst fleire enn i dag) skal finansiere investeringar så vel som drift.
- At bibliotek har låg status hos private donorar, fondsstyrar og andre pengefolk.
- Gåvetilskotta blir tekne frå tippemidla på Kulturdepartementet sitt budsjett, der dei faktisk er den tredje største posten, med like mykje som til kulturbygg og prosjekt- og utviklingsmidlar på bibliotekfeltet til saman. Så berre om regjeringa aukar kulturbudsjettet reellt kan det bli meir til alt det andre.
I tillegg har vi ei regjering som både i Jeløy- og Granavolderklæringane vil styrke «frivillighetseide bygg» innom rammene av tippemidla.
Samtidig som heile ordninga med statleg bruk av tippemiddel brått kan kome under press igjen. Og kulturformåla er alt under auka press frå både idretten og premieutbetalingane.
Leave a Reply