
Truleg lesbar i 2069
Vi delte nyleg ein sak om dei 100 romanane som er minst kasserte i verdas bibliotek. Med eit anna ord klassikarar på eit vis. Og vi har alle merka oss biblioteket på Lom sitt no landsomfattande prosjekt Moderne klassikarar. Ei imponerande liste med 25 romanar. Og mange av dei vil truleg «overleve» og på ein måte bli klassikarar.
Fordi, meiner den svenske litteraturkritikaren Peter Fröberg Idling i Klassekampens Bokmagasinet 11. mai (på nett for abonnentar):
Romanen har stagnert; han har utvikla seg lite som sjanger, men han får av same grunn ei lengre «levetid». Hundre år blir ofte for gamalt, men om femti år vil ein roman framleis vere «lesbar» for folk. Ein roman frå 1969 vil framleis kunne lesast. Noko som forsvarer opptrykk og nye omsetjingar. Og med det klassikarstatus.
Vi siterer sluttorda:
«I et kritisk oppgjør med romanen mente litteraturprofessor Sven Anders Johansson for noen år siden at den i dag er «objektivt passé». Han sammenliknet nåtidas romaner med tradisjonelle bakverk som produseres år etter år – kanskje endres proporsjonene på ingrediensene litt, men innholdet og utseendet forblir det samme.
Johansson var skuffet over at romanens revolusjonære potensial dermed var gått tapt:
«I slutändan är den tilltagande romanstelheten ett uttryck för en oförmåga eller ovilja att föreställa sig en annan samhällsordning. Böcker som är bekväma i sin genre är bekväma också i den rådande politiska ordningen.»
Men selv om revolusjonen dermed er avlyst eller utsatt, så gjør mangelen på utvikling at 50 år gamle romaner kan snakke direkte til nåtidas lesere. Og en slik samtale, fra en tid til en annen, har en verdi.»
Leave a Reply