– Norsk litteratur er lige så klar og let at blive afhængig af som det vand, der springer af kilderne i de norske fjelde

Skjermbilde 2019-06-08 17.28.29

Det må vere noko med bestsellers i DK. Frå Århus bibliotek i 2008

Litteratursiden.dk har Ny norsk litteratur som aktuelt tema. Med mykje skryt og blant anna eit intervju med Oliver Møystad i Norla om korleis det kan bli som i tittelen ovanfor. Innkjøpsordning har dei ikkje i drottningriket, og bibliotekvederlaget deira er ikkje kollektivt som her. Dei ulike stipenda våre gjer vegen til debut kortare enn i Danmark, der det individuelle vederlaget ytterlegare utvidar kløfta mellom bestseljarane og dei jamne, sjå lista over Biblioteksafgiften for 2017!! (pdf).

Litteratursiden.dk har nok eit poeng, ja. Men noko vi manglar i Noreg er …ein slik nettstad, som spring ut av og haldast levande av bibliotekmiljøet, delvis på dugnad. Forsøket vårt, Litteratursiden.no, blei nedlagt i 2009 av Nasjonalbiblioteket sin forgjengar, ABM-utvikling. Det skal ha vore nokre uhell som gav kulturstyresmaktene påskot til å skrinleggje den norske varianten (innan det skjedde vann faktisk denne bloggaren namnekonkurransen, med ei lesefjøl frå Sony som premie. Men namneforslaget vårt – Apostrof! – er ledig! … eh … likevel ikkje)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: