
Ingen spesielt glup parole
Regjeringa har sleppt digitaliseringsstrategien sin i dag. Denne vil det bli debatt om. Ikkje minst om forslaget om at kvar og ein av oss skal få ein virtuell assistent, «et filter som viser relevant og individuelt tilpasset informasjon når innbyggeren er logget på offentlige nettsider.» Eit filter som sjølvsagt aldri i verda kan bli hacka og som ingen styresmakter nokon gong kan finne på å misbruke.
Det måtte jo kome. For ifølgje Evgeny Morozov i eit (viktig!) intervju i Klassekampen i mars (for abonnentar) ligg Europa ti år etter USA og Kina på kunstig intelligens. Og i Kina er det verkeleg mykje å hente, jamfør deira fantasiske og brukarvenlege sosiale poengsystem.
Bibliotek er nemnt i strategien (den norske), men berre den digitale innsatsen til Nasjonalbiblioteket. Så kva med dei verkelege, fagutdanna kunnskapsassistentane ute i kommunane, også kalla bibliotekarar? Som har lært seg faget å lytte. Og som kan kome til å formidle alternativt materiale og idear til det som offentlege og/eller kommersielle algoritmar kan prestere?
Vi har ei kjensle av at vi plutseleg vil kome attende til dette.
PS: Ved dette høvet oppretta vi eit nytt stikkord: OBS! Ironisk innhald.
Leave a Reply