I februar forsøkte vi i eit innlegg å lage litt rabalder om kor spesielt vanskeleg det kan vere på nb.no å søkje og finne stoff om bibliotek og bibliotekarar i skjønnlitteratur, ganske enkelt fordi Nasjonalbiblioteket også har skanna alle stempla og exlibrisane til dei opprinnelege eigarbiblioteka. Men i dag fann vi ei imponerande liste over slikt innhald på den britiske bibliotekbloggen Publiclibrariesnews.com: «Books which feature public libraries».
I Noreg og for norsk litteratur ville vi jo brukt Nettbiblioteket.no og lenka til full tekst der det er muleg.
Skal vi starte ein dugnad? (her på bloggen har vi alt ei samling med seks titlar som vil høyre til på ei slik liste, men som dessverre ikkje er spesielt flatterande for verken bibliotekarane eller forfattarane (mest det siste)).
PS: I innlegget i februar skreiv vi at domenet Nettbiblioteket.no ikkje var i bruk. Men no er det det, og det er NB som har sikra seg det. Bra.
Fleire norske byar og tettstader planlegg nye, gode bibliotek i dag. I tillegg har vi bibliotek som pregar bybiletet i Oslo, Bodø, Drammen, Tromsø osv. Rett nok finst det motsette tendensar. Men i Aftenposten 8. februar plasserer samfunnsvitar, byutviklar og bibliotekven Erling Dokk Holm biblioteket sentralt i ein overraskande type tettstad: Hyttebyen. Vel, feilen her i landet er at desse ikkje er byar, meiner han.
Artikkelen heiter «Voldsom hyttebygging i fjellet skaper store naturinngrep og konflikter. Vi bør lære av småbyene i Alpene». Det handlar om hytteområdet Sjusjøen (7000 hytter) i Ringsaker. I staden for å planleggje og byggje konsentrerte landsbyar, som i Alpane, lar dei her hyttene breie seg utover i naturen. Og hyttefolket sjølv taper, for dei får stadig lenger veg til moltene og til snøen under skia. Dokk Holm skriv vidare: «Det skulle være slik at man drømte om å dra til Sjusjøen sentrum. Ikke fordi det var nyttig (Kiwi ligger der), men fordi det også var en hyggelig restaurant eller to der, fordi det fantes et intimt torg, et bibliotek, et bakeri og en kaffebar» (vår utheving).
Og han skriv om Ringsaker at det er «merkverdig at ikke hytteutbyggingen skaper større verdier for kommunen. Det ble registrert en vekst på fire (4) innbyggere i kommunen i siste kvartal 2020, kommunen planlegger å gå med et lite underskudd i 2020, og må tære på oppsparte midler og kutte i offentlige tjenester. Ikke minst presser det seg frem nedlegging av skoler».
Og bibliotek, må vi leggje til. For i Ringsaker Blad kan vi tre dagar seinare lese om ungdom som kjempar mot nedlegging av bibliotekfilialen på Brøttum. Det er eit skolebibliotek med «integrert folkebibliotek».
Orsak, det heiter jo ikkje bokhylla.no lenger, sjølv om URL-en fungerer, men i overskrifta duger ikkje nb.no og heller ikkje det nye, offisielle namnet «Nettbiblioteket». For dette har ikkje Nasjonalbiblioteket (NB) einerett på, og derfor omfattardetmykjeforskjellig anna. Og domenet Nettbiblioteket.no er ikkje i bruk.
Men til saka: Bloggaren blei nysgjerrig på kor viktig bibliotekaren er i samfunnet. Éin veg til svaret kunne vere å fulltekstsøkje i den nemnde basen til NB. Då fekk vi tal vi tenkjer er overraskande høge. Eit søk på «bibliotekar*» gav for dei siste tjue åra 4456 treff i skjønn- og 5118 i faglitteratur. Og heile 1076 treff i barne- og ungdomslitteratur. Pluss 1299 «uklassifisert». Utan at dette betyr at bibliotekarar har hovudroller i desse bøkene. Men å kome djupare i materien er utfordrande, for desse nyaste bøkene er ikkje opne for andre enn forskarar. Ein tur på det lokale biblioteket kan gje eit visst inntrykk, men der må vi bla gjennom kvar bok vi finn på trefflista. Derimot er dei eldre bøkene med treff, 20 302 i alt, mulege å skrutinere. Noko vi kjem til å gjere, innimellom. Mest for moro skuld. Men ein masterstudent kunne vel prøvd seg seriøst?
Men å søkje i denne basen etter litteratur om bibliotek, altså om institusjonen, er ironisk sett ei mykje større utfordring. Her bør du kjenne tittel, forfattar og/eller personnamn, stad, emneord og tema. Kvifor er dette så vanskeleg i biblioteka sin eigen base?! Jo, mange har sikkert støtt på det; …
Det kan fort oppstå rykte om kva tilsette gjer etter stengetid. Klikk og kikk (reprise)
I 2009 på Flashback skreiv ein svensk bibliotekar: «Jag får ofta intrycket av att folk i allmänhet inte har en aning om vad vi som jobbar på bibliotek faktiskt jobbar med. Därför får ni nu möjligheten att få reda på det. … Jag svarar på allt, men förbehåller mig rätten att vara sarkastisk».
På dei elleve åra har det gått i bølgjer, men det har blitt i alt 200 spørsmål, nokre dønn saklege, andre ikkje, men likevel lesbare, i alle fall ein fredag i november.
Ifølgje svenske Biblioteksbladet 25. august har Sölvesborg sør i Sverige fått ny biblioteksjef. Det er vel ikkje vanleg å intervjue ny-sjefen i ein kommune med åtte tusen innbyggjarar, men Sölvesborg blei i fjor herostratisk berømt for at biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk. Saka er at Sverigedemokraterna (SD) er det største partiet og har makta saman med andre borgarlege.
Men den nye biblioteksjefen er optimist: «Det behövs tid och lugn och ro. Med en struktur löser man detta. Man håller ut, det måste få ta tid».
BiS ved Tobias Willstedt har derimot vore tydeleg kritisk «Angående händelserna i Sölvesborg». Der han også viser til ein master frå bibliotekshögskolan i Borås om bibliotekpolitikken til franske Nasjonal front på 1990-talet, men som vi ikkje fekk opna no på grunn av stor datatrafikk.
Ein verkeleg god reportasje på NRK Trøndelag i dag frå Trondheim folkebibliotek og tankevekkjande på fleire vis:
Når det gjeld kor mange som ikkje meistrar den stadig meir digitaliserte kvardagen (nyleg såg vi at 10% vaksne enno ikkje er på nettbank = nær ein halv million).
Når det gjeld korleis biblioteka (tre av fire på landsbasis, står det) er med på «Digihjelpen», men ofte kjem til kort på grunn av manglande kompetanse og stor pågang (og hugs, biblioteket i Trondheim blant dei største og mest kompetente).
Og tankevekkjande er det ikkje minst kor elegant kommunal- og moderniseringsminister og til nyleg digitaliseringsminister, for ikkje å gløyme mangeårig Minerva-redaktør, Nikolai Astrup skyv ansvaret frå seg med skikkeleg forretningsstandsmessig nytale: «– Kommunene må rulle ut dette, sammen med frivillige og lokale aktører».
Bloggaren har på ny gjort eit intervju for tidsskriftet Bibliotekaren, med bibliotekprofessor Joacim Hansson ved Linnéuniversitetet i Växjö. Det kan lesast i nummer 4, 2019 på papir og på pdf. Og i ein litt lengre versjon her:
Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar
I Sverige har ytre høgre starta ein målretta kamp mot bibliotekpolitikken. Utviklinga krev meir sjølvmedvitne bibliotekarar, meiner den profilerte bibliotek- og informasjonsvitskapsprofessoren Joacim Hansson.
Tekst og foto: Anders Ericson, frilansjournalist og bibliotekbloggar
Om du høyrer til den litt aparte rasen som tingar siteringar i Google Scholar, kjem svenske Joacim Hansson på sitat-toppen blant bibliotekforskarane, med nær nitti hittil i år. Så har han då vore svært produktiv i sine tjue år som bibliotek-doktor, med 12-13 bøker og rapportar på tre språk i Libris, den svenske nasjonalbibliografien. Pluss ei mengd artiklar. Og mykje handlar om bibliotekarrolla, -identiteten og -etikken.
Bibliotekaren drog til Linnéuniversitetet i Växjö for å høyre meir om dette temaet, som litt uforskyldt har kome i aktuelt fokus i Sverige, også fordi ytre høgre har starta ein målretta kamp mot kultur- og bibliotekpolitikken.
Spørsmålsteiknet fortel at dette veit bloggaren lite om, men ein stad må kunnskapstileigninga starte. Kan hende i kommentarfeltet nedanfor?
No er altså den viktigaste bibliotekarutdanninga i landet blitt del av eit universitet. Kva kan det bety for utdanninga, faget og profesjonen (om vi kan kalle bibliotekfaget dét)?
Utgangspunktet er ein kronikk i Klassekampen 7. november av fysikar og universitetslektor Ronny Kjelsberg ved NTNU, som igjen bygger på eit foredrag han heldt på Nesna i oktober og som han no har publisert på heimesida si: To kulturer: Når profesjonsutdanningene møter Universitetet.
Bakgrunnen for seminaret på Nesna var sjølvsagt nedlegginga av høgskolen der og desimeringa av denne institusjonen. Der er det ikkje bibliotekutdanning (det var rett nok eit grunnfag i samlingsutvikling nokre år på 1990-talet, i samarbeid med NB Rana), men mykje av det han skriv bør ha generell interesse. Til dømes diskusjonen, eller påstanden hans, at profesjonsfaga kjem i fare når høgskolar blir slått saman med universitet. Kjelsberg skriv: «Vi hører i Trøndelag at lokale næringsforeninger og aktører savner Høgskolen i Sør-Trøndelag. NTNU er ikke lokalt til stede på samme måte som høgskolen var – hodet er et annet sted. Kanskje i skyene, der det drømmer om neste nobelpris?»
No kan ikkje leiinga og forskarane ved bibliotekutdanninga ved OsloMet drøyme om slike prisar, men nuiallafall (er i svensk modus, etter å ha vore hos bibliotekprofessor Joacim Hansson ved universitetet i Växjö og prata om bibliotekarrolla).
Regjeringa har sleppt digitaliseringsstrategien sin i dag. Denne vil det bli debatt om. Ikkje minst om forslaget om at kvar og ein av oss skal få ein virtuell assistent, «et filter som viser relevant og individuelt tilpasset informasjon når innbyggeren er logget på offentlige nettsider.» Eit filter som sjølvsagt aldri i verda kan bli hacka og som ingen styresmakter nokon gong kan finne på å misbruke.
Det måtte jo kome. For ifølgje Evgeny Morozov i eit (viktig!) intervju i Klassekampen i mars (for abonnentar) ligg Europa ti år etter USA og Kina på kunstig intelligens. Og i Kina er det verkeleg mykje å hente, jamfør deira fantasiske og brukarvenlege sosiale poengsystem.
Bibliotek er nemnt i strategien (den norske), men berre den digitale innsatsen til Nasjonalbiblioteket. Så kva med dei verkelege, fagutdanna kunnskapsassistentane ute i kommunane, også kalla bibliotekarar? Som har lært seg faget å lytte. Og som kan kome til å formidle alternativt materiale og idear til det som offentlege og/eller kommersielle algoritmar kan prestere?
Vi har ei kjensle av at vi plutseleg vil kome attende til dette.
«… jo tættere biblioteket, bibliotekaren og bibliotekstilbuddene er på eleverne, jo større er sandsynligheden for, at de opnår større akademisk succes, at de får fremmet indlæring, karaktergennemsnit, informationssøgningskompetencer, studiekompetencer og gennemførelse af studiet. Den nære relation mellem elev og bibliotekar fremhæves som eksempel på, hvordan bibliotekaren kan blive en ekstra ‘voksen’ til at støtte eleven i sin uddannelsesrejse.»
Vi er ikkje mange som bloggar om bibliotekpolitikk for tida, men her vil vi pushe ein verkeleg veteran: Karl Kalseth i Kunnskapsgartnerne. Han driv ikkje berre med arkiv, fagbibliotek og «fremtidsrettet informasjons- og dokumentforvaltning», men nyleg også med folkebiblioteket og det vi her på bloggen har kalla X-utlån.
«Nå er kravene til effektivitet, relevans og etterrettelighet store for alle virksomheter, også for kommunale virksomheter, også for bibliotek. Da er risikoen overhengende stor for å få i fleisen at …
Det er tida for reprisar og årskavalkadar. Nettstaden Vox Publica oppsummerer 2018 når det gjeld «Offentlighet, tillit og opprør», lenkar til eit utval artiklar frå året som gjekk og spør seg: «Fungerer offentligheten? Hvordan står det til med tilliten til mediene?» Svara er ikkje berre oppløftande.
Ein institusjon som har stor tillit er biblioteket. Det ser ut til at dataspel, folkeverkstader (makerspace) og x-utlån (av verktøy, sportsutstyr osv.) er viktig for å få nye generasjonar til å bli trufaste bibliotekbrukarar, men biblioteka må ikkje gløyme å styrke og ny-tenke rolla si som kunnskapsformidlar og vernar mot falske nyhende og forsking.
Målet for framtida må vere at slike som Vox Publica også må ta med biblioteket når dei skal vurdere den norske offentlegheita.
De franske bøkene skiller seg ut i Stockholms stadsbibliotek. Kultwatch sin undersøkelse handler om en annen slags hvithet
Bibliotek i samhälle (bis) lenker oss i dag opp til publikasjonen «Biblioteken, representation och vithetsnormen» som handler om «Hur kan det mätas hur maktstrukturerna ser ut i en verksamhet? Ett nästan övertydligt enkelt sätt är att titta på vilka som finns representerade bland de anställda. Det finns förstås många andra möjligheter också. Det går att titta på språkbruk, urval av böcker och vilka normer som finns i den interna kulturen.»
De som står bak er Kultwatch, «sajten för kulturverk, kulturanalys och debatt med en feministisk, klassmedveten och avkoloniserad blick.»