Dette er ein undertittel i Vårt Land laurdag og gjev uttrykk for forfattar og bibliotekar Lars Petter Sveen si tolking av den nye nasjonale bibliotekstrategien. Han konkluderer slik:
« … der bokhandlarane kan gi plass til bestseljarar og pocketbøker, er det oppgåva til biblioteka å få oss til å ville lese alle bøkene vi har på vårt norske språk, gamle som nye, stygge som pene. Dette er grunnsteinen i biblioteket, og grunnen til kvifor biblioteket er sentralt i vårt demokratiske samfunn. Store ord, men biblioteka vart til for at allmugen skulle få tilgang til det skrivne ord.
Eit godt bibliotek har ikkje ei stor støvete samling. Eit godt bibliotek har ei stor samling som stadig er lånt ut. Derfor jublar vi for den nye nasjonale bibliotekstrategien.»
Leave a Reply