«Holdes unna bibliotekene»?

Viktigare kjendis på bibliotket? A. Strindberg på Gtbrgs stadsbibliotek

Hovudsaka i Klassekampen i går: «Holdes unna bibliotekene». Forklart med at «Stadig flere kjendiser skriver skjønnlitteratur, men bøkene blir ikke meldt opp til innkjøpsordningen».

Og så? Journalisten spør barnebokkritikar Guri Fjeldberg: «Flere av disse bøkene selger jo ganske godt. Er det egentlig så viktig at de havner hos bibliotekene?»

«– Ja, for når de ikke havner der, blir det et demokratisk problem. Det er mange barn som ikke får bøker hjemme, og da er det synd at de ikke får tilgang til disse populære bøkene».

Der kom det altså igjen: Ikkje innkjøpt av Kulturrådet = ikkje å få på biblioteket. Rett nok ei tilføying denne gongen: «Men man kan jo håpe at bibliotekene kjøper inn et par eksemplarer for egne midler».

Venstresidas dagsavis skriv mest om biblioteka blant riksavisene, men dei set heile tida ut liknande påstandar, den eine meir kunnskapslaus og/eller tabloid enn den andre.

Avisa nemner denne gongen fem kjendisar / forfattarar med bøker på marknaden i år. Vi sjekka i Biblioteksøk kor mange bibliotek som har kjøpt inn over eige budsjett:

Landet har 356 kommunar og like mange bibliotek. Vi har vi ikkje sjekka kor lenge den enkelte boka har vore i handelen; nokre er kanskje heilt ferske?:

Klart best er Linn Skåber: «Til de voksne». Boka finst i 374 eksemplar i 245 bibliotek per 5.11. Det må ho kunne leve med.

Sandra Lyng har ein heil serie barnebøker i år. Vi såg på éi av dei: «God natt, Corny», som finst i 125 bibliotek. Orkar ikkje telje eksemplar.

Sondre Lerche: «Snømannens jul» finst i 69 bibliotek.

Anniken Englund Jørgensen: «Og så kom regnet»: 99.

Kristoffer Cezinando: «Bokstavene»: 44.

Det er ingen veldig stor grunn til uro. Og vi veit at bøkene som kjem «på Fondet» fører til redusert sal til biblioteka. Til dømes: Dei aller fleste som har boka til Skåber har berre eitt eksemplar.

Underteikna har ikkje lese nokre av dei, og kjem nok ikkje til å gjere det, men er manglande statsautorisert innkjøp «et demokratisk problem»?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: