
Denne bibliotekaksjonen var før eit lokalval i Lambeth i London
Det britiske forlagshuset Penguin publiserer også nyheiter og feature-artiklar på heimesida si. Nyleg intervjua dei Labour sin statsministerkandidat Jeremy Corbyn i samband med valet 12. desember, likevel ikkje om Brexit, men om framtida til folkebiblioteka i landet.
Corbyn er ihuga bok-elskar, får vi vite, og han er klår på at biblioteket ikkje lenger skal definerast som ei «ikkje-essensiell» teneste, slik det har vore under toryane i snart ti år. Han ser på dette som eit klassespørsmål: «Dei har stengt hundrevis av bibliotek fordi dei ikkje ser eller vil sjå livlina som dei gratis biblioteka representerer for alle, uavhengig av privatøkonomi».
Labour har lova ei pakke på 1 milliard pund til eit løft innan kunst og kultur, men dei har enno ikkje spesifisert kor mykje som faktisk vil gå til å redde biblioteka. Dei konservative kutta i velferden har gått ut over mange felt. Intervjuaren listar opp fleire «sexy» felt som biblioteket må konkurrere med om Labour vinn valet: «Sjukehussenger, ventetider, pensjonsrettferd for kvinner, patruljerande politifolk, klimaendringar og jamvel søppelhenting.»
Bibliotek-kutta har fått ein viss merksemd dei siste åra, og det er sjeldan såpass mykje blir sagt om bibliotek før eit parlamentsval. Også Boris Johnson og dei konservative …
snakkar no om naudsynt «reinvestering i offentlege tenester» og om å «støtte lokale bibliotek og regionale musé».
Dei som har følgt med på denne bloggen veit ein god del om den nasjonale bibliotek-slakten som høgreregjeringa i UK starta alt i 2010. I artikkelen på Penguin heiter det at 478 bibliotek no er nedlagde i England, Wales og Skottland i denne perioden, og i tillegg har talet på filialar drivne av frivillige auka frå 10 til over 500. Dette heng saman med at overføringane til kommunane blei reduserte med 60 prosent.