Folkebibliotek i dobbel skvis

Skjermbilde 2019-12-17 13.00.25.pngI motsetning til her i landet har svenske folkebibliotek fått ein bibliotekmilliard frå staten, i alle fall trekvart. Og mens norske statstilskott for det meste er prosjektstøtte, kan dei svenske gå til drift.

Men samtidig har vi det siste året sett korleis dei svenske biblioteka blir pressa sterkt frå to kantar, både økonomisk og kulturpolitisk. Til dømes skreiv vi i sommar om korleis det nyliberalistiske fleirtalet i Stockholm kuttar drastisk i kultur- og særleg i bibliotektilbodet. I tillegg er hovudbiblioteket deira snart hundre år gammalt og upraktisk, mens planar som har vore om nybygg er lagde på is. I haust har i tillegg eit liknade fleirtal i Göteborg foreslått å leggje ned seks filialar (no på morgonen kan vi lese at dette blei utsett etter møte i bystyret i går). Slike kutt handlar jo om å kome dei som klagar på det himmelhøge skattetrykket til møtes.

Så har vi dei nye «kulturideologane» i det høgrepopulistiske Sverigedemokraterna (SD), partiet med røter i nazismen, men som no har blitt landets største på meiningsmålingane. I Aftenposten torsdag 12. desember var det ei større sak frå Sölvesborg, landkommunen i Skåne der SD har makta, og som dei har gjort til laboratorium for sitt eige nye «folkhem». Det er her biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si blant anna fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk.

I Aftenposten peiker professor Jonas Hinnfors ved Göteborgs universitet på …den listige to-delte strategien til SD: Han påpeiker at «innvandringspolitikk, som er Sverigedemokraternas viktigste kampsak, først og fremst blir bestemt av rikspolitikerne. Kommunepolitikerne har innflytelse på andre ting, som for eksempel bibliotekpolitikk, kunstkjøp, støtte til utsatte grupper og så videre. … Det er der Sölvesborg kommer i fokus. Man får se en annen del av den ideologiske paletten. Derfor kan man si at de spørsmålene som nå drives frem i byen, kan være en indikator på hva Sverigedemokraterna vil gjøre hvis de får beslutningsmakt i Riksdagen.»

Sjå også eit godt lesarinnlegg i dag i avisa ETC. Bibliotekaren Martin Ackerfors skriv blant anna: «SD:s vision om hur biblioteken ska fungera i framtiden är visserligen både destruktiv och rasistisk men den är åtminstone tydlig. Här finns inga hemligheter, inga dolda agendor, det är antiintegration som gäller. De gör det de säger att de ska göra och sannolikt är det bara första stegen mot en omdaning av biblioteken som vi känner dem. De politiska motståndarna lämnar walk over, för kulturpolitik står inte särskilt högt i kurs».

Trur vi dette aldri kan kome i Noreg?

One Trackback to “Folkebibliotek i dobbel skvis”

Leave a Reply