Raudt lys for grøne bøker (det er fredag)

Danmarks Radio kjem no med ei åtvaring om at biblioteket ved Syddansk Universitet “potentielt kan dræbe 50-60 personer”. Det handlar om at dei har tre gamle bøker med grønt omslag og som inneheld grunnstoffet arsen, så potensialet er faktisk 150-180 personar. Ein føresetnad er at personane et omslaga. Blading skal vere mindre risikabelt.

Vi las nyleg at under rydding og flytting frå Hammersborg fann Deichman bøker i utlånssamlinga med så høg verdi som 100 000 kroner. Kan vi få fleire overraskingar?

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: