Noko for Tarjei V.

Skjermbilde 2019-02-01 19.24.07Ei nettavis frå Pittburg skriv om eit russisk bibliotek av is ved breidda av Bajkalsjøen.

Om ikkje våren kjem brått, noko vi ikkje heilt trur på no, så får vi oss billett på den transsibirske for å risse inn heile Tarjei Vesaas sin roman Isslottet på bibliotekveggane. Det er slikt ein gjer i eit isbibliotek, før det utpå våren renn ut i sjøen og endar opp i Nordishavet. Kven blir med?

PS 1: Så ser vi at jaggu ligg ikkje … heile Per Blom si filmatisering av boka på Youtube! Og 690 892 har sett han! That made my day! Sjølv om vi likte den polske filmversjonen av Fuglane betre. Noko gubben sjølv også gjorde (rett nok fekk han aldri sjå Isslottet frå 1987, om dei ikkje har filmklubb hinsides?).

PS 2: Riksteatret skal på turné med Fuglane denne våren! Med 45 syningar i nesten like mange bygder og byar. Noko biblioteka burde kunne supplere med foredrag, lesesirklar osv.?

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: