
Foto: Liv Aarberg / Venstre. CC-BY-SA-2.0 Wikipedia.
Den nye borgarlege regjeringa er på plass. Forskerforum intervjuar Abid Raja, den nye kultur- og dermed bibliotekministeren, som overtar etter Trine Skei Grande. Og vi får vite at “en del av kulturlivet kjenner han godt, for biblioteket var en viktig del av oppveksten”.
Dette er jo nokre år sidan, men slett ikkje bortkasta. Men kan han løfte bibliotekpolitikken over det tradisjonelle nivået frå alle norske regjeringar vi kan hugse, og som ser omlag slik ut: ” Biblioteket er såpass populært at vi ikkje kan kutte så det synast”?
Her på bloggen har vi sitert Raja éin gong tidligare, nemleg for to år sidan. Og då kom han med ei viktig avklaring;Først hadde vi 14. januar lese “Jeløy-erklæringa” og reagerte sterkt på at regjeringa gjekk inn for «nye modeller for drift av bibliotek». Noko vi, i lys av den aktuelle privatiseringa i t.d. UK og Sverige, tillot oss å tolke i den retninga.
Heile tre veker seinare, etter at også Bibliotekarforbundet og fleire hadde uroa seg over dette, var det meinig Raja og ikkje minister Skei Grande som gjekk ut og forsikra “at den nye regjeringa ikke mente finansielle modeller da de i «Jeløy-erklæringa» gikk inn for «nye modeller for drift av bibliotek»”. Dei meinte sånt som «prosjektene på Tøyen og Furuset».
Så der får vi håpe Raja også har forplikta seg til dette i perioden som kjem.
Leave a Reply