Kulturfonna går?

Fonna som gjekk i Lom her om dagen. Tvitra av biblioteksjef Rita, ein av landets beste litteraturformidlarar

I Klassekampen i dag er overskrifta til hovudsaka på kultur: «Skal bremse bokskred». For intervjuobjekt Anne Oterholm, leiar av fagleg utval for litteratur i Kulturrådet, er Kulturrådets økonomi det store problemet: «Det finnes ingen maksgrense for hvor mange bøker som kjøpes inn årlig, og dermed kan utgiftene bli høye når antallet påmeldte bøker stiger, slik som har vært tilfelle de siste årene. I september i fjor meldte Klassekampen at Kulturrådet «drukner i påmeldinger». Mens det i 2016 var 274 påmeldte bøker, kom det 346 påmeldinger i 2019».

Kulturrådet innfører no fire endringar som dei håper vil hjelpe.

Men fleire får problem. For dei fleste lesarane av denne bloggen er det ikkje noko nytt at auken i nye bøker frå «Fondet» ikkje er heilt problemfri for biblioteka heller. Bibliotekarar eg snakkar med er ofte i tvil om …

kvaliteten på mange av bøkene og viser til den nye kategori 2 som gjeld «mindre forlag»: «Kategori 2 er en forhåndsvurdering som tidligere kostet 10.000 kroner. Da dette gebyret ble fjernet i starten av 2019, opplevde Kulturrådet en stor økning i antall påmeldinger.» (sitat frå Klassekampen i dag). Desse bøkene går automatisk til biblioteka, saman med kategori 1-bøkene frå dei etablerte forlaga.

I samtalar om slikt har dei same bibliotekarane ein tendens til å hinte om problem også med sakprosaen frå Kulturfondet. Kvifor tar det så lang tid å få desse bøkene ut til biblioteka? Rekorden skal vere at boka kom til biblioteket ni månader etter at ho kom ut. Med andre ord sju-åtte månader etter at biblioteket likevel måtte kjøpe boka.

3 kommentarer to “Kulturfonna går?”

  1. Er ikkje berre sakprosaen som er sein, men enkelte og populære prosabøker òg kan vere veldig sein, slik at ein lyt kjøpe dei sjølv. Mens ein god del andre bøker som aldri blir etterspurd kjem det plenti av og som vi lyt oppbevare i 5 år. I små bibliotek blir det ofte kun plass til opptil 5 år gamle kulturfondbøker, og andre bøker som kan vere meir aktuelle for lånarane må vike. Og kva med dei oversatte? Det blir gitt ut masse gode bøker utanlands, men er det dei vi får? Er frista å kalle heile kulturfondordninga ein tvangsforing av bøker til biblioteka. Mykje bedre at staten hadde støtta oss med penger der vi kunne kjøpe dei bøkene vi treng sjøl (jadå, veit at ikkje kulturfondbokordninga er til for biblioteka)

  2. Det kunne kanskje være en tanke å se på 5-årsregelen, sett opp mot evt. ny Bokhylla-avtale og god tilgjengeligheten i Rana på den lange halen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: