Garantert Coronafrie bibliotektilbod

>> Sist oppdatert 12.3. kl 15.00. + Sjå også.

No stengjer stadig fleire bibliotek, men på bibliotekheimesider og på plakatar må folk sjølvsagt få informasjon om det som trass alt finst av opne digitale tilbod, som e-bøker i tekst og lyd gjennom Bookbites (eBokBib går over i soga 1. april).

Men no er vel tida inne for at Kulturdepartementet, Nasjonalbiblioteket og Forleggerforeningen kjem saman og forbetrar e-boktilgangen for utlån i folkebiblioteka, anten permanent eller mellombels. Det same gjeld NB og Kopinor, som no bør kome i mål med forhandlingane som lenge skal ha vore i gang om å rullere Bokhylla-avtalen frå noverande tidsramme, til og med år 2000, til nærmare dags dato.

Bergen offentlige bibliotek har elles ei god oversikt over mengda av frie e-bøker. Corona opnar også for at fleire bør oppdage Filmbib.no. Dei mange som besøker biblioteka for å bruke Pressreader må kunne få hjelp til å bruke det andre stader. Og hugs at på Nasjonalbiblioteket har dei også ei mengd interessante podcastar, som du finn under Arrangement.

På mange bibliotekheimesider er det godt synlege, men døde lenker, som til dømes til Bærum bibliotek sin no nedlagde Nettguide. Og til sånt som dette om Pressreader: «Her finn du ei enkel brukarrettleiing på fleire språk». Kort sagt: Bruk denne publikumsfrie perioden til å gjennomgå og forbetre heimesidene grundig.

PS 1: Ei side som denne ved Københavns biblioteker burde vere eit mål også for norske folkebibliotek i desse tidene. Ei naturleg oppgåve for Nasjonalbiblioteket, men med opning for lokale tilpassingar.

PS 2: Den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA har ei side om Pandemic Preparedness, naturleg nok med vekt på innanriks ressursar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: