Amerikansk angst

Frå filmen The Front. Rett nok ikkje med Allen som regissør

Sensur i dagens USA er ikkje «berre» vulgære Trump-tiltak som å kaldkvele sin eigen nasjonale klimakompetanse (men der bibliotekarar snøggt kom med mottiltak). No ser vi også døme på sensur som resultat av angsten for å krenke, noko som i USA kan medføre saksøking i stor stil og sosial og økonomisk ruin. Klassekampen (på papir og abonnement) skriv i dag om tilbaketrekkinga av biografien om filmregissøren Woody Allen. Boka var klar for utgjeving, men ein protest frå ei gruppe tilsette stoppa heile prosessen.

Allen har hatt skuldingar mot seg om seksuelle overgrep sidan lenge før metoo, men har ikkje blitt dømd.

Klassekampen intervjuar Reidar Mide Solberg i Gyldendal. Han seier at «Hvis man skal la seg presse av trender i tida, politisk opinion eller sine egne ansatte, vil et forlag raskt bli drevet fra skanse til skanse. … Woody Allen er ikke dømt, og jeg synes ikke at et forlag skal sette seg over loven, sier Solberg og viser til at bøker er ytringer som skal vernes av ytringsfriheten». 

Avisa siterer også Stephen King. Han er uroa over «hvem som får munnkurv neste gang». Og i PEN International er dei opptekne av at «readers will be denied the opportunity to read it and render their own judgements».

Leave a Reply