Når informasjonen er «trygg og god»

IMG_7437

Berre 1 av 17 nettaviser bruker slike plakatar

   >> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Aldri har folk tileigna seg så mykje informasjon om eit emne som no. Koronakrisa dominerer alle kanalar og medieformer. Ved første augekast ser det ikkje ut til at kvaliteten er så galen heller. Det meste graviterer lojalt rundt regjeringa, med nokre avstikkarar til FHI, men norske aviser og medium har stort sett slutta å bruke konspirasjonsteoriar og falske nyheiter til klikkoptimering. Til dét er saka for alvorleg (unntaka er sånne som dette).

Så når informasjonsmengden er så lett tilgjengeleg og så homogen, så trengst vel ikkje lenger biblioteket med silinga si av kvalitet og aktualitet? Eller?

I går fann vi ein artikkel om flokkimmunitet som verka interessant, og på ein nettstad vi kjenner godt og som vel er så seriøs som nokon. Også i denne artikkelen vedgår sjølvsagt ekspertane at mykje er uvisst; søk i teksten på «tror» og «trolig» gjev seks treff. Men så spurde vi om artiklar som denne vil bli oppdaterte når det kjem ny kunnskap, … … men svaret var nei.

Er det så farleg?

Denne artikkelen kom nest øverst på trefflista då vi søkte på «flokkimmunitet» på Google Nyheter 9. april kl 18.20.

Vi såg nærmare på dei par-tre første sidene med treff og fann artiklar frå 17 ulike medium:

ABC nyheter, Aftenbladet, Aftenposten, Avisa Nordland, Bergens Tidende, Dagbladet, Dagsavisen, Forskning.no, iTromse, Klassekampen, Nationen, Nettavisen, NRK, Teknisk ukeblad, Tidsskrift for den norske Legeforening, TV 2 og VG.

Men berre éin av desse hadde ei åtvaring som denne (klikk på biletet og sjå kva for ei avis):

Skjermbilde 2020-04-09 18.30.07

Googling er metoden for dei fleste som krev meir enn den daglege dosen med nyheiter.  Og no for tida er dette mange. Og no er vel dette ekstra trygt, for Google og dei ulike sosiale medium skal jo under pandemien ha kopla på ekstra filter mot konspirasjonsteoriar og falske fakta?

Men det er ein hake ved dette: Google kan ikkje presentere andre treff enn dei media produserer. Og då er altså risikoen stor for å få forelda og ugyldig informasjon.

Okei, resultatet burde vel vore annleis om vi fjerna avgrensinga til «Nyheter». Men også då kjem den nemnde artikkelen som nummer fem på lista, etter Legeforeninga, FHI, Wikipedia og Store norske leksikon (og då har vi i innstilt Google sånn at han ikkje tar omsyn til søkjehistorikken vår).

Vi kunne prøvd Google Scholar og Oria.no osv. osv. Men det gjer ikkje folk, knapt nok studentar på mellomhøgt nivå.

Men kva gjer folkebiblioteka og kva kunne dei gjere på heimesidene sine?

 

 

Skjermbilde 2020-04-10 18.50.33

Klikk og kikk

I USA er det vanleg at folkebiblioteka har solid generell informasjon om pandemien og gode rutinar – på fleire språk. Som her hos biblioteket i San Francisco (sjå og klikk skjermdumpen). Dette er ekstra viktig der tilliten til biblioteket er mykje høgare enn tilliten til både styresmakene og media.

 

Horten bibliotek fann vi tilløp til sånt. Det finst sikkert fleire.

Skjermbilde 2020-04-10 19.08.28

Klikk og kikk

 

 

Noko som hadde vore naturleg på alle norske bibliotek-heimesider var lenker til Helsebiblioteket.no. Dei har no ei fyldig samling lenker på Korona-sida si. Sjå her til høgre >>>

– – –

Men noko manglar. Snart kjem den neste krisa. Den økonomiske; den truleg langvarige krisa for Velferds-Noreg. Berre unntaksvis har norske media dekning av denne, anna enn regjeringa sine støttetiltak til bransjar og permitterte. Haldninga til no har vel vore at folk må sparast for denne. Eller at folk helst berre bør dilte med. Men i løpet av påska skal underteikna her på bloggen forsøke å lage ei lenkeliste om dette, som eventuelt kan vidareutviklast kollektivt. Med andre ord ein Biblioteket-tar-saka-nettstad.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: